Camino Norte. Dag 17: Colombres – Llanes

Torsdag 20. august

36964 steg

23 km

Stod tidleg opp, starta å gå kl 6. Ganske mørkt, men det gjekk fint. 

Eg brukte ein time på 3 km til La Franka, fordi det var så mørkt. Då var stavane gode å ha. 

Frukost i La Franka, der eg presterte å gå frå rekninga. Og det har plaga meg i heile dag. Følte meg som verdens verste, tenk at det går an!!!!Eg kom på det etter ein times gange etterpå🫣 Massi sa at dei kom ikkje til å gå konk på ein liten frukost, men uansett……😩

Vi har hatt regn i dag! Ikkje berre litt lett regn, men skikkeleg regn.

Full mundur med påkledning. No skulle Goretex skoa mine frå LaSportiva bli testa. Rett nok kjøpte eg dei i fjor, for å gå dei inn, men har ikkje utsett dei for dei heilt store utfordringane. Eg er litt i tvil om dei er heilt vasstette, var litt våt på sokkane. Hm🤔

Møtte Massi etter den nemnde frukosten, og vi gjekk meir eller mindre i lag til Llanes. Eg, ein hundre meter foran, det er jo tungt å bere 15 kg😊

Regnet sette ein dempar på dagen i dag. Ganske kjøleg, tydeleg temperaturfall. 

Vi har gått gjennom eit stort område med naturpark i dag. Underlaget har vore supert, for det meste. Lite asfalt samanlikna med andre etappar. 

Hausten har begynt å komme, også her.

Vi passerte eit naturfenomen på vegen, « Los bufones de Arenillas», eit slags blåsehol, eller havgrotte. Vi såg ingen vatn komme opp, har kanskje noko med flo og fjære å gjere? Eg trudde først det var torden eg høyrde. 

Artig å sjå og høyre. 

Eit blåsehol.

Masse grøn og urørt natur i dag, sidan det var naturpark. 

Også mange små landsbyer å gå gjennom. 

Ankom Llanes kl 13. 

Massi klarte å ordne ei seng til meg i går, på herberget «La Estación» (namnet fordi det er jernbanebygning). Det var verkeleg redninga for meg, for eg klarte ikkje å komme meg på internettet i Colombres, utan at eg var knytt til WiFi. 

Fint herberge, deler rom med tre andre, som eg ikkje anar kven er. Slik er livet på eit herberge. 

Llanes verkar å vere ein fin by. Byen har ein gammal del, som er frå 1200-talet, med ein 840 m lang kvadratisk mur rundt. 

Byen har mange fine strender som ligg nært byen, og inkludert omegn bur her ca 13000 menneske.

Llanes i sikte.
Tårnet, i muren.

No har eg kontroll på overnatting heilt fram til Oviedo, tysdag. 

Eg pustar letta ut. 

I morgon er målet Ribadesella, 30 km. 

…………………………..

Camino Norte. Dag 16: Playa de Oyambre – Colombres 

Onsdag 19.august

33939 steg

23 km

Flott dag på vegen i dag. Overskya heile dagen, perfekte temperaturar, starta ca på 20, var 26 då vi passerte ein by undervegs.

Hadde frukost på hotellet, med egg og ferskpressa appelsinjuice, m.a. Eg går lenge på ein god frukost. 

Dagens etappe blei litt kortare, fordi vi gjekk 4 km ekstra i går. 

Massi kan ikkje engelsk, vi kommuniserer på spansk. God trening👍🏻
Mange surfarar her.

Den har vore full av flotte landskap. Her er det så grønt og frodig. Flotte gardar der kyrne beiter ute, og ser ut til å nyte gode dagar. 

Og fine strender, ideelle for surfing. 

Her er mange turistar som ferierer, hovudsakleg spanjolar, som truleg flyktar frå varmen lenger sør. 

Campingturisme er populært her, store og fulle campingplasser. 

Pust og pes opp her.

Etappen har hatt fleire motbakkar, så vi har skikkeleg løyst svetten i dag.

