Måndag 30.september
Dag 24, Kviledag 3.
Reine slaraffenlivet å sove til 7.45, utan vekking😊
Frukost på restauranten på hostalet, i lag med Isabella.
Så fekk vi selskap av Florencia, som skulle avgarde til Zaragoza i dag, og kom for å seie Adjø.
Ei skjønn og modig jente, utdanna ingeniør frå Argentina, og som hadde gått fleire Caminoar åleine. Ho hadde mål om å finne seg jobb i Spania.

Katedralen i Toledo.
Katedralen Primada Santa María i Toledo er verkeleg verdt eit besøk. Trur det er den vakraste katedralen eg har vore i nokon gang.


Den er bygd i kvit kalkstein frå eit steinbrot nær Toledo, innvendig med vakre skulpturar i stein og marmor.




Dette er ein romersk katolsk katedral, i høggotisk stil, bygd oppå ein muslimsk moské. Før det, frå 400-talet, hadde det vore ei kyrkje her. Byggestart var i 1226, og den stod ferdig i 1493, eitt år etter at Kristoffer Kolumbus nådde Bahamasøyane.
Katedralen har fire skip, og måler 120×59 meter.
Sakristiet i katedralen er reine utstillinga av kunst av El Greco, spanskgrekaren. Han var født på Kreta, 1.oktober 1541, og døydde i 1614, i Toledo, som på den tida var den religiøse hovudstaden i landet. Der hadde han budd sidan 1577. Kristendomen hadde stor innverknad på hans kunst.
Han hadde ein særeigen målestil, som har inspirert kunstnarar heilt fram til 1900-talet, m.a. Picasso. Det var utruleg “levande” portrett som hang i sakristiet.


I skrivande stund er det 28 grader her, og eg sit med is på foten, høgt, og kryssar fingrar og alt for morgondagen.
Då ventar 25 km til Rielves, og det er meldt høge temperaturar.
Fleire bilete:











Så koselig med selskap og litt hvile fortjener du og. Byen ser veldig kjekk ut og katedralen er jo bare helt fantastisk.
Håper det går bra med leggen, eller går det kanskje an at få lånet en esel. De skulle jo være pilegrimer med esel, men det har jeg ennå ikke sett, så det kan være noe spök 🙂
Buen camino!
Ja, tenk å kunne bruke eit esel, det hadde vore supert. Ja, det verserer nokre historier om pilegrimar med esel😅
Foten har fått blå tape, og hjelp av stavar. Håpar det vil gjere susen💪🏻😅