Glimt frå vår vakre kyst i Sogn og Fjordane

Kysten av Bremanger og Kinn – vest i Sogn og Fjordane, med Botnane og Årebrot, er kanskje ikkje dei stadar som er mest kjende, eller besøkte. Dei ligg litt utanfor allfarveg, og vegstandarden er ikkje akkurat den med gul midtstripe.

Men dette er perler av nokre stadar, og absolutt verdt eit besøk. Først i 1993 fekk Botnane vegsamband med omverda, men langs vegen kan ein sjå fleire gravrøyser, som vitnar om at det har budd folk her gjennom lange tider. Fram til vegsambandet var på plass var sjøvegen einaste framkomstmiddel, frå ca 1890 har ein kunna komme dit med rutebåt frå Florø.

Diktaren Jan-Magnus Bruheim budde i Botnane i fleire år, frå 1978 til 1985. Han var produktiv medan han budde her, gav ut heile 11 av sine 45 bøker her. Han kom frå Skjåk i Gudbrandsdalen, men hadde ein lengt mot kysten, og åra her ute gav ny næring for diktinga hans. Han skreiv jordnært, og var oppteken av mellom anna «å høyre til»:

Å høyre til

Vondt er av alle andre
bli trakka på og trengd.
Men vondare å veta
at du er utestengd.

Det er så mangt i livet
du ventar deg og vil.
Men meir enn det å vera,
er det å høyre til.

Jan-Magnus Bruheim

I 2018 vart «Diktarstien» i Botnane opna, der du kan gå ein natursti med dikt av «Bruheimen», som han blei omtala av bygdefolket.

Eitt av stoppa på «Diktartien»
Kven kjenner seg vel ikkje treft av teksten her?

Kommenter innlegget