Då vi kom til Unquera, 1,8 km frå Colombres, møtte vi ein eldre mann, som vi kjende att frå Caminoen, som steig ut av ei drosje. Hadde nok ikkje gidda å gå i dag. Men han kom stigande inn på herberget som om han hadde jobba hardt. Og då hadde han berre gått siste par km til herberget her. 

Då eg kom fram til herberget, stod der fleire sekkar med postmerke på, transportert dit. Og vi har gått forbi fleire i dag, med berre små dagstur-sekkar. 

Ein forholdsvis ung pilegrim som sat der, då eg kom, var ganske forbanna då han oppdaga dette, for – dei «konkurrerer» om dei same sengane på herberga. 

Med gårsdagen friskt i minne, så må eg seie at det ergrar meg også. 

Ein spanjol eg snakka med her i dag, sa han måtte reise heim til Santander og sove der i natt, faren hadde måtta hente han, for bussane  var fulle. 

I dag tok han buss tilbake til Comillas, for å starte igjen. Slik skal det ikkje vere. 

Han sa det same som det eg uttrykte i går, at det tek vekk gleda med å gå og gjere ein camino, viss ein skal berre drive med å stresse for å finne ein stad å bu dei neste etappane. 

I dag har vi gått inn i Asturias, etter byen Unquera, brua der vi kryssa elva Deva. 

Vi er i Asturia
Slik kan også Caminoen sjå ut, nydeleg veg oppover til Colombres.

Ankom Colombres kl 13. Byen ligg 110 moh, og har vel 1300 innbyggjarar. 

Koseleg, lite by. 

Colombres

Massi har gått vidare til neste by, La Franca. Møter han nok på vegen att i løpet av morgondagen.

I morgon går eg til Llanes. 22.9 km.

Eg har fått meg seng på eit herberge der👍🏻 Startar tidleg, så eg kjem tidleg fram.

Det er meldt regn ☔️🫣

………………..

Ein liten, søt kanin i vegkanten.
Fare for pilegrimar🤣
Kapell «Carmen»

Camino Norte. Dag 15: Santillana del Mar – Playa de Oyambre

Tysdag 18. august

40293 steg

27 km

Eg har i allefall i dag oppdaga at eg ikkje skal reise til dette området i august, når «alle» spanjolar m.fl. har ferie. 

Ingen plass å oppdrive som hadde ei ledig seng i Comillas eller området rundt. 

Har i alle fall fått banka inn i knollen kva «fullt» er på spansk, «completo». 

Til slutt fekk vi rom på apartamentos Villa Sofia i Oyambre. Hotellet ligg i eit naturpark- område. For ei lette!

Så dette ser ut til å bli ei utfordring framover, resten av august, truleg. 

Veit ikkje kor mange telefonar eg har teke i dag. Brukte ein del tid på dette, så kom ikkje fram hit før halv fire. 

Eg må bruke ein del tid i kveld på å sjekke seng på ulike plassar i løypa framover. 

Eg er så glad for at eg valde å gå til Santillana del Mar i går, så eg fekk oppleve å sjå den plassen. 

Nydeleg middag fekk vi på alberguet, som altså er eit nonnekloster. 11 € for tre rettars middag er ikkje verst.

Middag på klosteret,

Fekk selskap på rommet av ei ung kinesisk jente, dette var hennar første camino. 

Frukost kl 7, og så var det berre å gå. 

Fantastisk flott etappe i dag. Eg trekker tilbake det eg skreiv om Cantabria i går, truleg var det fordi det var omgivnadane til ein stor by vi gjekk gjennom då. 

I dag har det vore idyllar vi har passert, vegen leia oss gjennom mange små, koselege byar. 

Temperaturen har vore ideell, starta ca på 20, og 26 grader då vi kom til Comillas. 

I morgon går eg til Colombres, ca 24 km. Der er det eit herberge med 130 sengar, så det tek eg sjansen på går bra😊

Eg nærmar meg ein ny region, Asturia. Der har eg aldri vore, det blir spennande.

