Tábara – Santa Marta de Tera / Camarzana

Dag 34, etappe 29. 28 km. Steg: 47795

Tidleg opp, start litt før kl 6. Kjøleg, frisk vind, overskya, nesten. Lurte på om det kom til å regne, men det gjorde det ikkje.

I starten var vi verkeleg på rakedisen. Vi gjekk i eigne tankar, oversåg ei pil, og dermed begynte vi å surre. Rota nok vekk ein time på dette surret, før vi var tilbake på rett veg.

Nokre stigningar i dag. Landskapet har vore veldig variert, rød jord og grus. Siste halvdel av etappen gjekk gjennom område som blei ramma av skogbrannar i fjor. Store mengder med skog gjekk med, trist syn.

Vi gjekk gjennom ein liten pueblo, Villanueva, der vi kunne sette oss ned og ta ein pinchos og kald cola.

Ved ankomst Santa Marta, traff vi ein annan vandrar, José frå Baskerland. Han hadde komt til stengt Albergue. Stengt pga desinfisering (som dei gjer 2g årleg). Slike overraskingar er krise når vi har gått langt. Vi hadde ingen val, anna enn å gå ekstra 5 km til Camarzana, etter at vi hadde booka rom på eit billeg hotell der. Desse 5 km kjem i fråtrekk på distansen i morgon, det er godt.

I morgon Rionegro del Puente.

Montamarta – Tábara

Dag 33, etappe 28. 27 km. Steg: 42633

Vi bestemte oss for å gå direkte til Tábara frå Montamarta. Det resulterte i mykje gåing på asfalt.

Starta kl 6, i nydeleg soloppgang. Ville komme lengst mogeleg før varmen kom.

Gatekunst i Montamarta

Nydeleg landskap, varierte frå skog til meir ope, slik det har vore dei fleste dagane.

«Dagens sjokolade» var den opne restauranten Vianco i Pozuelo de Tábara, der vi etter 2 mil kunne sette oss ned, ta ei iskald cola, ein cafe con leche, og litt tapas. Det gjorde godt.

Med fornya krefter gjekk vi laus på siste 7 km.

Applaus til Sunniva som gjekk 27 km på sin andre dag! Det står det respekt av!

I morgon ventar Santa Marta. Det er ein liten plass, og det er søndag…. Ein dårleg kombinasjon når det gjeld å gå tak i mat….😮😩

Frukost undervegs
Pozuelo de Tábara

Dag 31: 2.kviledag i Zamora Dag 32: Zamora – Montamarta

Dag 32, etappe 27. 19,2 km. Steg: 28622.

Sunniva kom i går, og vi feira med ei Corona på ein Plaza. Vi såg kvarandre sist for 12 år sidan, i 2011, då vi gjekk 2 veker av Camino Francés frå León.

Veldig hyggeleg å møte henne att❤️

2 kviledagar i Zamora gjorde godt for min venstre fot, som eg var alvorleg bekymra for etter å ha gått over 3 mil på tysdag. Altfor langt for meg i min alder, med sekk på ryggen. Foten var raud og hoven framme på legg og vrist, frykta det verste. Men ned nedising kvar kveld, og støttesokk kjøpt på apoteket, og i eit mykje rolegare tempo, så gjekk det veldig bra å gå 19,2 km i dag. Eg er så letta, og håpar framgangen varer.

Vi starta tidleg i dag, forlot hostalet kl 6, for å komme lengst mogeleg før den varsla varmen kom. Frukost på Churreria, det blei ingen toast i dag, vi måtte pent klare oss med churros😅

På vegen har vi hatt mykje fokus på detaljar vi har passert. Sunniva har alltid kalla dette «dagens sjokolade». What has been the chocolate of the day? Vi fann mange kandidatar i ein slags park vi gjekk forbi, som forøvrig minna meg om skulpturparken på Byrkjelo…..

Framme på Albergue Municipal i halv 1-tida. Veldig varmt, 32 grader.

Zamora.

Dag 30: Kviledag. Steg: 12009.

