Tilbake til normalt liv😍

Eg er no tilbake til den normale kvardagen, og det er ein stor overgang. Men eg er betre budd denne gangen, eg veit kva eg går til. 

Då eg pakka sekken i august/september, var første “bod” å få sekken så lett som mogeleg. 

Eg brukte lang tid på å finne alt eg trengde som vog minst mogeleg. 

Eg kjøpte meg ny sekk, 32 liter, Rab, som vog under 1 kg. 

Eg kjøpte ny dunsovepose, som vog ca 480 gr, og superlett regnbukse og superlett dun ytterjakke, nesten vektlaust. 

Eg kjøpte også silke nattøy, nesten vektlaust. 

Sekken blei 6 kg når ferdig pakka. 

Når ein vandrar, kan litt mat/frukt komme i tillegg, samt vatn, som kan verte opp til 2 l, avhengig av temperatur. 

Eg har gått frå sommar i starten, til haust på slutten. Så eg har sendt heim eit par pakkar med klede som eg ikkje trengte lenger, og kjøpt nytt, varmare tøy då det blei kaldare. 

Så den siste månaden hadde eg to ull-T-skjorter, ein langarma, tynn ullgensar, to sett undertøy, tre par labbar (eitt par av ull), ein shorts, ei lett turbukse, og ytterjakke. Ullbuffer, lang, tynn ullbukse (den fekk eg aldri bruk for) og hanskar (i silke) kjøpte eg også etter kvart. 

Så når eg har måtta skifta mellom desse plagga i “garderoben”, så blei det enkle val kvar dag😅

Difor blei det veldig rart i dag, då eg plutseleg hadde eit heilt anna utval av klede å velje i. 

Eg stod framfor kleskåpet og lurte meg grøn på kva eg skulle ta på meg🤣

No skal eg nyte rolege dagar framover, og glede meg over at veret på Vestlandet er bra, med milde temperaturar. 

Takk for turen til alle, seier eg med dette kartet, som syner ruta eg har gått, sånn omlag.

Valencia – Santiago de Compostela

Takk til min australske ven, frå VDLP i fjor, Hugh, som har sendt den til meg.🙏🏻

Camino Levante + Camino de Invierno – ei oversikt over alle etappane, dei første fem i august, før eg avbraut pga varmen, og resten etter 12.september:

August/ September – november 2024:

Valencia – Silla 1/8 – Algemesi 2/8 – La Pobla 3/8 – Xàtiva 4/8 – Moixent 5/8 –

La Font de la Figuera 12/9 – Almansa 13/9 – Alpera 14/9 – Higueruela 15/9 –  Chinchilla de Montearagón 16/9 – Albacete 17/9 – La Gineta 18/9 – La Roda 19/9 – San Clemente 20/9 – Las Pedroñeras 21/9 – El Toboso 22/9 – La Villa de Don Fadrique 23/9 – Tembleque 24/9 – Mora 25/9 – Almonacid de Toledo 26/9 – Toledo 27-30/9, Rielves 1/10 – Novés 2/10 – Escalona 3/10 – Cadalso de los Vidrios 4/10 –  Cebreros 5/10 – San Bartolomé de Pinares 6/10 – Ávila 7-8/10 – Gotarrendura 9/10 – Arévalo 10/10 – Medina del Campo 11/10 – Tordesillas 12/10 – Mota del Marqués 13/10 – Villalpando 14/10 – Benavente 15-16/10 – Alija del Infantado 17/10 – La Bañeza 18/10 – Astorga 19/10 – Foncebadón 20/10 – Ponferrada 21/10 – Las Médulas 22/10 – Sobradelo 23/10 – A Rúa de Valdeorras 24/10 – Quiroga 25/10 – A Pobra do Brollón 26/10 – Monforte de Lemos 27/10 – Torre Vilariño 28/10 – Chantada 29/10 – Rodeiro 30/10 – Lalín 31/20 – A Bandeira 1/11 – Dornelas/Deseiro 2/11 – Santiago de Compostela 3/11. 

