Å vere student hos lærar Donald :)

1:1-undervisning med lærar Donald :) 1:1-undervisning med lærar Donald 🙂

 

 

Herleg å vere på skulebenken igjen! Eg elskar det!

Eg har 15 timar i veka, 3 timar kvar dag, med lærar Donald. Det er «aktive» timar, 1:1-undervisning, og det er lite pusterom. Donald er flink, og han varierer undervisinga si, slik at tida går veldig fort. Eg snakkar masse, må førebu tema, og vi trekker uførebudde tema, eller spørsmål eg må svare på, eg ser video – og må forstå innhaldet, eg ser film – og må forstå innhaldet, vi spelar spel, øver vokabular, osv……

Eg blir drilla i bruk av dei ulike verbtidene i munnleg tale, og bruk av konjunktiv i ulike tider. I all hovudsak er det desse grammatiske momenta som har fokus. Det går reint i ball innimellom, merkeleg kor mykje lettare det er når ein kan skrive det i staden for – mens ein rekk å tenkje. Å snakke – då skal det skje fort, og tenkjeevna forsvinn litt i «stressfaktoren» som kjem inn når du skal uttrykke deg – medan læraren ventar på svaret ditt 🙂  Men vi får håpe og tru at uttrykket «øving gjer meister» også gjeld her…..

Stort sett begynner eg kl. 11 om dagane, men mot slutten av denne veka skal eg starte kl. 8. Då sluttar den eleven som har hatt undervisning frå morgonen av, og eg får overta den tida, heldigvis. Når eg er ferdig kl. 11, eller 12, kan eg få mykje anna ut av dagen også, og det likar eg.

Eg har ein spasertur på 20 minutt for å komme til skulen, det passar meg fint! Akkurat som distansen frå Liavegen til Hafstad vgs. Men her slepp eg å skli på isete veg – ned bakken ved Førde hotell, t.d.

Veldig greitt slik…..

4 kommentarar på “Å vere student hos lærar Donald :)

  1. Hei,Kari ! Må berre få kommentere ditt møte med krokodille,og nytte eit ungdoms-uttrykk : Du er berre rå !! Men eg trur at han tenkte:Eg sparar måltidet til det kjem ein feit amerikansk turist, det blir ikkje mykje flesk å slafse i seg med den dama der !!
    Det er berre ufatteleg kva du får med deg! Og så nyt du lunsj hos venner av guiden også . Tenk på kor flott det er for dei å få ei spansktalande norsk dame på besøk !
    No må du nyte livet som student og plukke med deg nye ord og uttrykk for seinare bruk. Eg gledar meg til å lese innlegga dine,og tykkjer at du legg eit stort og flott arbeid i det !! Stå deg godt,take care ! Klem.

    • Hehe, ja – håpar det var det den tenkte, krokodilla 🙂 Det skal eg gjere, eg prøver å lære mest mogeleg, men huff -jammen er det vanskeleg 🙂 Men gøy, òg! Kosar meg!

  2. Skjønar det er litt å halde styr på i spansk også… Men du kan no dra samanlikninga, spansk er andre, tredje, fjerde eller femtespråk for deg, alt etter kva du vel å rekne med. Og så kan du tenkje på ein del av dei som har norsk som FØRSTEspråk, og som til dømes seier «skjole», skjino» og «skjøttkaker», for ikkje å snakke om dei som måtte leie sykkelen fordi dei hadde misst «skjeden» sin 😛 —- og kanskje sjølvkjensla stig litt av det…. Eg lærte mine medskribentar på prosjektet i vår korleis ein bøyer verbet » å skrive» … at det heiter har SKRIVE,- sidan «skreve» er noko heilt anna…. Ja,ja….Språk er vanskeleg. Og vel må ein reagere fortare i munnleg form, men det står der no ikkje for evig og alltid. Eg tenkjer du greier deg bra. Lukke til.

Legg att svar til kariviken Avbryt svar