No middag, snart, så arbeid med booking nokre stadar. 

¡Hasta mañana!

…………………

Camino Norte. Dag 14: Santander – Santillana del Mar

Måndag 17. august 

49405 steg

34,5 km

Massi serverte pasta frå Italia til middag på herberget i går. Han har bore den med seg i sekken (ikke rart den veg 15 kg.)

Vi spedde på med olje og tomatsaus, og litt salte pølser. 

Det var kjempehyggeleg. 

Så las eg i går at Santillana del Mar var ein av dei vakrast byane i Cantabria, og begynte å leike med tanken at eg kanskje skulle gå dit i dag……i staden for Duález. 

Etter å ha stått opp 5.30, og klar til å gå ein halvtime etter, så blei eg glad når Massi ønska å gå i lag med meg, så då var valet lett; å klare å gå like langt som han hadde plan om, til Santillana del Mar. Han sende den tyngste delen av sekken med transport, og bar med seg ca den vekta eg har i min sekk.

Frukost etter to timers gange, nokre stadar er det vanskeleg å finne ein bar som er open om morgonen. 

Dagens etappe har vore litt kjedeleg, om eg kan seie det, lite å sjå, hardt for beina med berre asfalt, og det slår meg at regionen Cantabria verkar mykje meir fattigsleg enn Baskerland. 

Sitron 🍋

Men perfekt temperatur for gåing, ca 23-24 grader, og overskya. Fare for regn, som aldri kom. Heldige igjen🙏🏻

No er vi framme på herberget «Albergue el Convento» her i Santillana. Det er eit stort kloster med hage, stor og god plass. 

Golva inne i klosteret er slik dei var.

Eg har fått meg eit tomannsrom i damefløyen, kryssar fingrane for at eg får ha rommet for meg sjølv. 

Ikkje heilt flatt, dette golvet😊

Middag kl 20 her på klosteret. 11 € for trerettars middag. 

Og frukost i morgon kl 7. 

Kan ein ha det betre🤔

Santillana del Mar er ein gammal middelalderby, kalla «byen med tre løgner»: der er ingen Saint (Santa) her, den er heller ikkje flat (llana) og den ligg ikkje ved havet (mar). Gatestreinane er godt bevart. Sidan juli 2013 har den blitt rekna som ein av dei vakreste byane i Spania. 

Den står på UNESCO si verdsarvliste. 

Vel 4000 innbyggjarar, mange jobbar i turistnæringa, m.a overnattingsstadar. 

Mange turistar her. 

Imponerande å gå rundt her, og sjå kor fint dei har teke vare på bygningar og gatesteinane. 

I morgon ventar Comillas. 

Vel 22 km. 

………………………………

Santillana del Mar:

Drikkekjelde
Vaskeriet
Koselege, små butikkar
Utkanten av byen.

Camino Norte. Dag 13: Güemes – Santander

Søndag 16.august

15798 steg

13,2 km

Sein middag i går, altfor seint å etemiddag kl 21.

Men det var eit veldig hyggeleg måltid, sosialt og kjekt. 

Difor blei det veldig seint før gårsdagens rapport blei lagt ut. Fullt av gjøremål som blei prioritert foran det, beklagar ❤️

Men håplaust å få sove etterpå. Og attpå til var der ein italienar på rommet som snorka heile natta gjennom. Han advarte oss førut, tilbydde øyreproppar, men det er ikkje hjelp i for meg, for dei dett berre ut😩 

Eg sov kanskje tre timar i natt…..

Frukost på herberget kl 7, før vi gjekk avgarde, 7.30. 

Veldig spesielt herberge, og nydeleg konstruert heile området. Eit minne for livet å vere der.

Regn i dag. Måtte fram med regnbuksa, og regnponchoen, for første gang på denne turen. 

Vi hadde ca 11 km å gå før båten over til Santander gjekk frå Somo kl 9. 