Roleg tempo i Santiago de Compostela ❤️

Eg har hatt to utruleg kjekke dagar i Santiago. Mykje takka vere Villar, som er lommekjend her, etter å ha komt her kvart år i 21 år, etter like mange caminoar. 

Etter sin første, bestemte ho seg for at ho skulle gå ein kvart år. Respekt! 

Ho er berre ein nydeleg person, hjartevarm til tusen, fotograf/journalist. Og ho har nettopp fått vite at når ho kjem heim til Pamplona, skal ho truleg på jobboppdrag til katastroferamma Valencia. Det blir brå overgang etter 4-5 veker åleine på vegen. 

I dag har eg vore på messe i katedralen og fått sett “el botafumeiro” igjen. Dette er ein tradisjon som berre finst i katedralen her i Santiago. I andre katedralar er det i mykje mindre målestokk. 

Den skal vere eit symbol på renselse, og røyken skal svi vekk lukta av stinkande pilgrimar🤣 

Uansett, veldig kjekt å oppleve. 

Nokre fakta:

Thurible/kanna svingar opp i nesten 21 m høgde, og har ein boge på 65 m. Toppfart på nesten 70 km i timen.

Klargjering for botafumeiro.

I tillegg har eg vore hos ein kunstnar, som er god ven av Villar, Juan Carlos Zamora Tamayo, med Zamo Tamay som kunstnarnamn. Kolombianar som bur i Santiago.

Han var berre ein veldig fin og hjartevarm fyr. 

Juan og Villar.

Eg har valt meg ein original, som han skal gjere om til ein personleg Compostela til meg❤️ 

Dette skal bli min personlege Compostela.

Skal hente den i morgon, gler meg veldig til å sjå korleis det har blitt. 

I morgon skal eg ta flyet heim til Norge. 

Det blir også veldig bra❤️

Santiago-glimt:

Inngang til kunstnaren Zamo Tamay.
Tilgivingas dør, “La puerta de Perdón”. Denne er open berre den eine dagen den 25.juli fell på ein søndag. Neste gong blir i 2027. Du kan berre gå UT av denne døra, og då blir du tilgitt alle dine synder!

Og på hjørnet av katedralen fann eg han her, etter det var blitt mørkt:

Pilgrim på ville vegar?

Frå innsida av katedralen:

Meir om Santiago her:

https://www.beringtravel.com/no/inspirasjon/santiago-de-compostela

Dornelas – Santiago de Compostela 

Søndag 3.november

Dag 57, etappe 53

40448 steg, 28 km. 

Endeleg framme i Santiago de Compostela. 

Like stort kvar gong❤️ 

Eg starta Camino Levante åleine, og eg gjekk inn i Santiago åleine! 

Eg klarte det❤️ 

❤️❤️❤️

Det er første gang eg går inn til Santiago åleine. Det var annleis, ingen å dele augneblinken med, men fint også. 

Eg kjenner meg overvelda, for det har vore så mykje kjensler undervegs med trøblete leggar, og har aldri vore heilt sikker på korleis det skulle gå. 

Men å gi seg har aldri vore eit alternativ. 

Eg er lukkeleg over å ha komt fram, og eg er eigentleg kjempestolt av meg sjølv, eg tillet meg å seie det. 

Det er heilt rart å tenkje på at eg har halde på med dette i 8 veker og to dagar. Eg fattar det eigentleg ikkje. 

1200 km. 

Det er jo eigentleg ganske sprøtt, og kanskje må ein vere litt sprø for å gjere det. I allefall Camino Levante, som er den lengste Caminoen, og som blir rekna for å vere den hardaste, som eg har nemnt før, – ikkje pga av lengda, men fordi den er så einsam. 

Eg veit no, at hadde ikkje Isabella dukka opp, så hadde eg vore åleine på vegen heilt til Astorga. 