Kjøleg, frisk luft, det har regna i natt også. Varmt etter kvart, oppe i 29 grader i dag. Litt kjøleg vind frå nord.

Alberguet eg budde på, var verkeleg bra. To veldig hyggelege hospitaleras, to kvinner, jobbar som frivillege. Laga ein nydeleg frukost.

Når vi kjem fram til eit Albergue etter ein lang dag på vegen, står klevask for tur. Slik også i går, tørkesnorene var fulle. Så kom det eit regnskyll – utan at nokon av oss oppdaga det. Då hadde desse to damene samla inn alle kleda, og i tillegg hengt det opp på tørkestativ inne. Snakk om omsorg🤗Ein må alltid vere ute av herberget innan kl 8, og sidan eg no skulle fortsette å vere her, var det berre å sette seg ned på ein open bar og ta ein café con leche og vente på at byen skal vakne til liv.

Hadde sagt «ha det» til koreanarane før, i Cubo, men møtte dei att her. No var det nok endeleg, dei drog vidare, og får eit forsprang på to dagar. Trist, Jian var verkeleg ein veldig hyggeleg og morosam fyr. Ein opplever ofte fine møte på Caminoen og får vener for livet🍀

Zamora ligg på 652 moh, nær grensa til Portugal. Her er «haugevis» med kyrkjer, og med dei endå fleire storkefamiliar. Kyrkjetårn og tak er fulle av storkereir. Zamora var eitt av dei viktigaste kristne sentera på den tid, der av alle kyrkjene. Byen ligg ved elva Douro/Duero, og eg ankom byen over den fine romerske brua, la Puente de Piedra. Gamlebyen har ein mur rundt, bygd på 8-900talet for å forsvare seg.

Eg har luffa rundt i dag, sett på livet, teke buss t/r til Decatlon, 1€ kvar veg….. vore på postkontoret og sendt heim alt eg skal klare meg utan i sekken, ete menú del día som middag.

I morgon ventar eg Sunniva hit. Stas!

God morgon🌅
Deler av muren.

El Cubo del Vino – Zamora.

Dag 29, etappe 26. 31,6km Steg: 48119

Så blei det Zamora i dag. Starta kl 6, i mørkret, var ikkje høg i hatten, men heldigvis blei det lyst etter knappe halvtimen. Hadde stor underhaldning av fullt av kaninar som leika seg på vegen, og eit rådyr som hoppa avgarde.

Rett og slett kaldt dei første timane, truleg ikkje meir enn 10grader. Masse morgonskodde. Gjørmete sti etter ein del regn om natta. Elles fint.

Hadde store forhåpningar om open bar i Villanueva, som eg passerte etter 2,5time. Men nei, den var stengt😢 Så det blei ingen café con leche på meg i dag. Håplause opningstider her nede på landsbygda.

Landskapet eg gjekk gjennom i dag, var mykje likt dei andre dagane; endelause åkrar. Men eg synst kornet ser litt stusseleg ut, spørst om ikkje alt regnet siste vekene har gjort meir skade enn godt?

Ankom Zamora etter 7,5 time, over den romerske brua over elva Douro. Flott, gamal by. Bur første natta på Albergue donativo. Her har vi flott utsikt frå sovesalen til storkefamilen i det gamle kykjetårnet.

Her i Zamora skal eg vere i to dagar, utan så mykje gåing. Torsdag kjem Sunniva, og vi legg ut på vegen mot Montamarta på fredag morgon.

Calzado de Valdunciel – Cubo de Tierra del Vino

Dag 28, etappe 25. 20,2km. Steg: 31491.

No har eg vore 4 veker på vegen, rart å tenkje på. Verkar som evigheiter sidan eg starta. Når eg no er over halvveges, kjennest det litt lettare. Beina og kroppen har vent seg til å gå i timevis, og det kjennest utruleg godt. I dag lurte eg på om eg skulle gå vidare, dei som var på vegen samtidig, gjorde nemleg det. Så no lurer eg på å ta heile distansen til Zamora i morgon, litt over 3 mil, og slik få to fridagar i Zamora.

