Zafra – Villafranca de los Barros.

Dag 9, etappe 9. 19,7 km

Nok ein dag med vandring, deileg temp, akkurat passe for å gå, sol og skyer vekselsvis. Tenkjer på kor heldige vi er med tempen, i høve varmen som var tidlegare.

Variert landskap, og små byar undervegs, m.a. Los Santos de Maimona, gav oss pausar for ein cola zero eller cafe con leche. Perfekt👍🏻 Her er mange «rare» namn på byane.

Store vidder med oliventre så langt auget rekk, og vingardar. Alt regnet siste dagane har gjort godt, friske fargar.

Gnagsår fortsatt, men på bedringens veg. Håpar eg…..👍🏻

Starta «seint» i dag, etter frukost på klosteret kl 7.30. Ankomst Villafranca ca kl 13.

Villafranca – Vakker by, nydeleg mosaikk i gatene, og vakkert dekorerte hus med sirklar, hekla av frivillege, fordi Caminoen til Santiago går gjennom byen, og for å ære pilgrimane.

Bur på Albergue Extrenatura, reint og fint. Klesvask inkludert i prisen av 14€. Har fått seng i eit firemannsrom, er eg heldig, kjem det ikkje fleire🤞🏻

Albergue Extrenatura

I morgon ventar Torremejia, 27,6km. Har booka overnatting.

2 kommentarar på “Zafra – Villafranca de los Barros.

  1. Det er tydeligvis færre pilegrimer på caminoen nå enn for 1 måned siden. Jeg hadde problemer med å finne ledig seng I Villafranca, men fikk omsider seng i et sjuskete hostel. Kun kaldt vann og kontakt som delvis hang utenfor veggen. Senga var heldigvis ok. Etter det slo jeg følge med en tysker, en franskmann og ei fra Texas, alle kunne mer eller mindre spansk. Dermed ble det få problemer med å skaffe seng og jeg hadde trivelig turfølge fram til jeg avsluttet i Salamanca.
    I morra får du vandring på ei lang slette med vinmarker så langt du kan se. Artig, men noe drygt med mye rom for livsfilosofering. Torremejia minnet om en middels kjedelig landsby i indre strøk av USA, helt ulik andre landsbyer langs caminoen. Buen camino 😊👣👣👣

    • Tusen takk🙏🏻
      Ja, snakka med henne på Albergue Convento i Zafra, ho sa mars-april var høgsesong for vandrarar. No er det veldig få, pga den varmen ein forventar. Syklistane øydelegg litt for vandrarane, dei okkuperer mange av overnattingsplassane. Vi budde på Albergue i Villafranca, hadde eit 4-mannsrom for meg sjølv. Luksus.
      Eg håpar det kjem vandrarar bak med, som eg kan slå følgd meg. For etter Merida, er følget eg har hatt i ei veke, vekk nordover.
      Kjekt å høyre frå deg🍀