Eg trur eg ville ha takla det også, men jammen er det godt med litt selskap. 

Dagen i dag blei annleis enn planlagt. 

Pga hendinga med hundebitet i går, og eg hadde ambulanse etter Dornelas, så bestemte eg meg for at eg måtte berre gjere gårsdagens etappe ferdig i dag. 

Så Carmiña på Reina Lupa, bestilte drosje til meg kl 7 i dag, for å køyre meg dit eg slutta i går. Drosjesjåføren var ein hyggeleg mann, full av bekymring fordi det var mørkt, og han nemnde ein bratt bakke på veg til Pont Ulla, der eg måtte passe på å ikkje falle❤️

Eg var ikkje redd då eg starta og gjekk gjennom skogen (med hauelykt), men eg var ikkje veldig høg i hatten🥺

Den distansen + 10,5 km frå Deseiro/Reina Lupa, blei altså dagens etappe, 28 km. 

Eg gjekk kjempefort, og stoppa for kaffi hos Carmiña.

Carmiña, full av omsorg for pilgrimane, og vertinne for eit flott Albergue. I går kveld laga ho nydeleg suppe til Villar og meg, “på huset”😍

Eg ankom Santiago i 13.30 tida. Desse siste 10,5 km var ei rein nyting å gå. Fint ver, fin veg, og merkesteinar som viste nedteljinga. Motiverande.

Nydeleg ver, varmt, 21 grader. Heilt fantastisk. 

Det var sterkt å komme fram. Men denne gongen var eg meir førebudd enn i fjor, fekk ikkje kjenslene “i fleisen”, slik eg gjorde då.

Men uansett, sterkt. Eg blir litt overvelda, for det er klart, det har vore ei mental påkjenning å gjere dette, eg må innrømme det. 

I kveld har eg vore på messe i katedralen, men eg trur eg vil gå i morgon kl 12 også, kanskje eg får oppleve botafumeiro-en då. 

Vakker katedral.

Har møtt på Villar, frå Pamplona, og vi har feira oss sjølve med eit par øl på bar. 

Vi bur på San Martín de Pinario, eit gammalt munkekloster, som dei har gjort om til m.a overnatting for pilgrimar og andre. Rett ved sidan av katedralen, supersentralt. Små rom, med eige bad. Billeg, og frukost inkludert.

Nydeleg atmosfære, hyggelege tilsette. Her blir det bra å vere i tre dagar før heimreise.

Bur her, i delen til venstre.
Utsikt frå rommet mitt i 4.etasje.

I morgon? Rusle rundt og nyte langsamt tempo 👍🏻🥰

Glimt frå dagens vandring:

Fontene med kaldt, godt vatn.
Romersk bru over elva Sar
Mazarelos-porten

A Bandeira – Dornelas

Lørdag 2.november

Dag 56, etappe 52

9636 steg, 5km

For ein dag!!

Men slik er Caminoen, ein må ta det som kjem, og som skjer på vegen. 

Forlét herberget ca halv 8 – etter ei dårleg natt. Fleire som bur der som ikkje tenkjer på at dei skal gå roleg i dørene, t.d. fordi folk har lagt seg. 

Nok om det! Får nok sove godt i natt🤞🏻 

Frukost på bar, og starta gå kl 8.

Nydeleg ver, men kaldt. Litt tåke.

Buen Camino💀🎃

Hadde bestemt meg for å gå roleg i dag, og verkeleg nyte turen, og naturen og Camino-kjensla. Det gjorde eg også, heilt til eg møtte ein laus hund. 

Eit vegkryss mellom to gardar. Hunden sat der så fint, og eg såg eit fint motiv: hunden og vegvisarsteinen for Caminoen. Eg øver meg litt på å ikkje bli redd desse lause hundane, tenkjer at eigaren hadde ikkje lete hunden gå laus, viss den var farleg…… Eg har hatt- etter Toledo – eit par gåstikker, som eg hadde tenkt å ha ned meg heilt hit, der eg bur i kveld, på Albergue Reina Lupa i Deseiro.