God morgon👍🏻

Vandringa i dag var i nydeleg temperatur og ver. Kjøleg i starten, kl 8, men varmare etter kvart.

Jordbruksland, med åkrar så langt auget rekk også i dag. Solsikker, kornproduksjon, gras og grønsaker. I tillegg i dag har eg gått i deileg lukt av mengder av gult, nemleg gyvel, nesten langs heile Caminoen.

Ca 200m bak meg hadde eg dei to koreanske karane.

Ankomst Cubo del Vino etter knappe 5 timar. Der sat Isabella frå Sveits på ein benk, og vi åt middag i lag på kafeen alle fire.

Middag, 3 nasjonar.

I morgon ventar altså enten Villanueva de Campeán eller Zamora.

Har fått meg seng på Albergue Torre de Sabre. 17€, men då er det handklede og sengetøy med😊

Biletet teke av min koreanske caminoven, Jian.
Søle/leire på skoa etter regn i natt. Teke av Jian.
El Cubo

Salamanca – Calzado de Valdunciel

Dag 27, etappe 24. 16,4km. Steg: 27177

Åleine på vegen igjen. Nydeleg ver, 14 grader då eg starta kl 7.10. Varmare etter kvart.

On the road again…..

Klarte å innbille meg at eg hadde gått feil undervegs, fordi vegen stemte ikkje med GPS for Caminoen. Gjekk ca 1 km tilbake for å sjekke pilene, men fann at eg hadde gått rett i høve dei. Stansa ein mann på traktor og spurte for sikkerheits skuld. Jau, eg var på rett veg🙏🏻 Fullstendig bortkasta, men slik er det når teknologien spelar oss eit puss.

Landskap med store åkrar med kveite og solsikkeplanter så langt auget rekk i dag. Masse blomster langs vegen må vel bety lukkelege humler og bier🤔

Framme i Calzado

Framme i denne lille landsbyen kl 12. Nesten alt stengt. Søndagar er noko herk her nede, spesielt på små stadar. Vanskeleg å få tak i mat. Passerte to små landsbyar undervegs, men ikkje mogeleg å få seg kaffi på ein søndag, nei ☕️

Bestemte meg for eit lite Albergue municipal, 7€ for ei seng. Her møtte eg att mine to koreanske vener, som også hadde teke «fri» ein ekstra dag i Salamanca. Hyggeleg🌸

Fekk gleda av å bli meir kjent med Jian, pensjonert arkitekt frå Sør-Korea. Eg har sove på same Albergue som han og reisekameraten, og har sett at han kvar ettermiddag sit og skriv i ei bok. No fekk eg sjå den, eg blei mållaus. Reine kunstverket! Og han er verkeleg ein kunstnar. Eg fekk sjå alle bileta han har teikna opp gjennom åra, fantastisk flink og kreativt. Og han gjer det berre for seg sjølv. Ville ikkje høyre snakk om å ha utstilling.

Jian
Ei side i reiseboka, teikning av hans «reisefølge», ryggsekken.
Teikning av hans son.

I morgon ventar Cubo de Tierra del Vino, 20,2km.

Salamanca

Dag 26: Kviledag. Steg: 22716

I dag har eg stort sett gått i rusletempo, men likevel teke ein del steg.

Eg har teke føre meg nokre av sjåverdigheitene som står på «must do»-lista: Den nye og den gamle katedralen, Bispepalasset, Plaza Mayor, den romerske brua (igjen), frosken på Universitetsveggen og Biblioteket med skjellveggen (conchas). I tillegg har eg sett på livet og teke det bra med ro…..

Plaza Mayor har no ei utstilling av portrett av personar knytt til poeten og dramaturgen Federico Garcia Lorca i høve 125 år etter hans fødsel. Utstillinga er ein hyllest til han.

Den nye og gamle Katedralen. Vanlegvis er det berre ein katedral i ein by. Men her har dei bygd ein ny i tilknytning til den gamle, slik at dei framstår som ein. Mektige bygg.

