Det er sikkert mange som lurer på kvifor eg vel å gå Caminoen «Via de la Plata».
Ideen blei sådd då eg sat på flyet heim frå Santiago de Compostela i 2011, etter å ha gått 2 veker av Camino Frances, frå Leon. Sat ved sidan av ei ung jente som fortalde at ho hadde gått denne Caminoen frå Sevilla, og eg sa til meg sjølv, at «det skal eg også gjere….. ein gong…»
Eg skal altså gå (viss eg klarar det) Spania nesten på langs, opp til litt nord for Zomora. Der skal eg over på Camino Sanabres, som går rett vestover, nord for grensa til Portugal, til Santiago. Det er totalt 100 mil, som eg har tenkt å bruke ca 7 veker på. Eg tek det med ro, og prøver å dele opp dei lange etappane, slik at det blir meir overkommeleg. Men nokre lange etappar er ikkje til å unngå, fordi der ikkje finst overnattingsplassar i mellom. Eg har ikkje kjøpt returbillett, så har ingen stress. Einaste «stresset» er at eg må nå Salamanca innan den 15.juni. Då kjem ei venninne og skal gå i lag med meg resten. Ca 3 veker.
⁃ Eg er glad i å gå, og det å gå Caminoen er ein fantastisk måte å sjå landet på. Eg går gjennom ein del av Spania som eg aldri har vore i før, og eg gler meg over blomar på vegen, grøderike og uendelege sletter, vakre byar og alle vennlege folk eg møter overalt.
⁃ Å gå slik er ein slags mindwash. Tømme hovudet, gå i eigne tankar, ein kontemplasjon, som er både eit religiøst og eit filosofisk uttrykk.
– Det er mange motiv for å gå ein Camino. Mange har nok eit religiøst motiv, t.d. Kva er så mitt motiv? Det er noko med det å gå – å vere på veg til eit mål, som fascinerer meg. Det er på ein måte eit prosjekt, på veg til noko. På denne vegen møter eg fleire, som har sitt prosjekt.
⁃ Å gå gir god mosjon, ein blir i god form. Og eg opplever meistring når eg har komt fram til målet for dagens etappe.
– Det er avstressende. Ein har berre med seg det ein ber med, og når ein kjem fram, er ein fri frå alt arbeid (unntatt å vaske sveitte klede).
⁃ Kvar dag lever sitt eige liv. Ein går gjennom nye trakter, kjem til nye stadar, kvile, ete, sove, og så ein ny dag, og nye soloppgangar.
Paulo Coelho seier det slik:
«Ingen dag er den andre lik. Hver morgendag bringer sitt eget mirakel, sitt magiske øyeblikk, da gamle verdener forgår, og nye stjerner skapes» (Ved elven Piedra satt jeg og gråt»)
No når eg går, i siste del av mai og juni/juli, er det ikkje høgsesong for gåande på denne Caminoen. Dei fleste går oppe i nord; Camino Norte eller Camino Frances. Høgsesong for Via de la Plata er mars og april.
Derimot er det høgsesong for dei som syklar Caminoen. Bekymringa er at dei held nesten på å øydeleggje den for dei gåande. Dei kjem tidleg fram til overnattingsplassane, og «tek» alle sengane før dei gåande kjem fram. Det skjer at gåande må gå over ei mil meir, til neste plass, for å finne tak over hovudet.
Det har vore ein tradisjon at gåande skal ha fortrinn på herberga, men dette held på å skli ut, diverre.
Eg har t.d fleire gangar booka overnatting på førehand, for å unngå å stå der – utan stad å sove. På dei offentlege herberga kan vi ikkje booke på førehand, og ofte har dei få plassar.
Dette var no berre nokre tankar frå meg, her eg sit med beina høgt, og gnagsår, og er ferdig med ca 1/5 av dei 100 mila❤️

Håper gnagsårene dine blir bedre. Jeg har slitt mye med gnagsår tidligere, særlig hvis dagsetappen ble for lang. Nå har jeg forebygget med pattesalve, smurt føttene hver kveld før vandringen. Gikk med tynn nylonsokk innerst, tynn ullsokk utenpå. Tar på tynn scanpor tape hvis jeg ønsker å forebygge. Bruker compeed hvis gnagsår dukker opp. Hadde lite problemer på Via de la Plata i år, men sleit mer på Camino Frances i 2009. Jeg var veldig fornøyd med Hoka-skoene mine i år bortsett fra sålen som ble helt utslitt fram til Salamanca 🤪.
Vil gi deg et tips på langstrekket Carcaboso – Aldeanueva 39 km. Oliva de Placencia, midtveis, ca 6 km til høyre for caminoen var en flott landsby med utrolig mye artig heklepynt hengt overalt i byen. Vi var flere som overnattet der. Jeg lå på Albergue Turistico San Blas.
Tusen takk for tips, skal legge meg på minne🙏🏻👍🏻😊
I Villafranca var det også fullt av heklekunst hengt opp, frivillege som heklar, i solidaritet med pilgrimane. Skal hugse på det Alberguet San Blas. Desse lange strekka er litt skremmande, så godt å kunne dele dei opp.