Så har eg endeleg fått sett frie krokodiller :)

Krokodiller i elva Tempisque.

Krokodiller i elva Tempisque.

Då har eg altså endeleg fått sett krokodiller  som lever i fridom – i elva Río Tempisque i Parque Nacional Palo Verde, Costa Rica! Det var kjempespennande og ei stor oppleving for meg! Berre 1 meter frå meg, stirra meg inn i auga – kjendest det ut som……. Utrulege dyr, og det dyret som – saman med hai – tek livet av flest menneske…………. (Skrekk og gru!)

Eg har altså vore på tur igjen. Leigde «Offi» som sjåfør og guide også denne gangen, lett å ty til dei ein kjenner. På vegen til Palo Verde, stoppa vi og såg på brøleapar, to familiar som budde på same staden. Artig å sjå dei på så nært hald.

Elvebåt på Tempisque.

Elvebåt på Tempisque.

Vi blei med ein elvebåt på elva Tempisque inne i nasjonalparken, og vi fekk sjå ulike dyr. Mellom anna utruleg flotte og fascinerande iguanar. Fleire digre hannar, som var i paringsmodus og «brusa» seg for hoa. Hannane skiftar farge frå oransje til grå i denne tida, hoa er grøn.

Iguan-hann, i ferd med å bli grå.

Iguan-hann, i ferd med å bli grå.

Han og ho.

Han og ho.

Vidare såg vi diverse fuglar. 300 ulike artar finst det her, vi såg berre nokre, sjølvsagt. M.a. white heron.

White heron.

White heron.

Hadde også stor underhaldning av kvitansiktsapane. Dei var så  sjarmerande, hoppa om bord i båten, og klatra opp på hauet til folk. Dei bevegde seg med stor smidigheit og spenst, og halen brukte dei som sikring, viss dei var redde for å falle i elva – til krokodillene….

Kvitansiktsape.

Kvitansiktsape.

 

P1030856

 

 

 

 

 

 

Uventa lunsj hos gjestfrie costaricensarar.

Uventa lunsj hos gjestfrie costaricensarar.

På vegen tilbake, var vi innom søskenbarnet til «Offi», Roberto, og rause som dei er, costaricensarane, blei vi invitert på lunsj! Roberto eigde ein diger gard, og var begynt med bøffeldrift. Planen var å starte med riding på bøffel, for turistar. Sjølve bøffeldrifta var leda av Carlo. Han var frå Guatemala, hadde jobba med bøffel i over 20 år, og var tilsett på den farmen der Roberto kjøpte kveg i Guatemala. Han blei hyra av Roberto til jobb i Costa Rica – for å bygge opp drifta på denne garden. Kone og to barn var att i Guatemala, og no jobba han med å ordne alle papir, for å kunne få familien sin også hit. Planen var å bygge hus når opplegget med turistane var i gang. No gledde han seg til ein månad fri i samband med jula, til å reise til familien. Han var ein kunnskapsrik og svært positiv person, og svært glad i dyr.

Carlos var godt kjend med bøflane, desse er drektige hoer.

Carlos var godt kjend med bøflane, desse er drektige hoer.

Vi blei med han for å sjå på bøflane, og på vegen fekk vi sjå papegøye – rød macaw (bilete frå google). Den var diger, og flott og fargerik. Hoa låg på egga i reiret, inne i ein trestamme. Ho var den einaste eg klarte å zoome inn, hannen stakk av! Carlos fortalde at han passa på dette paret, for at folk ikkje skulle kunne stele – for å selje – ungane når dei kom ut.

Nok ein fantastisk tur og dag i Costa Rica 🙂

 

Rød macaw-papegøye passar reiret.

Rød macaw-papegøye passar reiret.

http://pixabay.com/no/r%C3%B8d-macaw-papeg%C3%B8ye-tropiske-fugler-58462/

Rød macaw-papegøye

Brøleaper.

Brøleaper.

Brøleaper.

Brøleaper.

Brøleape.

Brøleape.

Store krefter! Opp og ta ein kjøtbit.

Store krefter! Opp og ta ein kjøtbit.

1 meter unna.......

1 meter unna…….

Elva Tempisque.

Elva Tempisque.

P1030907

P1030878

4 kommentarar på “Så har eg endeleg fått sett frie krokodiller :)

  1. Heia. Eg fekk med ein gong lyst å sitere kva vår kjære far ville sagt om han las dette: «Eg trur du e spinj hakkandes gala, no tenkje eg du kan komme deg heimatt::) Ja, eg er ikkje langt frå å vere einig:) . Eg syns dette var rikeleg med nærkontakt med naturen. Krokodille har aldri vore min favoritt som kjæledyr! Ja du kan no ikkje vere redd bjørn på stølen heretter ! 🙂
    Her er alt ved det gamle! Eksotiske fuglar og dyr er ikkje det daglege, så vi enkle sjelene gledar oss over fuglane på fuglebrettet!
    Det er aldeles utruleg kva du får utav helgane og fritida. verkeleg imponert over korleis de tek deg fram. Eg foreslår at du satsar på pensjonisttilværelsen som reiseguide i spansktalende land……det ville eg ha gjort 🙂 🙂 Men for ungdomar som deg er vel det lenge til! Ha det superbra!

    • Haha 🙂 Ja, det var ein god idè, kanskje eg skulle satse på det? Ja, han ville nok sagt noko slikt, han far 🙂 Nærkontak – i ein båt, så følte meg bra trygg….. Bjørn på stølen – er noko anna, hehe 🙂 Der kan ein ikkje stikke av i ein båt med motor….. Eg satsar på fuglane på fuglebrettet – eg og, når eg kjem heim 🙂 Skal bli kjekt. Ha det godt så lenge! Klem.

  2. Sluttar meg til ovanfornemnde kommentar. Krokodiller e kje min favoritt heller, og sorterer ikkje blant dei som hadde fått vinterlosji eller anna husrom her hos meg,, same kor svoltne dei var. I alle fall ikkje då… Så det er best du pitlar deg heim att før du vert krokodillemat… Veit ikkje heilt om eg er 100 % einig med Joril, papegøyer og apekattar har vi no jammen bra med her til lands også, men kor eksotiske dei er, skal vere usagt…. 😛 Syns det med reiseguide var ein glimrande ide,- eg kan tenkje meg å verte guida rundt heile søramerika når eg får tid og pengar,- med avslutning i Mexico. Då har du kanskje vorte så gamal og sliten i knea at eg har sjans å halde følgje…. Du må vere velkomen heim att,- det er pinnekjøt att på butikken. 🙂

Legg att svar til Turid Anita Viken Avbryt svar