Real de la Jara – Monesterio🍀

Dag 6, etappe 6.

Tidleg opp for å rekke Monesterio før regnet kjem, rundt 12.

Kald start kl 7, tåke.

Overnatting på Hostal Extremadura, med enkeltrom og eige bad til 12€ = luksus🙏🏻

I morgon ventar Fuente de Cantos, 2 nye mil.

2 mil var langt nok med gnagsår, men eg kunne glede meg over å vandre i flott landskap. Ein nydeleg tur gjennom velstelte beiteområde, og gjennom eukalyptusskog.

Almaden – El Real de la Jara

Dag 5, etappe 5.

Nydeleg tur på 13,7 km. Opp kl 5.30, frukost på ein bar før «avgang». Vegen gjekk fortsatt gjennom naturalparken, med store kork-tre, nydeleg underlag: berre grusveg, opp- og ned, så veldig variert. Vakkert landskap.

Passerte mange gardar, ulike dyr der, m.a. svarte grisar, som vi har den iberiske skinka frå😋

Gjekk i lag med Gert og Maik frå Tyskland, og Hugh frå Australia. Hugh gjer sin 15. camino, har gått Via de la Plata 4 gangar før, så han har mykje kunnskap vi andre nyt godt av.

Skya ver, det meste, 15 grader i starten, rett og slett kaldt😂

Overnatting på Albergue Molina, luksus: eige rom😃😴

I morgon ventar Monesterio😊

Vil gjerne fortelje denne spesielle historia om Maik (t.h) og Gert (t.v). Maik gjekk Camino Frances i 2020. Der opplevde han å bli fråstolen pass, kort og pengar, og fekk ikkje tatt ut noko i bank fordi han ikkje kunne identifisere seg. Så prøvde han å finne andre tyskarar på Caminoen, for å «låne» pengar til å fullføre turen. Der fekk han hjelp bl.a av Gert, som lånte han 50€. Maik betalte med paypal tilbake. Så skjer det altså på denne Caminoen at Maik og Gjert møter kvarandre att på Albergue i Guillema på onsdag, heilt tilfeldig. I tre dagar har vi vore i same vandregruppe, men i dag gjekk Gert heilt til Monasterio.

Å bu på herberge…

Å bu på herberge kan vere noko ein vegrar seg for, ingen luksus, dele rom med fleire, og alle herberge er ulike. Men her bur ein for ein billeg peng, og ein ven seg til det. Her er eit par bilete frå Albergue de Reloj. Enkelt og koseleg. Og veldig hyggeleg vertsskap!

Kanskje ein av grunnane til at eg taklar det, kan vere mi fortid som interrailar, der vi overnatta på sovesalar på ungdomsherberge.

Når ein skal vandre i løpet av så mange veker, så blir det dyrt å bu på hotell kvar natt.

Eg opplever alle slags folk som går Caminoen, og vi blir som ei familie etter kvart.

I morgon har eg tenkt å splitte opp «normaldistansen» på over 3 mil, slik at eg går til El Real de la Jara. Dette betyr at dei eg har gått i lag med dei siste to dagane, går vidare, og eg møter nye folk å slå følge med. Slik er det, ein del av opplevinga.

Ankomst Almaden de la Plata – 94 mil igjen, og eg har fått første blemma😊

Dag 4, etappe 4.

28,5 km i dag, 16 av dei på asfalt/ langs bilveg. Starta tidleg, kjøleg temp, soloppgang.

Fekk mi første blemme på denne turen. Det er liksom ein del av det å vandre, må gjennom det. Då er det fram med nål, og gnagsårplaster, og håpe det «er til å gå med»😂

12 km gjennom Parque Natural Sierra Norte, flott vandring gjennom parken, avslutta med litt av ei stigning til toppen, der det berre var å få den bakken unnagjort i ein fei🥵😅

Hadde bestilt rom på Albergue de Reloj dagen før, fordi vi visste her var få sengar. Her er superkoseleg å vere, og ein nydeleg by, kvit, gammal by, «pueblo blanco».

