Camino Levante

No er eg endeleg klar for ny “sakte-tur” i Spania, gler meg!

I morgon, onsdag 31.juli, dreg eg til Valencia, og torsdag 1.august startar eg vandringa.

Sekken blei nesten 7 kg, men trur det skal gå greitt. Har vore knallhard med meg sjølv i prioriteringa av kva eg skal ha med, lite rom for luksus.

Eg skal i år krysse halvøya frå aust til vest/nordvest, først på Camino Levante.

Blå line viser ruta:

Valencia er utgangspunktet, ein vakker by på austkysten, sør for Barcelona. Byen blei i gammal tid eit viktig utgangspunkt for pilgrimar som kom frå andre regionar i Europa med mål å gå jakobsvegen til Santiago.

Camino Levante går gjennom fire autonome regionar; Comunidad Valenciana, Castilla-La Mancha, Comunidad de Madrid, Castilla Y León, til eg møter “Via de la Plata” i Zamora, etter omlag 800 km. Der vil eg nordover følgje “Via de la Plata” til Astorga, og til slutt vestover og inn i Galicia, på Camino Francés til Santiago. Totalt omlag 120 mil.

Eg har sett av 7 veker til denne vandringa. Dei lengste etappane på 3,5 og 4 mil har eg delt i to, eg synst 4 mil blir i drygaste laget🤔

Castilla -La Mancha er ein av dei mest kjende regionane i Spania, takka vere eventyret til Don Quijote de la Mancha, ridderen av den bedrøvelege skikkelse, i det som blir rekna som første moderne europeiske roman, og er eitt av verdenslitteraturen mest lese verk, skrive av Miguel de Cervantes i 1605. Sjølv har eg aldri hatt “kondis” til å lese denne boka.

Høgdepunktet på denne strekninga blir, for meg, å sjå regionen sin hovudstad, Toledo, som ligg på ei klippe, omgitt av murar. Ein gammal by med monument frå kristendom, jødedom og islam. Byens gamle sentrum står på UNESCO si verdsarvliste. Eg gler med veldig til å sjå denne byen!

Camino Levante går gjennom eit område der eg aldri før har vore. Spennande! Kvar dag – nye opplevingar.

Eg opplever at ein kjem tettare på folk og landskap når ein vandrar, og har tida til å fordøye inntrykka undervegs.

Eg gler meg☀️

Kommenter innlegget