Ankomst Almaden de la Plata – 94 mil igjen, og eg har fått første blemma😊

Dag 4, etappe 4.

28,5 km i dag, 16 av dei på asfalt/ langs bilveg. Starta tidleg, kjøleg temp, soloppgang.

Fekk mi første blemme på denne turen. Det er liksom ein del av det å vandre, må gjennom det. Då er det fram med nål, og gnagsårplaster, og håpe det «er til å gå med»😂

12 km gjennom Parque Natural Sierra Norte, flott vandring gjennom parken, avslutta med litt av ei stigning til toppen, der det berre var å få den bakken unnagjort i ein fei🥵😅

Hadde bestilt rom på Albergue de Reloj dagen før, fordi vi visste her var få sengar. Her er superkoseleg å vere, og ein nydeleg by, kvit, gammal by, «pueblo blanco».

Felles middag, spleiselag, på kvelden, med dyktige kokkar, var hyggeleg avslutning på dagen.

I morgon ventar El Real de la Jara, berre 13,9 km. Har tid til å ta det med ro, deileg❤️

2 kommentarar på “Ankomst Almaden de la Plata – 94 mil igjen, og eg har fått første blemma😊

    • Hei! Hyggeleg med kommentarar! Så fælt å måtte gå vidare. Det var det vi frykta i går, så tok tlf og bestilte. Det var eg jammen glad for, føttene trengde kvile😂

Legg att svar til kariviken Avbryt svar