Eit merkeleg namn på ein nasjonalpark, det betyr eigentleg «Nasjonalparken den gamles hjørne/hyggeleg krok»…… og det er vulkanen «Rincón de la Vieja» som altså gir namn til parken. Costa Rica har mange vulkanar, meir eller mindre aktive, og denne vulkanen var aktiv sist gang i 1998.
Når eg er ute og reiser åleine, så må eg av og til klare meg på eiga hand. Mitt tidlegare reiseselskap hadde andre planar for helga, og eg tenkte at – når eg no er pr. definisjon frisk att, så måtte eg på tur igjen i dette vakre landet. Så eg gjorde avtale for laurdagen med «Offi» – transport + guiding i parken – frå kl. 7 til 16. Bra å kunne støtte opp om det lokale næringslivet her, guidane har hatt magre tider no det er vinter.
Offi er sjølvlært dyrekjennar, dette er hans favorittpark, og han veit kva han skal sjå etter. Men denne dagen var det masse folk i parken, – reine folkevandringa, som han sa, og mange som skravla høgt, så dyra tok «beina fatt»….… og det var lite å sjå av dei, diverre. Men mange flotte synsinntrykk sit eg att med. Dei mange spora etter vulkansk aktivitet gjorde det til ei heilt spesiell vandring. Eg har alltid vore fascinert av vulkanar, og dette «urgamle» gjorde det veldig spennande å gå her. I tillegg blir eg så begeistra over alle dei fantastiske trea i desse tropiske fuktige (nesten regn-) skogane. Nokre er heilt enorme, såkalla «matapalos» – og er tre som «drep» vertstreet ved å vekse ovanfrå og nedover.
Eg åt lunsj på eit koseleg hotell – på veg til siste etappe av turen: Rio negro. Her hadde dei laga til ulike basseng i elva, med ulike temperaturar, der vatnet var varma opp av vulkansk varme, og der ein kan bade og smørje seg inn med «Spa»-leire, og riktig nyte ei avslappande og velgjerande økt i elva. Det var berre prikken over i`en!
Fantastisk artig!


















Heia! ja dette ser vakkert ut. Heilt sikkert ei stor oppleving, men har du nok myggolje til alle desse utfluktene?? Rett nok har du no lita kroppsoverflate, men eg forventar at du smør tjukt på 🙂 :)Takk for kort i papirformat som kom i dag. Koseleg med noko i postkassa! Ha superfine dagar som skuleelev ! Klem
Takk Joril 🙂 Ja, har kjøpt nye myggsaker, tek fort slutt. Prøver òg å ikkje bli hysterisk….hehe 🙂 Kjekt at kortet har kome fram, er overraska over at det ikkje har teke lenger tid. Takk for det, eg nyt å vere elev 🙂 Helse alle! Klem.