Vi mora oss med «ro….ro….ro…» på båten over, så dette norske varemerket frå VM er noko som heile verda har merka seg. Problemet er at sør-europearane har problem med å seie den norske o’ en😊

Vi gjekk fort, i regnet – yr.  

Flatt og kjedeleg veg, på asfalt. 

Men kort etappe, det var rett og slett litt nydeleg. 

Fare for villsvin🫣

Mat i Santander, ein bra stor by med ca 176000 innbyggjarar.

Så måtte vi seie adjø til Pablo, som skulle avslutte Caminoen. 

Det har vore ei glede å gå i lag med han; sosial, hjelpsam, snakkar med alle, og snill.

Her er mange kjekke ungdomar som går, ofte åleine. 

Eg bur på herberget «Albergue de peregrinos Santos Mártires» her i Santander.

Det opna kl 13. Her er det klaustrofobisk, trangt, og ein nedtur i høve gårsdagen. 

Massi, frå Italia, og eg var dei første som fekk seng, og sidan har det berre blitt fylt opp meir etter kvart. Heldigvis kom den snorkande italieneren først no, og havna på eit anna rom enn meg🙏🏻

Ein liten svipptur innom katedralen, før den stengte. Fin katedral. Og fin anlegg rundt.

La Catedral.

I kveld pastamiddag på herberget, med Massi som kokk, han har dragsa på pastapakkar frå Italia, ville gjerne lette sekken🤣

Herleg med ei slik kort etappe, slepp klesvasken i dag. 

I morgon Duález, 30 km. 

Huff, det blir litt langt. 

Håpar å sleppe unna regnet. 

Camino Norte. Dag 12: Laredo – Güemes

Lørdag 15.august

42386 steg

27,9 km. 

I går kveld hadde vi skikkeleg torever, lyn og torden, som skralla i veggane på klosteret. Og styrtregn. 

Det var fiesta i byen, så masse bråk, og liv og røre til langt på natt. 

Men nokre timar søvn blei det no. Eg hadde “kjøpt” meg eit enkeltrom. 

Lang etappe låg foran oss i dag. 

For å komme oss til Santoña, måtte vi i båt, og første båt gjekk kl 9. 

5 km å gå til båten, så vi starta kvart på 8. 

Hadde avtale med ein italienar, Massi, å gå i lag med han til båten. 

Massi, meg, Pablo på båten.

Frukost i Santoña, det var perfekt. 

Eg var mentalt innstilt på lang vandring i dag. Var også førebudd på regn, men det slapp vi unna, snakk om flaks! 

Stor variasjon i dagens etappe, frå kysten til innover på bondelandet. 

Passerte 3 fantastiske strender, den i Laredo, og to på andre sida av båtturen. 

Playa de Berria
Playa de Trengandin

Har gått i lag med Pablo, han har siste dag i morgon, før han tek flyet til Sevilla måndag. Hyggeleg når ein ungdom på 25 vil gå i lag med meg, som kunne ha vore bestemora.

Romersk bru

Vi har gått fort i dag. 

Beina fungerer, bank i bordet, og eg er begynt å komme inn i det. Det kjennest herleg. 

Vi ankom Albergue La Cabaña del Abuelo Peuto kl 15.30. 

Ein fantastisk plass, ikkje rart den er vidgjeten på denne Caminoen. Vakker plass, reint og fint, hyggelege folk, og mange små krokar å sette seg ned. 

Eg bur på eit rom der dei har plassert oss gamblingane🤣

Her skal eg sove💤😴

Føredrag 1 time før middag, med presten, Ernesto Bustio, som grunnla dette herberget. Litt i meste laget med ein heil time, trøytte og svoltne som vi var. Men denne mannen gjorde ei lang reise som endra livet hans, han kalla det “Livets universitet”, og då han kom heim att, starta han herberget.

Middag etterpå, med heile gjengen. Fantastisk hyggeleg🩷

Vi er 65 pilegrimar her i natt, frå 18 ulike nasjonar. Flest italienarar. 

I morgon – søndag, kort etappe, ca 15 km, til Santander. Start etter frukost kl 7.

