Eg har hatt ei uforgløymeleg veke, som har gjort godt for både sjela og kroppen, med mange høgdepunkt:
- Det vakre klosteret
- Klosterhagen
- Rosene
- Dei nydelege nonnene
- Syngande morgonmesse
- Kristin med all sin kunnskap og klokskap
- Merle – med sine fantastiske historier og «Listenbear»
- Dei flotte deltakarane
- Roa og tida til ettertanke og refleksjon

Så har eg altså fått oppleve det eg har tenkt på i fleire år – men ikkje hatt moglegheit til tidlegare – å få delta på Stillheits-retreat i Nord-Italia.
På klosteret Casa di Preghiera Gesù Maestro, i provinsen Vicenza, ved foten av Alpane, Dolomittene arrangerer forfattarane Kristin Flood og Merle Levin to gongar årleg ei veke med stillheits-retreat. Kurset kombinerer stillheit, sjølvutforsking og oppmerksamt nærvær/mindfulness – for å lære å vere meir «til stades i eige liv».
Eg brukte mi ekstra ferieveke på dette, og eg kjenner meg heldig og privilegert som hadde mogelegheita å få vere der denne veka i mai, å få møte og oppleve dei dyktige kurshaldarane, og få bli kjent med 10 andre deltakarar, flotte personar.
Klosteret – eit vakkert bygg, med høge klostermurar rundt den store eigedomen, ligg på ei høgde med utsikt over byen Thiene, og mot Dolomittene. Opphaveleg var klosteret eit herskapshus / slott, der det budde ei prinsesse. Sidan ho var utan arvingar, blei slottet etter hennar død, testamentert til denne nonneordenen, som har spesialisert seg på kontemplasjon, åndeleg fordjuping og bøn, der dei ber i turnus, natt og dag.
Å oppleve desse skjønne nonnene var eitt høgdepunkt. Kvar morgon hadde dei syngande messe kl 7 i kapellet på klosteret, vakkert å oppleve.Vi var innlosjert på eit anneks, i tilknyting til klosteret, men alle måltida hadde vi på klosteret, der nonnene laga maten. Kokka, 81 år gammal, laga nydeleg mat, med økologiske råvarer frå eigen kjøkkenhage.
Vakkert klosterområde, med store, flotte tre og vakre blomster. Søster Piera, med lidenskap for blomster, hadde ansvaret for at alle blomsterdekorasjonar til i kvar tid var friske og fine.
Å vere i stillheit.
Eg skal ikkje skrive noko særleg om kva som var innhaldet i kurset, og kva eg opplevde der. Men det er klart at dette var fullstendig avkopling frå alt stress som ein lever med i kvardagen, og ein får høve til å lande litt, og roe ned både den fysiske pulsen og den mentale. Fire av dagane på kurset var vi i stillheit.
Eg var ganske spent på korleis det ville vere, men vi blei godt førebudde av dei erfarne kurshaldarane.
Det var heilt greitt å legge frå seg mobilen, og klare seg utan å vere på nett. Å halde stilt, og ikkje snakke – faktisk var det befriande å ikkje skulle meine noko, og sleppe å kommentere det andre seier til ei kvar tid, og å innta alle måltid i tausheit var berre godt.
I løpet av desse dagane fekk vi lære oss sjølve betre å kjenne, om nærvær, å gå i djupna i oss sjølve, noko som kunne vere både godt og vondt.
I etterkant kjenner ein på ein slags sårbarheit, som ein må takle å leve med, og som det kan vere vanskeleg å snakke om. Men mest av alt kjenner ein på utfordringa å gå tilbake til ein stressande jobbkvardag,




Kjære Kari! Tusen takk for ein nydeleg e- post på så mange vis;forteljingar,tankar,bilete! Dette må nok opplevast for å forstå, og du er både uredd og flink til å kaste deg ut i det!! Du har heilt sikkert fått mange nye vener også. Og som eg skreiv til deg sist: Kanskje blir du ein av kurshaldarane… Eg veit at du skulle ha nokre ekstra dagar i Italia, nyt dei og god tur heim. Klem, Anny.
Sendt fra min iPad
> Den 30. mai 2019 kl. 17.07 skrev KaVi-ar : > > >
Kjære deg! Takk for fin tilbakemelding! Nei, kurshaldar blir nok ikkje eg, til det må ein ha meir både av peiling og erfaring.
Veka er over, og dagane i Venezia også. Er tilbake att 🙂 Hadde fine dagar i Venezia.