Eg gleda meg verkeleg til å reise ein tur til nabolandet Nicaragua. Har vore litt nysgjerrig på korleis det var der. Bestilte ein tur med eit reiseselskap, som reiser dit kvar dag. Passa meg verkeleg perfekt – berre å vere med på eit ordna opplegg, og sleppe å anstrenge meg! Eg hadde valt å vere natta over i Granada, slik at eg kunne sjå litt meir av byen på eiga hand, og bli plukka opp av same selskapet neste dag.
Turen starta i 6-tida fredag morgon, med frukost på Toro Negro her i Liberia. Så bar det av garde på «Panamerican Highway» – som går heilt til Alaska. Så var det sirkuset å passere grensa. Godt vi hadde kjentfolk med, for utan dei hadde det vore vanskeleg å orientere seg i denne «ingenmannslandet» mellom Nicaragua og Costa Rica.
Kontrasten var stor umiddelbart etter grensa. Stor fattigdom var tydeleg.
Første stopp på vegen var Volcán Apoyo, som ikkje er aktiv, og der det no er ein innsjø – Laguna de Apoyo, ved byen Santa Catarina. Det var veldig vakkert der. Vidare var vi innom ein enorm marknad – Masaya, som held til inne i ein stor gammal, flott bygning. Veldig spennande å rusle rundt her, og prøve å finne nokre fornuftige gåver å ha med seg heim 🙂
Vidare drog vi inn i Parque Nacional del Volcán Masaya. Ca 2000 moh. Denne vulkanen er aktiv, hadde sitt siste utbrot i 1772, då eit enormt område blei dekka av lava. Det er forbode å vere på toppen meir enn 10 minutt, pga av gassane der, og – kor tid kjem neste utbrot? Området rundt var heilt spesielt, med berre gras som vaks der, og det var utruleg spennande og stå og kikke ned i krateret, og sjå røyken komme opp.
Deretter var det Granada by. Spanjolane tok med seg over namna på spanske byar, og dette er då søsterbyen til Granada i Spania. Her var det lunsj, før eg forlét gruppa og fann mitt hotell – Alhambra, også det eit namn som vi kjenner frå Granada i Spania. Midt på plaza´en i sentrum budde eg, det var perfekt.
Sette meg på plaza´en for å ta meg ein kopp «café con leche» – trudde det skulle vere enkelt. Men nei! Mjølk hadde dei ikkje, heller ikkje fløyte, så eg måtte ta den «negro» – svart kaffi, ½ $ / kr. 3,-, og det var greitt. Men det var omtrent som såpevatn, og teskeia var ei suppeskei. Eit synleg teikn på at her måtte dei klare seg med det dei hadde.
Her var òg tiggarar som følgde etter meg. Men folk verka vennlege.
Dagen etter tok eg hestedrosje rundt i gamledelen av Granada, det var artig. Etterpå gjekk eg opp i tårnet på kyrkja «La Merced», for å nyte utsikta over byen. Synst Granada var ein koseleg by, med smale gater, og hus i kolonistil, bygd rundt ein eigen plaza / hage inne i garden. Også den flotte plaza´en i sentrum var noko spanjolane «tok med seg».

Ein av dei eldste bygningane i byen, som ikkje gjekk med under ein brann, der mange gamle bygningar blei øydelagt.
Avslutninga på turen var ein båttur på Nicaragua-innsjøen. Her er det mange små øyer, og her er det berre rikfolk som bur! Truleg har dei berre fått kjøpe opp desse øyane! Kvalmt! Her ver det eine huset finare enn hitt, og kontrasten var stor då vi kom tilbake og såg husa der vanlege folk budde!
I Nicaragua er det no planar om å bygge ein kanal, lik Panama-kanalen. Planane var der på starten av 1900-talet, men USA sette ein stoppar for dei planane den gangen, fordi dei hadde økonomiske interesser i Panamakanalen. Det kostar mykje for eit skip å passere her, og kinesarane har vunne rettigheitene til å bygge ein ny kanal i Nicaragua, og drive den i 50 år. Miljøvernarane er i harnisk, i flg media, fordi kanalen er planlagt lagt gjennom Nicaraguasjøen, og vil true dyre- og fuglelivet der. Så spørst det om det er pengemakta eller andre som skal få råde. Men tydelegvis, og i flg guiden vår, så skapar dette ny optimisme, og kanskje til auka velferd for folket i Nicaragua?
Eg er glad eg har fått sett ein liten del av Nicaragua – og fått nokre minne med meg derfrå.
























Å det må ha vore ein super tur,- utruleg spennande…. Og føresetnadene for det gode liv er jammen ulikt fordelt kring om. Veldig flotte bilder, og du fortel grådig spennande. Kos deg 🙂
Takk Turid. Ja, det var ein spennande tur, og det var veldig viktig for meg å sjå ein bit av dette landet. Ja, tenk, så tilfeldig det er – kvar vi slumpar til å bli fødde….. I Nicaragua er det vanleg med ungekull på 8-12, dei har truleg ikkje råd til prevensjon. Eg tenkjer på det kvar gong eg møter på ulike folk – at inne i deira haue er det ei heilt anne verd og referanseramme enn det eg har, og det gjer meg audmjuk.
Heia! ja eg eier det igjen – eg syns du er tøff. Så spennande turar du får putta inni dette opplegget ditt! Eg synes det er veldig spennande å høyre om alt, og tenker at dette hadde eg pingla ut på for lengst! Tenk at alt dette får du sjanse til fordi du bestemte deg for spansk. Tilfeldig eller himla god planlegging??Det ser i alle fall utruleg fint med spennande ut med natur og naturfenomen. Det er farleg å romantisere fattigdom, men mest av alt beundrer eg dei som trass alt ser ut som dei lever gode liv oppi det som vi ville oppleve som stor fattigdom og heilt uakseptabelt
Her er vår store utfordring å finne på julegaver som nokon kan trenge…
Du må nyte siste vekene vidare. det ser ut som du no verkeleg har funne deg til rette og med mygg og diverse på avstand skulle vel alt vere vel .
Ha det fint! Stor klem herifra.
Takk for kjekk helsing:) Ja, det er sant, utruleg at mange folk verkar å vere lukkelege med lite, og eg skammar meg i tankane over at vi klagar og syter i vårt land – over at vi ikkje har det godt nok…. Ja, eg skal nyte resten av tida:) Helse alle masse, stor klem.
Kjære Kari ! Du kan ta permisjon resten av skuleåret og skrive reiseskildringar om Costa Rica og omliggande land !! Ta berre kontakt med Selja forlag straks !! Trur neppe at dei har hatt slike titlar før.Du er midt oppe i eit EVENTYR , og du får mykje ut av det !!
Og så ser du så flott og glad ut på alle bileta !! Du må ha det heilt topp !!
Er sikker på at opplevingane står i kø framover, og at du no vil utnytte dei max.
Eg ynskjer deg nokre friske og fine veker, med SOMMAR i lufta, vi fekk det første snøfallet i natt…Ha det godt, klem.
Takk Anny, du er no vel generøs med komplimenta, trur eg let bokskrivinga over til andre, hehe 🙂 Ja, tenk å hatt mulegheit for lang permisjon, kanskje har vi den – meir enn vi trur sjølv? Vi får sjekke litt mulegheitene 🙂 Ja, prøver å få ut av desse vekene så mykje eg kan, men i vekene er det skule, så då må eg vere her i Liberia. Til helga må eg finne på noko att 🙂 Helse alle, stor klem.