Alpera – Higueruela 

Søndag 15.september. 

Dag 9, etappe 9

32822 steg, 21,4 km

Higueruela er ein koseleg, liten by med 1.350 innbyggarar. 1039 moh.

Ankom kl 13, etter ein fin og variert vandretur. 

Starta dagens vandring 7.30. Hadde bestilt drosje som tok meg tilbake til Caminoen, der eg forlét den i går, for å gå til Alpera. 

Soloppgang kl 8.

Eg har gått gjennom eit område med fantastiske vinplantasjar, i tillegg til ei mengd med vindmøller (berre halve storleiken av dei som er sett opp og elles planlagt i Norge). Vinstokkar og tre elles verka sunne og friske, ikkje prega av sjukdom, slik eg har sett for etappane tidlegare. Vindruene var blå og modne, og nydelege! Eg smakte éi😋 

Vinstokkar så langt auget rekk.
Masse vindmøller i dag
Og store område brukt til solceller.

Siste 10 km var på bilveg/asfalt. Ein syklist stoppa og prata, lurte på om alt gjekk bra:) Dei tek lett kontakt, kjekt! 

Han kunne fortelje at han hadde ein son som budde i Norge, i Halden😊 

Ein fantastisk fin søndag vermessig. Kaldt i starten, 11 grader, men kl 11 var det 23. I skrivande stund – 27 grader, her eg sit på Plaza Mayor, utanfor Alberguet. 

Lørdagar og søndagar er noko “herk” her i Spania. Nesten alt er stengt, og det store spenningsmomentet er om ein får tak i mat. Eg er alltid letta når kvardagen kjem. 

Eg kom til ein sovande by, Ingen bar eller butikk open, heilt stille. Kvar er folk?

Berre Pensjonistforbundet sin bar, “Håp” (👍🏻) var open, og berga meg. 

Eg spurte mannen bak disken kva som gjorde at alt var stengt. Jo, det er “Feria” i Albacete, som varer til tysdag, og “alle” i byen var der. Dans, god mat, masse folk, salsboder, osv. 

Spanjolane kan verkeleg å lage fest😀Vi burde lage fleire festar heime! 

Eg har Alberguet for meg sjølv, har vaska klede, men ingen plass å henge opp. Så då har eg hengt det på nokre stolar og sett dei ut på gata i sola😀 (lite folk i denne gata, altså)

Albergue municipal i Higueruela.
Svært enkel standard, men til pris kr 0.

I morgon går eg til Chinchilla de Montearagon, 29,5 km. Synst det er langt så det held! Men det går vel bra, det óg💪🏻

4 kommentarar på “Alpera – Higueruela