Uansett hadde eg ikkje fått dei gjennom sikkerheitskontrollen på flyet heim. Men så gløymde eg dei att på rommet på alberguet i Quiroga, og hadde allereie lagt nøklane til rommet i nøkkelboksen….. 🤨   

Så…. Rett før eg kom fram til hunden, la han seg ned, og følgde meg med blikket når eg passerte. Eg likte ikkje auga hans, så eg tenkte at no må eg berre gå veldig roleg….. Han følgde etter meg, og eg gjekk roleg, og så plutseleg hogg han til i bakleggen, rett over hælen! 

Å nei! 

Dritthund! 

Han kom igjen, og eg skreik alt eg klarte at han skulle dra til………!

Nyttelaust å få kontakt med eigar kl 9 ein lørdag, så eg valde å gå til neste plass der det bur folk, Dornelas. 

Kyrkja San Martiño i Dornelas, romersk kyrkje frå 1100-talet.

Der traff eg ei dame i ein bil, ved denne kyrkja, som hjelpte meg med å ringe lege. 

Deretter kom Villar (som eg nemnde i går), ho hadde slåss mot same hunden. 

Ho ringde politiet, og både politi og ambulanse kom. 

Så her har vore liv i leiren med heile pakka😅

Lege, sjukehus, dagen har gått med, og eg har enda opp med antibiotika, og ikkje rabies-vaksine. Dei meinte bestemt at eg trengte ikkje det. Stivkrampe-vaksinen tok eg omatt i mars, nettopp med tanke på Caminoen og denne risikoen, heldigvis🙏🏻

Så no endar eg med beslutninga å ta taxi i morgon kl 7, til Dornelas, for å ta resten av dagens etappe + 10,5 km frå her = 27-28 km til Santiago. 

Eg kjem då seint fram, men det får våge seg. 

Håpar det ikkje blir meir drama 🤞🏻💪🏻

Lalín – A Bandeira

Fredag 1.november

Dag 55, etappe 51

32312 steg, 22 km

I dag har eg vore 8 veker på vandring. 

Det er utruleg å tenkje på……

Det er festdag i Spania, det er 1.november, “De dødes dag”, og det er nasjonal fridag. 

Men eg lukkast å få frukost på ein open var i Lalin, før eg starta å gå litt før kl. 8. og i dag har eg gått veldig fort. Litt for å teste meg sjølv, men mest fordi vi misforstod litt info på Instagram, om ein som hadde komt til fullt herberge i A Bandeira i går, og eg ville sikre meg ein plass. Og så viste det seg at det ikkje var her det hadde vore fullt😩 

Slik kan det gå når ein ikkje sjekkar fakta førut! 

56,5 km igjen til Santiago, då eg forlét Lalin. Første del i dag, var på ein fredeleg turveg langs elva Pontiňas, med over 15 små bruer, og eit dusin vassmøller.

56,456 km att.
Mølle
For meg som gåande, er det 51 km att.

I dag har eg gått gjennom skog og jordbruksland, litt som i går. Sterke lukter frå gardane vi passerer. 

Mykje mais-avlingar som står og ventar på å bli hausta. Nokre stadar, som her, er maisstokkane skorne ned:

Eg har passert ei nydeleg, lita romersk bru, Ponte Taboada, bygd over elva Deza i 912. Namnet betyr “bru av tre”, og er brua som erstatta tidlegare bru bygd av tre, difor same namnet. 

Her er også mange fontener på vegen, der du kan fylle vassflaska med reint, kaldt vatn. 

Eg er berre så utruleg heldige med veret! Det er trass alt november. Og i dag har det vore nydeleg og varmt. Har gått i shorts siste veka, og i T-skjorte frå litt utpå dagen, i dag frå i 10-tida. Og meldingane til og med søndag/måndag er fine. 

