Akvariet i Valencia – El Oceanográfico

eit akvarium i Valencia, absolutt verdt eit besøk. Vi har brukt heile dagen der i dag. 

Anlegget er ein del av Kunst- og vitskapsbyen, og er Europa sitt største akvarium. 

Det har ein kapasitet på å «hyse» 45.000 levande skapningar, av 500 ulike artar. Her representerer dei dei viktigaste marine økosystem på kloden.

Vi har vandra rundt og opplevd ei mengde artar av dyreliv i havet / på land – og ei mengde ulike fugleartar. 

Leopardhai
Flamingo
Pelikaner
Kokosnøttkrabbe.
Natt-dyr.
Hai, ein trua art.

Eit vakkert anlegg, med ein viktig, underliggande bodskap: klimatrusselen med auka global oppvarming, forureining, og overdriven jakt på ulike artar, som truar bestandane. 

Eit skjelett av ein framtidsfisk, som har tilpassa seg den nye marine faunaen: ein mage for cigarillos, ein mage for plast, ein mage for metall, ein mage for elektronikk.

Eit tankekors og ein realitet! 

2 kommentarar på “Akvariet i Valencia – El Oceanográfico

  1. Takk for fin rundtur og fine bilde frå Valencia! Ein fin by å besøke vil eg tru❣️Takk for inspirasjon til nye reisemål👍

Legg att svar til kariviken Avbryt svar