Eg er ferdig med meir enn fjerdeparten av Caminoen. 

Andre bilete frå vegen:

Ein mann i hagen her, ropte at vi måtte ta frukt. Nydeleg frukt som var ei blanding av plomme og nektarin, pluot(?)

Camino Norte. Dag 11: Islares – Laredo

Fredag 14.august

34780 steg

Ca 22 km

Etter ei god natt søvn i kvite laken, på 2 stjerners hotell, starta eg å gå kvart på 7. Hadde avtalt møtestad kl 7 med Pablo. 

Herleg å starte dagen med å vite at vi gjorde unna 8 km av etappen i går. 

Farvel til Islares

Planen var å ete frukost i Rioseco, etter 6 km. Men sjølvsagt var den ikkje open då vi kom litt over 8. 

Alternativet var å gå 1 km ut av Caminoen for å finne ein open bar, same distanse tilbake. Nei takk, då tek eg heller ein energibar som eg har i sekken til nødstilfelle. 

Så vi stoppa på ein mur i vegkanten, og hadde ein fin frukost der🤩

I dag har det vore éin skikkeleg hard og lang motbakke, og eit par mindre. 

Men stor variasjon i type veg og i landskap. Mange dyr å sjå, spesielt er her mange hestar. Trur dette er eit område for hesteavl. 

Min compañero på vegen eit par-tre dagar, Pablo, frå Extremadura/Sevilla

God temp for vandring i morgentimane, men etter kvart blei det varmare. Men då vi nærma oss kysten att, fekk vi ein herleg vind som gjorde underverk. 

Utruleg mange vakre stadar vi har gått forbi, og mange gamle kyrkjer. Skal ikkje store plassen til for at dei har ei kyrkje her i Spania.

I Hazas fann vi ein restaurant, endeleg ein kaffi! Og tortilla española, som eg aldri blir lei av. 

Hazas

Fantastisk utsikt på toppen over Laredo. 

Laredo med stranda La Salvé

Vi bur på herberget Recidencia Casa de la Trinidad, som ligg i klosteret San Francisco. Det ligg i gamlebyen av Laredo, veldig koseleg område. 

Her har eg “kjøpt” enkeltrom. 

Kyrkja i klosteret

Prisane her på Camino Norte er mykje høgare enn eg har opplevd på Caminoane lenger sør. 

Der kunne eg faktisk ha dagar der eg brukte berre 20 € dagen. 

Her er alt dyrare; herberga, t.d. og “Menú del día” (middag tidleg på dagen) kostar her mellom 18 og 20 €, eller meir, mot 12-15 lenger sør.   

Så på denne turen tenkjer eg at eg skal vere nøgd om eg klarar å halde meg på 50 € dagen. 

Spanjolane et middag i 21-tida. Det er håplaust for meg, så eg gjer mykje for å rekke den dagens meny-middagen, som dei sluttar å servere i halv fire – fire tida. 

I morgon skal vi gå til Güemes, ca 28 km. Vi må starte morgondagen med å gå stranda på langs, og deretter ta båt over til Santoña, før vi kjem oss vidare.

Vi skal overnatte på Albergue La Cabaña del Abuelo Peuto, som visstnok er å rekne som eit legendarisk landemerke på kystvegen. 100 sengeplassar, så ingen stress. 

Camino Norte. Dag 10: Pobeña – Islares

Torsdag 13.august

37983 steg

22,3 km

Eg fekk sjå solformørkinga i går. Fekk låne nokre briller, det var utruleg å sjå. Såg ikkje når den var full, ein liten skalk gjensto. Men så stilig! 

Framme i Islares i dag 14.30. Starta å gå 6.20. 

Farvel til Pobeña og den fine stranda der.

Eg bestemte meg i går for å gå litt lenger er Castro Urdiales, for å korte inn på morgondagen, som låg an til over 30 km. Eg valde Islares, 8,6 km lenger. Prøvde booke seng, men blei for sein, så det blei hotellseng i natt, med god plass, ingen kø i dusjen, kvite handklede, det eg i “dette livet” kallar luksus. 

