Mora – Almonacid de Toledo

Torsdag 26.september

Dag 20, etappe 20

36463 steg, 15,1 km. 

“Det er ingen problem på Caminoen, berre løysingar” (sitat ein annan vandrar👍🏻)

Vel, jammen kan der vere problem, men dei fleste kan løysast😅 Mitt problem med leggen er ikkje gjort i ein fart å løyse, men eg prøver så godt eg kan, meir eller mindre med hell. 

I dag har eg gått 15 km. Skulle vere vél 12, men dårleg kommunikasjon på kvar nøkkelen til herberget skulle hentast, gjorde vegen dit ekstra lang. Ikkje alle websider blir oppdaterte😩 

Dagen starta optimistisk, etter at eg hadde hatt ei god natt med 9 timar samanhengande søvn. Eg var totalt utslitt i går😅 

Sidan eg skulle gå så kort etappe, hadde eg reine slaraffenstart på dagen, sov til kl 7, frukost i baren, og begynte ikkje å gå før kvart over 8. 

Nydeleg morgon, fint ver, men veldig vind, frisk bris frå sørvest har det vore heile vegen. Nokre stadar måtte eg konsentrere meg om å halde med på vegen. 

Vi er på 720 moh, omtrent som å bu på Hafstadfjellet heile tida, så det er litt kjølegare enn lenger nede. 

Eg stoppa i ein liten by undervegs, Mascaraque, og tok ein café con leche der.

Marcaraque

Byen er liten, knapt 1000 innbygg. Her er ingen restaurant som sel middag, så her må vi berre ta det vi får tak i.

Eit landemerke på heile vandringa i dag, var Castillo de Almonacid, ei borg som er rødlista i Spania, står i fare for å bli øydelagt. 

Castillo de Almonacid

Landskapet hit var litt annleis enn i går, men flatt og mykje oliventre også her.

No bur eg på herberget her, og eg har fått selskap av ein polsk vandrar, som Daniel (belgiaren) snakka om at han hadde møtt. Han er dårleg i engelsk, så kommunikasjon er utfordrande diverre. 

Almonacid de Toledo

I morgon er det nok ikkje 18km, heller 27km til Toledo! 😩

Gjett om eg gledar meg til å komme fram dit, og å ta “ferie” nokre dagar. 

Eg skal bu på Oasis backpackers i sentrum av byen. Kanskje tek Isabella meg att der, det hadde vore stas😊

Granateple

2 kommentarar på “Mora – Almonacid de Toledo

  1. Artig å følgje deg,Kari!! Du er tapper. Toledo var for meg ein nedtur då eg var der for nokre år sidan. Lite Liv i byen, der budde berre studentar og gamle folk. (Truleg på min alder…….) god tur vidare! Helsing Hilde

Legg att svar til kariviken Avbryt svar