Jul – og juleførebuingar i slippers og 30 grader :)

Her er det ikkje ekte gran :)

Her er det ikkje ekte gran 🙂

Også her i Costa Rica startar juleførebuingane tidleg i november. Heime har vel dette vore eit «akk og ve» – kor tidleg skal dei no begynne å pynte i butikkane……..?

Eg for min del – likar godt å pynte tidleg til jul heime! Det er før jul det er stas med eit julepynta hus, synst eg.  Kose seg med lys og forventning til jula, at ungane kjem heim, rolege dagar. Når jobben startar igjen i januar, for mitt vedkommande, så er det definitivt slutt på jula, og eg kan ikkje få rydda den vekk fort nok 🙂 Då er kvardagen i gang att!

Ja, vi er forskjellige……….. P1030495

Når eg går her og ruslar i gatene i Liberia, så minner denne byen meg litt om Førde, faktisk, i den forstand at det er stort sett handel som føregår, og som er å finne på……. Og her er allereie butikkvindauga fulle av meir eller mindre «jalla» julepynt, og det verkar rart – her eg går og sveittar i slippers i 30 graders varme, og sjå reinsdyr og julenissar også her 🙂

P1030496

P1030501

Alt slags...... i skjønn forening....

Alt slags…… i skjønn forening….

Laurdagen i Parque Nacional Rincón de la Vieja.

Vulkanen Rincon de la Vieja.

Vulkanen Rincón de la Vieja.

Eit merkeleg namn på ein nasjonalpark, det betyr eigentleg «Nasjonalparken den gamles hjørne/hyggeleg krok»…… og det er vulkanen «Rincón de la Vieja» som altså gir namn til parken. Costa Rica har mange vulkanar, meir eller mindre aktive, og denne vulkanen var aktiv sist gang i 1998.

Når eg er ute og reiser åleine, så må eg av og til klare meg på eiga hand.  Mitt tidlegare reiseselskap hadde andre planar for helga, og eg tenkte at – når eg no er pr. definisjon frisk att, så måtte eg på tur igjen i dette vakre landet. Så eg gjorde avtale for laurdagen med «Offi» – transport + guiding i parken – frå kl. 7 til 16. Bra å kunne støtte opp om det lokale næringslivet her, guidane har hatt magre tider no det er vinter.

Lille meg viser dimesnjonane, eit slikt "matapalos"-tre.

Lille meg viser dimensjonane, eit slikt «matapalos»-tre.

Offi er sjølvlært dyrekjennar, dette er hans favorittpark, og han veit kva han skal sjå etter. Men denne dagen var det masse folk i parken, – reine folkevandringa, som han sa, og mange som skravla høgt, så dyra tok «beina fatt»….… og det var lite å sjå av dei, diverre. Men mange flotte synsinntrykk sit eg att med. Dei mange spora etter vulkansk aktivitet gjorde det til ei heilt spesiell vandring. Eg har alltid vore fascinert av vulkanar, og dette «urgamle» gjorde det veldig spennande å gå her. I tillegg blir eg så begeistra over alle dei fantastiske trea i desse tropiske fuktige (nesten regn-) skogane. Nokre er heilt enorme, såkalla «matapalos» – og er tre som «drep» vertstreet ved å vekse ovanfrå og nedover.P1030384

Fantastiske røter (som eigentleg er "toppen".

Fantastiske røter (som eigentleg er «toppen».

Eg åt lunsj på eit koseleg hotell – på veg til siste etappe av turen: Rio negro. Her hadde dei laga til ulike basseng i elva, med ulike temperaturar, der vatnet var varma opp av vulkansk varme, og der ein kan bade og smørje seg inn med «Spa»-leire, og riktig nyte ei avslappande og velgjerande økt i elva. Det var berre prikken over i`en!

Fantastisk artig!

Vulkansk aktivitet.

Vulkansk aktivitet.

Vulkansk aktivitet, ca 120 grader.

Vulkansk aktivitet, ca 120 grader.

