Alija del Infantado – La Bañeza

Fredag 18.oktober

Dag 42, etappe 37

31479 steg, 21,9 km

Vakker morgon, men skikkeleg kaldt. 6 grader då eg gjekk til baren for frukost. Hadde nesten lyst å ta på hanskar. 

Haustfargar i månelys

Månelys også i dag, flott vandrever og trygg på vermeldinga som lova “ikkje regn”🤞🏻

Fantastisk grønt og flott landskap i dag. Nydeleg sti å gå på.

Har berre gått litt på asfalt; ut av Alija, og siste 3-4 km før La Bañeza. 

Eg trur dette er eukalyptus tre.
Solsikker, kor tid blir dei hausta?

Kaffipause undervegs. Gjekk roleg, tok ein del bilete, og då blir tempoet deretter. 

Eg starta i dag tidleg med lang bukse, ull + ull + dunjakke og buffer. Etter kvart vart det shorts og T-skjorte (rett nok i ull).

Ankom La Bañeza i 13-tida. 

Fann heberget, det er digert i den målestokken vi har vore vane med til no. 36 plassar.

Her har eg alt for meg sjølv, og ei sjukehusseng😊

Mykje reglar her, av ein eller annan grunn! Får slik barneskulekjesle, t.d er det ikkje lov å ha med sekken inn i soverommet. Den regelen har eg ikkje opplevd før🤔 O.s.v…. 

Av denne grunn, eller ein annan……så trivdest eg ikkje heilt her. 

Gler meg til å komme meg avgarde til Astorga i morgon, 24 km.

Då er vi over på Camino Francés, mykje folk. Bra vi skal vere der berre to etappar, før vi tek Camino Invierno vidare. 

Ei tid forbi.

4 kommentarar på “Alija del Infantado – La Bañeza

  1. Hei Kari!❤️Nydelege foto idag med herleg lys i bakgrunnen!

    Godt at du har opplevd godt underlag, slik at leggen ikkje protesterer!Og so finn dei på Strenge reglar på herberget.. for ei som har arbeidd i skulestova i over førti år?😫Nei « sånt ska’kje vi ha!» 😂Gled deg over nytt møte m. turvenninna di, god tur!,🥰

    • 🤣 Ja, godt vaksne folk må passast på, her er fullt av oppslag om ting som skal/ikkje skal gjerast😩 Jaja, det er no for ei natt. Tidleg opp og avgarde👍🏻
      Takk, Anny❤️

  2. Hei Kari

    Kan det ha med smådyr (bedbugs) å gjöre, de underlige reglene? I hvert fall er det uvanligt.

    Litt spesielt med sykehusseng 🙂 Kan du heve sengen under ryggen så det blir lettere med lesing af Bibeln?

    Det blir sikkert koselig med den franske veien i morgen. Spörs om det er mange som går der nu så sent i året?

    Buen Camino!

    • Eg lurer på om det kan vere reglar frå korona-tida. Det er “La inspección de Farmacia” som har forbudt det, står det på plakaten.
      Haha🤣 Kanskje det går å heve senga, ja🤔 Det hadde vore praktisk😅
      Kvar dag no i det siste har det komt over 1000 pilgrimar til Santiago. Og det er rimeleg å tru at dei fleste kjem frå den franske ruta. Men vi blir der berre to etappar, håpar det er færre som går Invierno, men håpar det er FLEIRE enn det har vore så langt (= nesten ingen)…..😊