Med unntak av ca 5 km langs ein sterkt trafikkert veg, med smal vegskulder, så har det vore ei fantastisk etappe i dag, og heilt nydeleg å vere nede ved kysten igjen.

Flott temp for å gå. Sjølv om sola etter kvart kom opp, var det likevel overkommeleg pga brisen frå havet. 

Og – eg har gått inn i ein ny region, Cantabria. 

Etter kort tid på vegen, i dag tidleg, blei eg tatt igjen av tre ungdommar, spanjolar. Og dei slo følge med meg nokre km. To var studentar frå Baskerland. Artig at så mange unge får smaken på denne vandreforma. Eg tok eit stopp for å booke hotell, og ungdomen gjekk vidare. 

Frukost undervegs i dag, etter 6 km, i Mioño. Der sat ein av dei tre ungdomane, Pablo. Han hadde valt ein annan veg, og skulle også overnatte i Islares. Så då slo vi følgje vidare. 

Mange av dei som budde på herberget i Pobeña, møtte vi att på vegen i dag. Det blir litt slik, som ei “familie” på tur. Hyggeleg. 

Vi hadde ein liten stopp i Castro Urdiales, og besøk på borga der, før vidare til Islares.

Borga heiter Castillo de Santa Ana. Borga ligg på ei klippe ved sjøen, blei bygd i middelalderen for å beskytte havna og byen. Plasseringa deler borga med ei stor og berømt gotisk kyrkje frå 1200-talet, Santa María de la Asunción. 

Kyrkja

Det er veldig fint å gå langs kystlina her. Klipper og små strender, og vakkert landskap med gardar, beitande dyr, og små byar. 

Og alle luktene på vegen, av skog og urter. 

I morgon går eg til Laredo, 21,9 km. 

Slik har turen vore i dag, i bilete:

6 km langs sterk trafikkert veg. Men det gjekk fint.
Islares

Camino Norte. Dag 9: Bilbao – Pobeña

Onsdag 12.august

42101 steg

24,6 km

Dette har vore den verste etappen så langt, alle km på asfalt. 

Eg stod opp tidleg, starta å gå kl 6, og det var allereie 24 grader. Kl 8 var det 26, og i løpet av dagen truleg over 30. 

Varmt, og hardt for beina. 

Tidleg morgon i Bilbao
Kunstnar Dora Salazar
Passerte Guggenheimmuseet på vegen ut av byen.

Eg valde å gå langs elva til Getxo, trudde det ville vere fint. Men der var vegarbeid og industri størstedelen av vegen, ikkje akkurat vakkert. 

Det var seigt å komme seg gjennom og ut av Bilbao.

Så presterte eg å oversjå siste brua over elva, Nervión, etter Bilbao, slik at eg måtte heilt til endes for å komme over, i Getxo. 

Og der var jo ingen bru, eg presterte å gå altfor langt i forsøket å finne den «brua» som det stod på kartet, skulle vere der 🤩

Eg visste med andre ord, ikkje at verdens eldste hengande bru var her! Den står faktisk på UNESCO si verdsarvliste. Den blir gjerne kalla Biskaya-brua. Opna i 1893, og den forbinder Portugalete og Getxo. 

Biskaya-brua

Så eg kom meg over elva til Portugalete til slutt, og kunne halde fram å gå. 

Dagens etappe har gått gjennom område med store motorvegar, så det var berre på slutten at det begynte å bli fint, då nærma eg meg kysten igjen. 

Stor trafikk
Dette er også ein del av Caminoen.

Eit problem på Caminoen, er at det absolutt ikkje er nok herberge. 

Og nokre herberge har berre 11 sengar, eller, 14, 16, og det er altfor lite når det er så mange som går. 

Eg har i alle fall lært at august er ein dårleg månad viss du vil søke fred og ro her, alle har ferie då. 

Havet i sikte👏🏻
Flott strand her i Pobeña, mange nyttar høvet å bade.

