Farvel til Liberia og Costa Rica…..

Her i det rosa huset har eg budd, (vindauget oppe t.h.), med adr: 75 meter nord for hotel La Riviera :)

Her i det rosa huset har eg budd, (vindauget oppe t.h.), med adr: 75 meter nord for hotel La Riviera 🙂

No står heimreisa for tur! Tida her – 9 veker – har gått fort. Samtidig kjennest det som evigheiter sidan eg kom! Rart at eg no skal heim att!

Her i Costa Rica seier dei berre «Buenas» i staden for «Buenos días» eller «Buenas tardes/noches» (God dag/ettermiddag/kveld). Kanskje er det eit uttrykk for deira avslappa «Pura vida»-haldning? Ikkje veit eg!

Eg har opplevd mykje. Diverre vann eg i uhell-lotteriet og fekk denguefeber, og det er som eit lite «svart hol» i tida her. Ei veke med feber og to veker til å komme meg på…… Tenk at det tok så lang tid før energien og matlysta var tilbake! Men elles har eg hatt det veldig bra!

Byen som eg såg på som ei litt sjokkarta oppleving å komme til, skal eg no reise frå. Litt vemodig, for eg har blitt litt glad i denne byen, og folka her.

Liberia

Liberia

Eg kjem til å sakne dei mange som smiler og helsar på gata, – noko som er høgst uvanleg heime!!!!! Og å sjå alle dei gode klemmane som eg ser dei gir kvarandre, gode vener, når dei møtest. Og måten gutane – både unge og eldre, helser på kvarandre: «Give me five» + fingerknokane mot kvarandre, eller berre fingerknokane! Og alle «Con mucho gusto» – som folk svarar, når du takkar for noko = «med stor glede/fornøyelse (for å bruke eit godt nynorskord….)

Eg kjem til å sakne fuglekvitteret i parken frå kl. 17 til 18. Eit øyredøyvande leven av store mengder svarte fuglar, som samlar seg her ved solnedgang, i trea og på tak og straumleidningar.

Eg kjem òg til å sakne å «berre» vere skuleelev, og kunne rusle til skulen i bedageleg tempo (har øvd meg på å gå seint…Hehe 🙂 ) – i sol og varme. Eit privilegium!

Liberia

Liberia

Og eg kjem til å sakne den fløyelsmjuke varmen om kveldane. Kanskje blir det også rart å ikkje vakne til sollyset og hanegal i 5-tida når eg kjem heim til Norge i desember månad…..

Og – så har eg nesten begynt å synast at denne byen er no i alle fall litt fin…. 🙂

Har til og med vent meg til å dusje og vaske håret i kaldt vatn. Dei aller fleste husstandane her i Costa Rica har ikkje innlagt varmt vatn, og i denne varmen er det fort gjort å venje seg til det. Også har dei berre halvautomatiske vaskemaskiner, med vask i kaldt vatn, men merkeleg nok ser det no ut som det blir  reint…. (Skjønar ikkje kvifor dei ikkje

Liberia

Liberia

satsar på solceller her, men det er vel for dyrt, kanskje.)

Eg kjem ikkje til å sakne dei holete fortaua! Her er ikkje eitt einaste fortau der du kan rusle i eigne tankar – utan å sjå deg føre. Då ligg du der før du får sukk for deg!

Måtte eg komme tilbake til dette vakre landet ein gong! Her er så grønt, og så masse plass! Nesten som i Norge, her bur berre rundt 4 millionar menneske.

Ned her, 25 m nord for hotel La Riviera.....

Ned her, 25 m nord for hotel La Riviera…..

Eg har hatt så mange flotte opplevingar her og flotte turar, men ingen stad kan matche Río Celeste! Den staden kjem eg aldri til å gløyme, berre så vakker! Har prøvd å dele mine opplevingar med alle dokke heime så godt som muleg. Ein del har respondert, og det har betydd mykje for meg!

No er det jobb som ventar, og 5 prøvebunkar….., men også førjulstid. Julebaksten trur eg at vi «kjøper sjølv» – også i år. Der er så mange heimebedrifter som treng også vår støtte, og den skal dei få 🙂

Men først og fremst så skal det jammen bli utruleg godt å komme heim att til mi kjære familie 🙂

Takk for laget – og for turen 🙂

Holete fortau...... :)

Holete fortau…… 🙂

Holete fotau....

Holete fotau….

2 kommentarar på “Farvel til Liberia og Costa Rica…..

  1. Kjære Kari ! Takk for at du deler dine vedmodige tankar om å forlate eventyret Liberia. Eg er ganske trygg på at du eingong tek Oddvar med deg tilbake til landet ! No vil eg berre takke for at VI også har fått ta del i denne spennande reisa di, og ynskje deg GOD TUR HEIMATT TIL FØRDE. Nyt mat og drikke på flyet,lat deg «dulle med» av flyvertinnene, og kjenn at det er godt å slappe av. Tenkjer på deg , og tek ein telefon når det går ei stund.( Du skal først få kjenne at det går seg til i jobb og på heimebane !) Lukke til ! Klem

    • Takk Anny! Alt gjekk fint på turen heim, og er no vel i hus. Eit heilt arbeid å pakke ut……. No er det helg, og førebuing av arb.veke…… Sukk! Snakkast, klem.

Legg att svar til Anny Flatjord Avbryt svar