La Bañeza – Astorga

Lørdag 19.oktober

Dag 43, etappe 38

38445 steg, 24 km

Siste etappe før Astorga, mitt neste mål. 

Sov godt, faktisk, på det digre herberget😊 Kaldt, fraus på beina, sette meg i sjukehussenga med to ulltepper oppa meg. Blei så trøytt at eg sovna ca kl 21😅

Ein time vandring med hovudlykt. Månelys også i dag, nokre dagar minkande.

Veldig variert i dag, og fint underlag å gå på. 

Litt småregn, og regnboge mot nord, i Astorga?

Gjekk over den romerske brua Valimbre, over elva Turienzo. Eg synst dei er fantastiske, desse romerske bruene.

Framme i Astorga litt før 13, og møtte Isabella som venta nær Albergue San Javier, der vi hadde booka to senger. 

Masse pilgrimar i Astorga, som går den franske ruta. 

Vi har vore på ein god restaurant og ete ein rådyr middag. Nydeleg mat, vi trengde det, etter alle halvgode middagar med “menú del día”. 

Vi fann ut at vi fortente det❤️

No ventar 2 etappar på denne vegen, i morgon til Foncebadón, 28,5 km, og måndag til Ponferrada, 23,6 km. Deretter blir det over på Camino del Invierno, Vintervegen. 

Namnet kjem av at det var denne ruta pilgrimane valde å gå vinterstid, for å unngå fjella og snøen på den franske ruta. 

Astorga i sikte

4 kommentarar på “La Bañeza – Astorga

  1. Heisan!

    Så fin regnbue på de to bilder. Må være et positivt tegn om de neste dagene.

    Så bra at du fikk sove godt i sykehussengen 🙂

    Buen camino!

  2. God morgon, Kari!

    Godt å vite at no er de TO som startar vandring i stummande mørkret!😫Fy søren, du er RÅ ,Kari som har våga dette åleine!🤗

    No håpar eg at de held lag resten av etappane.🩷

    Stadig er det fantastiske bygningar og bruer å studere… kjekt å følgje med! Stå på, klem.🥰