Jul – og juleførebuingar i slippers og 30 grader :)

Her er det ikkje ekte gran :)

Her er det ikkje ekte gran 🙂

Også her i Costa Rica startar juleførebuingane tidleg i november. Heime har vel dette vore eit «akk og ve» – kor tidleg skal dei no begynne å pynte i butikkane……..?

Eg for min del – likar godt å pynte tidleg til jul heime! Det er før jul det er stas med eit julepynta hus, synst eg.  Kose seg med lys og forventning til jula, at ungane kjem heim, rolege dagar. Når jobben startar igjen i januar, for mitt vedkommande, så er det definitivt slutt på jula, og eg kan ikkje få rydda den vekk fort nok 🙂 Då er kvardagen i gang att!

Ja, vi er forskjellige……….. P1030495

Når eg går her og ruslar i gatene i Liberia, så minner denne byen meg litt om Førde, faktisk, i den forstand at det er stort sett handel som føregår, og som er å finne på……. Og her er allereie butikkvindauga fulle av meir eller mindre «jalla» julepynt, og det verkar rart – her eg går og sveittar i slippers i 30 graders varme, og sjå reinsdyr og julenissar også her 🙂

P1030496

P1030501

Alt slags...... i skjønn forening....

Alt slags…… i skjønn forening….

2 kommentarar på “Jul – og juleførebuingar i slippers og 30 grader :)

  1. Så det er likt seg verda over altså? Sjølv har eg begynt på juleførebuingar,- og har mellom anna alt kjøpt juletre. Og dermed er det vel avslørt kva slags eg skal ha 🙂 Det vert vel noko costariacansk julepynt på deg i år? Smakte på sauehaua lørdag, og det var ein suksess. Hadde førstegongssmakakarar med oss, og dei kom vel ifrå det. I morgon er det jobb igjen etter 11 veker med andre aktivitetar,- vert nok rart.
    Håpar du trivast, pass på myggoljen, og ha det riktig godt 🙂

    • Hehe 🙂 Velkommen etter når det gjeld juletre. Det går heilt fint, ein venjer seg fort til det 🙂 Nei, eg skal i alle fall ikkje kjøpe med meg heim juleynt, det er det sikraste av alt, hehe. Ja, skjønar godt at sauehauefesten vart suksess, blir nok tradisjon at dei tek turen sørover, tenkjer eg. Lukke til på jobb i morgon, det er rett før du står opp – ser eg av tida. Her er det rett før eg går og legg meg 🙂 I alle fall – lukke til, og ja – eg passar på myggsprayen/kremen…. eg har ulike variantar, ser du….. Stot klem 🙂

Legg att svar til Turid Anita Viken Avbryt svar