40 plassar har dette herberget i Pobeña, og vi kjem så tidleg som vi klarar, for å sikre oss ei seng. No er det fullt. Fleire teltar på plenen utanfor.

Først til mølla! 

Og det er stressande. Eg kjende veldig på det i dag, og det gjer noko med gleda å gå. 

Eg håpar det endrar seg etter Santander, at mange då har reist heim. 

I morgon hadde eg tenkt å gå ei kort etappe til Castro Urdiales. Men kanskje går eg litt lenger viss eg finn stad å bu, for å korte ned på neste etappe som er over 30 km…. 

Vi får sjå. 

No er eg i allefall berre innmari glad for å kunne sitte i ro, og la føtene kvile 🤣

PS: Solformørkinga, er i kveld. 😊 Eg har ikkje fått tak i briller, men håpar at eg får låne med nokon.

Det er total solformørking.

Fleire glimt frå vegen i dag:

Camino Norte. Dag 8: Larrabetzu – Bilbao

20405 steg

Ca 14 km. 

I følgje diverse kjelder, skulle etappen i dag vere 18 km, men det er umogeleg å tru. Eg starta å gå kl 7, og var framme kl 10. 

Døra til herberget var open, så eg gjekk inn, og ein hyggeleg hospitalero let meg sette sekken inn i resepsjonen. 

Så kunne eg, fri og frank, rusle rundt i byen, med såre føtter…..

Har brukt ei formue på apotek i dag, til slikt som kan hjelpe på blemmer. Eg har fått to stk; ikkje søren om eg klarar å unngå dei, men eg har gjort framgang med førebygging🤩

Vandringa hit var lett. På fortau dei første tre km til Lezama, deretter meir fortau/asfalt heilt til stigninga som kom før Bilbao, gjennom skog med grussti. 

Eg likte denne, på vegen❤️
Og denne var framfor kyrkja.

På utsiktsbiletet eg tok frå vegen før eg ankom, ser vi Guggenheim museet til høgre, og vi ser stadionet til Atlético de Bilbao, som spelar i Primera División her i Spania. Det spesielle med denne baskiske klubben er tradisjonen å berre bruke spelarar som er fødde eller utdanna som fotballspelarar i Baskerland. 

Stolte folk, også her 👍 

Bilbao

Oddvar og eg var her i Bilbao i 2019, og såg ein del av byen då, med diverse sjåverdigheiter. Men eg tykte likevel det var fint å rusle rundt Guggenheimmuseet på nytt. Det er eit fint område. 

Den ni meter høge edderkopp-skulpturen i bronse, stål og marmor er min favoritt. Den heiter Maman, og er laga av kunstnaren Louise Bourgeois, og den er en hyllest til mora til kunstnaren, som var veverske. 

Hunden med blomster på andre sida av museet var også eit must for meg denne gongen også. Det er ein terrier som heiter Puppy, er laga av kunstnaren Jeff Koons. 

37000 levande blomster har gått med, og den er ca 13 m høg. 

På veg tilbake til herberget, møtte eg på eit ungt par som eg har møtt på vegen og på herberga dei siste etappane. Pauline frå Frankrike og Hosub frå Sør Korea, som bur i lag i Paris. Dei avslutta vandringa her i Bilbao, tilbake til jobb. Slik er det med dei fleste ungdomane som går, dei har kanskje berre ei veke eller to. 

Kjempehyggeleg å møte dei att og få tatt farvel. 

Varmt i Bilbao i dag. Det var skya medan eg gjekk, og va 24 grader ved ankomst. Men då klarna det opp, og det vart – og er – minst 30 grader. Varmt nok, vil eg seie 😃

Herberget her er nytt og moderne, ferdig renovert i juni i år. 

Luksus❤️

I morgon skal eg gå til Pobeña, ca 25 km. 

Håpar eg rekk fram i tide så eg får plass på herberget der. 

PS: Her er meldt total solformørkelse i Spania i morgon kl 19.30. Kan føre til at det er vanskeleg å finne ein stad å sove🫣

Fleire glimt: