Torsdag 24.oktober
Dag 48, etappe 43
30279 steg, 21,7 km
Vi er no nede i 314 moh, i A Rúa.
Drog frå Sobradelo i halv 8-tida, etter frukost hos Manuel på Bar Mar i Sobradelo. Han kom eins ærend for å servere frukost til oss kl 7.

Det har vore ein fin vandredag, sjølv om regnspøkelset har hengt over oss. Men vi var heldige igjen.
Fin og klar morgon, men skodde i fjella.


Vi passerte Êntoma, etter berre 3 km. Gjekk over ei lita, fin romersk bru: Ponte Romano (Vi er i Galicia, og her snakkar dei galisisk, eitt av dei fire offisielle språka i Spania. Litt annleis enn vanleg spansk).



Etter Éntoma hadde vi to alternativ på veg. Eg valde Camino-ruta, og jo den andre, som gjekk lenger nede. Eg synst ruta eg gjekk, var veldig vakker. Litt høgt oppe, den gav fin utsikt over dalen.


Då vi kom fram til O Barco de Valdeorras, fann vi ein koseleg «Break and Bread»-restaurant, for kaffi og croissant, før vi gjekk vidare.
I O Barco var til og med kummelokka prega av Caminoen, med eit skjell.


Vegen/Caminoen gjekk langs bilvegen på nordsida av elva Sil. Isabella var veldig klar på at ho ville gå på sørsida, for å sleppe bilvegen.
Eg hadde ikkje noko i mot det, så det blei slik.
Det var eit val vi var glade for.
Her i Galicia er det ikkje raude tak på husa, men svarte. Det er svart skifer, og mange hus har også slike veggar.


I ein liten landsby, Arnado, fekk vi sjå ei borg frå 1800-talet, og vi fekk sjå cuevas, grotteliknande «hus» for lagring/oppbevaring, av vin?





Vi fekk også fin utsikt til den andre sida av dalen.
Kom i snakk ned folk på vegen. Dei er då frimodige og interesserte, veldig hyggeleg.
Her er veldig grønt, og frodig.






Siste delen til A Rúa gjekk enten langs vegen, eller alternativt – i skogen. Eg valde det siste, av nysgjerrigheit. Godt val, tykte eg.
Vi har no ca 200 km igjen.

Vi bur på Alberguet her i A Rúa. Det er nytt og fint, og hospitaleroen har laga middag til oss. Nydeleg mat. Suppe, frisk og god salat og tortilla espanola, med lokal vin og vatn til. Fantastisk👍🏻

I morgon lagar han frukost til oss, kl 7. Kan vi ha det betre?
I morgon er det Quiroga som står for tur, ca 30 km. Dette er ei etappe det er umogeleg å dele. Der er ingen plassar på vegen der ein kan overnatte eller kjøpe seg noko, så alt må planleggast. Det går nok fint, sjølv om det er meldt regn😩
Fleire bilete:






Gode Kari!💕Først : artig å sjå kastanjenøtter, so stappfulle!🤗Tenkjer også på fantastiske steinmurar overalt!
Froderikt og grønt.. og nydelege Geranium.
Kjekt også å høyre at de har fine møte m. lokalbefolkninga!
I skrivande stund håpar eg at de snart har lagt bak dokke 30 km! Skål!🥂God helg, klem.🩷
Takk i like måte, Anny❤️
Ja, framme i Quiroga, to regnbyger i dag, men gjekk fint👍🏻🌈