Rama Salamanca (frosken i Salamanca) på Universitetsfasaden, er ein ornamentalsk detalj, som har blitt eit ikon for byen. Det skal visst bety lukke for den som oppdagar den først i ei gruppe. Frosken sit på ein hovudskalle. Eg tippar at dette var ein kreativ spøk av den som stod for konstruksjon i si tid🤔😀 Universitetet er det eldste i Spania, frå 1218, men fasaden er frå 1500-talet.

La Rama

Biblioteket er kjent for sin fasadevegg full av skjell, kjennemerket til Caminoane.

Biblioteket med sine skjell.

Og eg har opplevd herleg gatemusikk med cubanske rytmer.

Sangaren kjem få Cuba.

Andre glimt:

Gjekk forbi her, synst det var stilig. Dette er eitt eller anna kommunalt prosjekt for mottak av besøkande, trur eg…..🤔
Gatekunstnar i aksjon.

I morgon ventar Calzada de Valdunciel, 16,4 km. Eg deler opp to lange etappar til Zamora, og brukar 4 dagar på det strekket. Beina likar nok det👍🏻

Fuenterroble de la Salvatierra – San Pedro de Rozados

Dag 24, etappe 22. 27,9km. Steg: 42162

Lang etappe i dag, starta 7.10. Såg ut til å bli regn, men dei mørke skyene forsvant bak oss, heldigvis, men vi hadde litt kjøleg temperatur på dagens vandring. 7 personar på vegen mot San Perdro.

Bestemte meg for dette alternativet, å bruke to etappar til Salamanca, i staden for tre.

Første 2/3 av dagen i dag var gjennom vindmølleland. Men dette var vindmøller med ein heilt anna dimensjon enn dei enorme dei vil sette opp heime. Men bråkte gjorde dei, så bra dei stod der ingen budde.

Vi er litt i høgda, og høgaste punktet i dag var på 1150moh. Markert med ein kors.

Siste 1/3 var på asfalt, veldig trøyttande, og slitsamt for beina.

Bur på herberge, veldig basic, overprisa med sine 12€, samanlikna med andre herberge eg har budd på.

I morgon ventar altså Salamanca, 23,6km, og kviledag lørdag👍🏻

Nok ein variant av pilmerking❤️
Smarte steinar når det har regna mykje.
Ein søt, liten salamander som eg nesten trakka på.
Høgaste punkt
Uendeleg, 8-9 km på asfalt.
San Pedro de Rozados.

Calzada de Béjar – Fuenterroble de la Salvatierra

Dag 23, etappe 21. 20,7 km. Steg: 32871

Sov godt på ca 850m høgde over havet. Frukost, før avgang – regn. Det var slikt sipregn, konstant, i fleire timar, måtte gå med regnponsho 2/3 av turen. Var innom to småbyer på vegen, m.a Valdelacasa, ca 2000moh.

Blei veldig sørpete på vegen av regnet, tungt å gå fordi skoa sank nedi, så måtte leite etter beste plassen å sette skoa.

Men elles flott tur og flott natur.

Ankom Fuenterroble tidleg, og til Albergue Parroquial Santa Maria, donativo, altså vi betalar det vi vil. Dette er litt av eit Albergue, eit samansurium av rom og ting! Eige dormitorium for oss damer, herleg. Det blir kalla Casa Noruega, det norske hus.

Vi er ikkje mange damer på denne Caminoen. Nett no er det ei sveitsisk dame, Isabella, og meg. Resten menn.

Middag i lag på Alberguet. 8 ulike nasjonar rundt bordet: Tyskland, Norge, Spania, USA, Frankrike, Sveits, Italia og Sør- Korea.

I morgon ventar enten Pedrosillo de los Aires eller San Pedro de Rozados, har ikkje bestemt meg enno om eg skal bruke 2 eller 3 dagar til Salamanca.

På veg vidare
Valdelacasa
Framme👍🏻
Alberguet
Casa Noruega
Middag på herberget, 8 nasjonar: Sør-Korea, Italia, Sveits, Frankrike, USA, Spania, Tyskland og Norge