Onsdag 16.oktober
Dag 40.
I dag har eg rekna på distansar, og kva som gjenstår før eg er i mål:
Omlag 424 km.
Eg har gjort nokre endringar undervegs, nokre med motivasjon å gjere etappane meir “høvelege” for ein trøblete legg.
Det har seg slik at ein del stadar går Camino Levante (frå Valencia) saman med Camino Sureste (frå Alicante). Dermed har eg kunna velje stoppestadar på C. Sureste, fordi det var gunstigast for meg.
Planen var å gå Camino Levante heilt til Zamora, der ein held fram på Camino Sanabrés til Santiago.
Men, sidan eg ikkje ønska å gå omatt Sanabrés, då eg gjekk den i fjor, så ville eg gå nordover til Astorga. Då valde eg å gå Camino Sureste frå Medina del Campo, med 8 etappar til Astorga, i staden for å gå via Zamora til Astorga, som ville blitt 9.
Kanskje dette biletet kan gjere det heile meir forståeleg:

Frå Astorga er planen no å gå to etappar på Camino Francés til Ponferrada, og derfrå gå Camino de Invierno (Vintervegen) til Santiago.
Denne vegen går sør for den franske ruta, og seiest å vere veldig vakker, og ikkje overbefolka slik som den franske har blitt.
Etter Ponferrada går vi inn i Galicia. Her er veret mykje likt Norge, så eg er spent på det. Stor risiko for mykje regn, men vi må berre ta det vi får. Til gjengjeld er herberga i Galicia veldig bra, også med Wifi inkludert.
Det var deileg å ikkje legge i veg i dag, i gryotta, men kunne ta det roleg.
Eg har handla diverse ting eg mangla, m.a ei hovudlykt. Eg kunne jo teke med heimanfrå, men tenkte eg klarte meg utan. Det var ei feilvurdering.
Elles har eg rusla rundt i slow motion, og har ikkje akkurat blitt overvelda. På langt nær så vakker by som mange andre spanske byar.
T.d har dei ein Plaza Mayor full av bilar:





Vi er på 800 moh.
Det er kjøleg vind, sola varmar når den er framme, men regnet truar med å komme.
Håpar eg slepp det på vandringa i morgon, til Alija del Infantado.
21,6 km.












































































































































You must be logged in to post a comment.