Galicia er, vêrmessig, veldig likt Norge og Vestlandet, som eg har nemnt tidlegare, mykje regn. Så dette har vore full klaff. Eg har hatt skikkeleg med regn berre 3 gongar i løpet av desse 8 vekene. Griseflaks! 

Ein plass å sette seg ned, har vore så godt som fråverande tidlegare på vandringa. Har sakna det mange stadar. Men her, i Galicia, har dei sett ut spesielle benkar for pilegrimane.

Andre kan sjølvsagt også bruke dei😀

No er eg her, i A Bandeira, ein lite interessant plass med ei hovudgate, og det er nesten alt. Eg hugsar plassen frå i fjor. Eg er nemleg no komt over på Camino Sanabrés, som er avslutninga på Via de la Plata, og dei to siste etappane eg gjer no, er dei same som i fjor. Det er jo litt koseleg, eg har kjekke minne frå dei. 

Eg kom hit før halv 1, og har ete middag på ein restaurant her, og fekk etter kvart selskap av Vellar (frå pizzarestsuranten i går), ei tøff dame frå Pamplona, som har gått Camino Olvidado, og no Invierno. Ho gjekk sin første Camino i jobbsamanheng (journalist) for 20 år sidan, og har sidan gått ein Camino kvart år. Ho er verkeleg veteran!

Her er 5 pilgrimar på herberget i natt, 4 gåande og ein syklist. 

I morgon går eg til Deseiro, til Alberguet Reina Lupa, der eg overnatta i fjor. 

Gler meg til det. 

23 km.  

Rodeiro – Lalín

Torsdag 31.oktober

Dag 54, etappe 50

32037 steg, 22,4 km

Regnet har styrta ned over sør- og aust-Spania, katastrofale tilstandar m.a i Valencia, og det er ikkje til å fatte. 

Og – bank i bordet – her går vi i regnfulle Galicia og har fint ver. 

Ikkje til å tru. Og eg kryssar fingrane for at eg kjem meg fram før evt  regnet kjem. 

Nydeleg vandrevêr i dag. Litt kaldt i starten, men enda opp med å gå i T-skjorte. 

Vakker morgon:

Kvar dag er så ulik den forrige, som regel. I dag har eg gått gjennom jordbruksland, i motsetnad til i går. 

Med alt det medfører av diverse odørar. Silolukt, kyradrit, fjøs…….  

Har gått gjennom ein del gjørme, verste tilfella så langt desse 8 vekene. Det var på hengande håret at eg kom meg forbi utan å dette uti. 

Fleire dagar sidan det regna, så lurer på korleis det hadde vore viss regn🤔😩 Her tok eg ingen bilete. Hadde meir enn nok med å halde meg på beina😩

Mykje kyra- skit nedi, så måtte vaske av skoa ved første bekk eg kom til. 

Eg har også gått gjennom ein del skog i dag, furu og eik, for det meste, men også bjørk, og – sjølvsagt – kastanjetre. Nokre stadar ligg kastanjenøttene/kapslane som eit piggete teppe på stien. 

Vi passerte ei bru frå middelalderen ved Ponte, ca 10 km frå Lalin. Brua er frå 1100-talet, og blei restaurert nyleg, med t.d å legge stein på vegen over brua, i staden for asfalt.

Romersk bru ved Ponte

Kom fram til Lalin i halv 1-tida. 

Lalin

Lalín er sentrum/midtpunktet I Galicia. På kyrkjeplassen er dette markert.

Bronseskulpturen av grisen, av Manolo Rial, er ein velfortent hyllest til den viktigaste bidragsytaren til spansk gastronomi.

Hadde reservert rom på herberget, og gjekk til Daniel i nabohuset, for å få stempel. Vertinna på herberget i Ponferrada sa nemleg til oss, at vi måtte gå til Daniel og få eit spesielt stempel i pilgrimspasset. Då eg kom, visste han at eg var frå Norge. Dei hadde kommunisert, han og ho i Ponferrada.

Utruleg fascinerande å sjå på han når han jobba med stempelet.

Og slik blei det sjåande ut. Ein skatt eg vil ta vare på:

Han visste alt om Caminoen, og gav meg gode råd for dei siste tre etappane. 

Ei kjekk oppleving. 

Pizza til middag på A Casa do Goto, Pizzería, saman med Isabella og ei spansk jente, Villar Lopez, journalist. Beste pizza eg har smakt på lenge. 

No skal eg ut og sjå meg rundt. 

I morgon går eg til A Bandeira, ca 22 km. 

Tenk at eg snart er framme….🙏🏻

Fleire glimt frå dagen:

Monument reist i 1993, for å ære den lokale helten, Joaquín Loriga, yrkespilot, under Rif- krigen 1922-26.

Chantada – Rodeiro, og eg er ca 79 km frå målet.

Onsdag 30.oktober

Dag 53, etappe 49

36704 steg, 26 km. 

4 etappar att. 

Uverkeleg eigentleg, at eg snart er i Santiago. Men jammen er det godt også, spesielt etter at venstre leggen har begynt å murre. Men det har gått fint i to etappar no, så då får eg tru det går bra heile vegen fram. 

I starten av etappen, kom eg til dette lille kapellet, som er bygd for å hjelpe sjelene frå reinsinga til oppstandinga. Bidrag i form av andre sine gode gjerningar, eller ved sjelemesser, kunne forkorte denne lidinga. I protestantismen kjent som Skjærselden.

Dagens etappe blir rekna som hard. Vi går opp på fjellet Monte Faro, på 1100 moh, frå 500. 

Der finst mulegheiter for å gå rundt, men eg ønska å få med med utsikta der oppifrå. 

Eg synst det har vore ein fin vandretur, i strålande fint ver, og fin temp. Ingen skodde som dei to føregåande dagane, men litt kjøleg vind. 

Fint underlag, grusveg. 

Taverna de Peto i Penasillás var einaste høvet for ein kopp kaffi undervegs. Den nytta eg sjølvsagt. Her var også delingspunktet for dei som ville gå rundt fjellet. 

Taverna de Peto

Turen oppover og utsikta frå vegen var verdt turen! 

Herleg å gå der åleine i fred og ro, og nyte stillheita. 

På turen nedatt var eg i selskap med mange vindmøller. 

Ikkje lenger så stille då, ein jamn dur når ein var i nærleiken. 

Men eg registrerer at det er lite sår i naturen her etter møllene. Men no er desse sikkert berre halvparten så høge som dei dei bygger heime?🤔 

Møtte Isabella på veg nedatt. 

Vi åt middag på ein bar ca 1 km frå Rodeiro. 

Der blei vi klar over katastrofa som har ramma spesielt Valencia og Albacete i dag. Store nedbørsmengder har ført til mange døde, i skrivande stund er talet komt opp i 95. Eg starta Caminoen i Valencia, og Albacete var ein av stoppestadane undervegs. Kjempetrist å sjå.

I morgon er det Lalin, 21,9 km. Det er ein større by. 

Bra vermeldingar, men Yr meiner det kanskje kan komme litt regn. 

Fleire glimt:

Hórreo. Typisk for Galicia.

Torre Vilariño – Chantada 

Tysdag 29.oktober

Dag 52, etappe 48

Ca 15 km. 

Kom til Chantada ganske tidleg, i 11-tida. 

Kort vandring også i dag. Det var fornuftig for beina, spesielt venstre foten/leggen. Men det gjekk fint, hadde på tape, det funkar fint. 

Tåke i starten. Men fine meldingar.

104 km att, fordelt på 5 etappar. Tre av desse er dei siste på Camino Invierno, dei to siste er på Via de la Plata. 