Felles middag, spleiselag, på kvelden, med dyktige kokkar, var hyggeleg avslutning på dagen.

I morgon ventar El Real de la Jara, berre 13,9 km. Har tid til å ta det med ro, deileg❤️

Guillena – Castilblanco de los Arroyos

Dag 3, etappe 3.

Flott vandring i dag, ca 19 km, mesteparten gjennom eit fint jaktområde, med flotte oliventre og hoppande kaninar. Underlaget – slik eg likar det, med grus. Siste halve mila langs ein bilveg….

Eg er einaste dama som går nett no, men eg nyt godt av kunnskapen til mange erfarne pilgrimar. I dag har eg vandra i lag med Hugh, pensjonist frå Australia, og Maik, 35 år, frå Tyskland. Kjekt å gå i lag med nokon av og til.

Bur på Albergue de Peregrinos de Castilblanco de los Arroyos. Det er eit Albergue donativo, som betyr at ein betalar etter evne. Vanlegvis betalar ein då 10€. Det er jo til å leve med. 18 personar er det plass til på sovesalen. Vi er vel 10 i natt, trur eg😴

I morgon ventar Almaden de la Plata, 28,3 km.

Santiponce – Guillena

Dag 2, etappe2.

Slow start, må venje kroppen og – ikkje minst – knea mine til å tåle at eg går med sekk, og altså plutseleg har «lagt på meg» over 10 kg.

Kryssar fingrane for at dei ven seg til det🤞🏻

Flott vandring i dag, på sjølvaste nasjonaldagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴 Har gjort mi plikt og sunge «Ja, vi elsker» fleire gangar der eg har vandra på grusveg gjennom område med store solsikke- og kornåkrar. Mange syklistar har dradd forbi, alle ønskjer «Buen camino», det er ein veldig hyggeleg gest🙏🏻 No ankomme Albergue Luz, og fått meg ei seng for natta, i eit dormirorio for damer (som eg hadde åleine, sidan eg var einaste dama der). Verten på herberget, Peter, er tysk, og ein sprek 83-åring! Utruleg hyggeleg og full av energi😊 Anbefalar!

Her er til og med frukost inkl i prisen av 14€👍🏻

Sevilla – Santiponce

Dag 1, Etappe 1.

Endeleg fekk eg ryggsekken! Nydeleg å få den telefonen frå flyplassen! Kunne starte frå Sevilla kl 11. Kryssing av elva Guadalquivir over brua Triana, og vidare retning Camas og Santimonce. Kun 1 mil med vandring i dag, og det var meir enn nok, kjende eg. Det var varmt, og hardt underlag. Mykje asfalt og harde fortau. Minnast muskelstølheita vi hadde på første etappe då eg gjekk Camino Frances. Når eg overlevde og vende meg til det då, så går det vel bra denne gongen også.

100 mil, og 99 igjen. No er det for seint å angre😂 I morgon ventar nok ein varm dag, og Guillema, etter ei natt på koselege Hostal Italica😴

Via de la Plata – VDLP. Sevilla – starten for «Sølvruta» til Camino de Santiago.

I fleire månader har eg planlagt dette, å gå Sølvruta til Santiago de Compostela. Skulle gå i lag med ei venninne, men sidan ho blei hindra i å delta pga sjukdom, så gjennomfører eg planen åleine. Viss eg greier det, vel å merke! Eg skal møte mi islandske venninne, Sunniva i Salamanca, og gå i lag med henne siste tre vekene. Ruta er lang, 100 mil. Blir spennande å sjå om knea held. Har drive mykje styrketrening siste par månadane, under kyndig rettleiing av manuellterapeut Sunde: https://mtsunde.no/

No er eg meir eller mindre stuck her i Sevilla. Ryggsekken kom ikkje fram, så no går eg i uvissa, kor tid kjem den? Utan anna enn det eg står og går i, så er handlingsrommet litt lite😃 Men ein rusletur mot katedralen og klokketårnet Giralda har det blitt, i 30 graders varme (utan solbriller, som ligg i sekken😎)