Det skal bli godt å komme fram, eg må vere ærleg å seie det. 

Vakker og giftig.

Dagens vandring har vore veldig fin. 

Heldigvis forsvann tåka tidleg, så eg fekk nyte utsikta. Nedstigning til Belesar, som ligg på ca 200 moh, og så rett oppatt. 

Eg likar desse høgdevariasjonane, og er vel litt av grunnen til at denne Vinter-Caminoen er rekna som svært vakker. 

For oss vestlendingar som har vakse opp med fjell, er desse høgdevariantane  for ingenting å rekne. Det er eit faktum😊 

På veg ned til Belesar, hadde eg flott utsyn over elva Miño, som vi såg frå utsiktspunktet i går kveld. 

Fascinerande å sjå, på nært hald, drueplantasjane som låg i terrassar i dei bratte bakkane. 

Ribeiro Sacra – vinen blir resultatet. 

Belesar

Gamle steinlagde stiar gjennom skog på ein del av etappen, men også ein del asfalt. Men heldigvis på veg med liten trafikk. 

Nydeleg haustvêr også i dag, sol litt utpå dagen, men kjøleg. 

Vi har vore bra heldige med veret. Ikkje mykje regn, for ein flaks! 

Såg den første “hórreo” i dag, desse typiske små husa der dei oppbevarer korn. Slik som dei norske stabbura, med føter å “stå på” – med avstand til golvet, for å hindre rotter å komme til. 

Eg kjem nok til å vise fleire døme på desse dei neste dagane.

Hyggeleg middag ute med nye brasilianske vener, Valesca og Guillermo, og rusletur på turstien langs elva Asma. 

Vi bur på eit flott Albergue/ hostal, Dpaso hostel. Det er moderne, og her er alt ein treng.

I morgon går etappen til Rodeiro, omlag 25,4 km. 

Fleire bilete:

Chantada i sikte.

Monforte de Lemos – Torre Vilariño

Måndag 28.oktober

Dag 52, etappe 47

15 km

Frukost kl 7.30, som vertskapet serverte, m.a med det typiske syltetøyet her, membrillo, som er laga av kveke. 

Kald, fin morgon, og masse tåke. 

I lag med Valesca og Guillermo.
Storkereira i nabolaget.
Romersk bru, midt i byen.

Tok ei god stund å komne seg ut av byen. 

Nydeleg vandring i dag, når vi berre kom oss ut av byen, og over på turveg. 

Vakkert terreng, skog og ope landskap omeitanna, og ein god del stigning, frå 200 moh til 600.

Det tykkjer dei jo er mykje her nede…🫢🤔 

Skodda letta først i 11-tida, så “mista” ein del utsikt undervegs.

Eg møtte på dei to spanjolane, Pepe og José María undervegs, dei hadde gått litt i førevegen, skulle gå 30 km.

Eg gjekk vidare i lag med dei til Torre Vilariño, der dei tok ein kaffi før dei gjekk vidare, til Chantada. Isabella og eg, pluss det brasilianske ekteparet Valesca og Guillermo skal overnatte her.

Vi passerte eit hus og hadde lang prat med ho som budde her. Dette er å gå Camino❤️
Adjø til gode Camino-vener.

Ein sjarmerande plass, Casa Rural, og litt luksus med stort, kvitt handklede, m.a.

No har vi ete ein god middag, og vore på to miradores/utsiktsplassar, som er her i nærleiken. Vi fekk nyte flott utsikt over elva Miño.

Minte meg om ein norsk fjord.

I morgon går vi til Chantada. 15 km. 

Håpar det går bra, for no har venstre leggen begynt å murre kraftig 😮😦

Fleire augneblinkar:

Her dyrkar dei drua som blir Ribeira Sacra- vinen, vi fekk smake i går. Druene veks i bratt lende, i terrassar.
Flott plass, Torre Vilariño.

A Pobra do Brollón – Monforte de Lemos

Søndag 27.oktober

Dag 51, etappe 46

19870 steg, 12,5 km

Det er ei utfordring for oss, desse spanske ete-vanane. Kjøkkena på restaurantane stenger for laging av varm mat i 15-15.30-tida, og opnar ikkje att for middag før i 20-20.30 tida. Altfor seint å ete middag då, for oss. Men i går takka vi ja til tilbod om frakta middag til herberget, kl 20. 

Med det til følge at fleire enn eg hadde problem med å sove etterpå. Nok ein lærepeng😅

Dagens etappe var kort-kort, kun 12,5 km. Difor ikkje frukost før kl 8. Starta nærare kvart på 9, og var framme i 11-tida. 

Litt kjedeleg etappe, fordi det var lite variasjon, nesten heile vegen gjennom skog. Men eg likar at det er slik variasjon frå etappe til etappe. Eg veit aldri kva dagen bringer når eg startar. Det synst eg er spennande.

Så i dag var det berre nokre få avbrekk der vegen gjekk gjennom nokre små landsbyar, alle utan bar og kaffiservering. 

Men nydeleg ver, om enn litt kjøleg.

Herberget vi bur på, Lemavo Pilgrim Hostal, er kjempebra, med veldig hyggeleg vertskap. Her er sengetøy og handkle, slik som i går. Eg er så lukkeleg kvar gong eg slepp å bruke reisehandkledet mitt👏🏻😀 Og her er lys og stikkontakt til ladar ved kvar seng, skikkeleg lys på badet, kort sagt – alt vi treng for eit enkelt liv👏🏻 

Vi blei anbefalt, av vertskapet, ein akkar-restaurant, “Os Chaos”, der spanjolane går, så Isabella og eg gjekk dit, og etter kvart kom også Pepe, ein spanjol frå Cádiz, pilgrim som oss. Dei åt akkar, men eg satsa på andre ting😊 

Isabella har fått god hjelp for smerter i korsryggen, av denne profesjonelle sportsmassøren frå Madrid, José María Vícedo, som også går Camino de Invierno.
Her lagar dei til akkarmåltidet medan ein ser på.

Etter middagen, rusla eg rundt eit par timar, og var opp på borga som ligg som eit Akropolis midt i byen. 

Her finn ein m.a. Monasterio de San Vicente do Pino (som no er luksushotell) og Castelo de Monforte, med Torre de Homenaje, bygd i løpet av 12-1400-talet. 

Torre de Homenaje

“Tårn for respekt/honnør”, namnet gitt fordi det blei brukt til forsvar, men også fordi dei her hadde æres-seremoniar. Tårnet er 30 m høgt, og nokre stadar er veggane 3,5 m tjukke. 

Her oppifrå hadde eg flott utsikt over byen. 

Rundt det heile ligg restar etter det som var muren rundt gamlebyen, med det jødiske kvartalet. Her var det m.a fengsel. Her finn vi også ein av dei gamle inngangane, Puerta de la Alcazaba. Muren er sjølvsagt restaurert.

Puerta de Alcazar
Same inngang, men frå hi sida.
Alcazar – rundt gamlebyen.

Ein hyggeleg rusletur på ein søndag ettermiddag. 

Storkereir i mastene til jernbanesporet. Eg kunne telje nærare 15 reir, frå der eg stod.

Hyggeleg avslutning på dagen med sosialt samvær over eit glas Rebeira Sacra-vin, sjølvprodusert på huset, saman med vertskapet og nye pilgrimsvener.

Etappen i morgon er eigentleg på 30 km, til Chantada. Men vi har delt den i to, og går til Torre Vilariño, litt utanfor Fión, ca 15 km. 

På veg opp til borga, fann eg denne originale måten å dyrke squash.
Treng ikkje bed, når ein har ein steinmur😊
Park, Monforte
Denne magnoliaen blir nok vakker når den står i blomst.