Putre, putre....

Putre, putre….

P1030441

Ein del var lys, resten gul.

Ein del var lys, resten gul.

Ein vulkansk innsjø.

Ein vulkansk innsjø.

Edderkopp.

Edderkopp.

Grøn-blå iguanbaby :)

Grøn-blå iguanbaby 🙂

P1030436

Lunsj her :)

Lunsj her 🙂

Rio negro. Litt av ein prestasjon for meg å gå over her :)

Rio negro. Litt av ein prestasjon for meg å gå over her 🙂

Gjørme-kledd :)

Gjørme-kledd 🙂

P1030482

Flott laga til med ulike basseng.

Flott laga til med ulike basseng.

Sett ovanfrå :)

Sett ovanfrå 🙂

Skal det vere ein saftig biff….?

Nora, Sabine og eg - På "Toro Negro" i Liberia.

Etter den trøkken med dengue-feber, så har eg drøymt om å gå ut og ete ein skikkeleg saftig biff! I går, fredag, var tida for å gjere det! Sabine og eg gjekk på «Toro negro» «downtown», og hadde eit herleg måltid. Til og med vin til maten, det er ikkje ofte det har skjedd her. Vi hadde også veldig hyggeleg selskap ev ein spansk kollega av Sabine, Nora, ei lita stund.

Eg åt «filet mignón», med tilbehør, og Sabine hadde fisk.

Trur eg fekk bra påfyll av jarn – for ei stund…..

Skal det vere ein Filet mignon?

Skal det vere ein Filet mignon?

Eller litt fisk?

Eller litt fisk?

Skuledag på marknaden – La feria :)

Læraren min, Donald.

Læraren min, Donald, i samtale med ein selgar.

I dag har eg hatt min 2.dag på skulebenken. Det er slik 1 : 1-undervisning, og målet er å snakke mest mogeleg. Eg håpar at det skal skje store framsteg – i løpet av 4 veker, med 15 t pr. veke.

Læraren min heiter Donald, han er berre ungdomen. Han er flink, og har som mål at eg skal øve inn bruken av konjunktiv når eg snakkar. Det er ikkje lett, men det handlar mest om å tenke bevisst på det heile tida, til desse det går betre…. Forhåpentlegvis…………

I dag har vi vore på frukt- og grønsaksmarknaden her i Liberia. Kvar torsdag og fredag sel dei frukt og grønt her, og kun då.

Skulesaken klare, her skal det noterast frukt og grønt :)

Skulesakene klare, her skal det noterast frukt og grønt 🙂

Her kryr av ulike sortar som eg aldri har sett før, og dei costaricanske orda for desse fruktene eller grønsakene, er ukjende også for ordboka. Så då er eg nesten like langt 🙂

Eg fekk innmari lyst til å gå laus og lage frisk mat – etter å ha vore her i dag. Vi blir ikkje akkurat skjemt vekk med frukt og grønt i matvegen her i huset, må eg diverre seie.

P1030351

P1030354

P1030356

Squash

P1030353

P1030357

P1030359

P1030361

Også raud mais.....

Også raud mais…..

Lime criollo = dei beste, i flg. Donald

Lime criollo = dei beste, i flg. Donald

Nydeleg vakre chili :)

Nydeleg vakre chili 🙂

Litchi, m.a.

Litchi, m.a.

Frisk igjen – og klar for mine siste 4 veker her i Liberia :)

I etterpåklokskapens namn – kan eg vel sjå at eg nok ikkje var nok skjerpa i høve til myggolje og innsmurning – for å unngå å få denguefeberen. Eg smurte meg alltid inn, men – tydelegvis – ikkje godt nok.

Mitt råd til alle som reiser til «Dengue-land» – SLURVE ALDRI med dette!

Når ein får dengue, veit ein ikkje om det med det same, fordi ein merkar ikkje stikket. Og du er heilt prisgitt di eiga evne til å komme deg føre igjen, fordi det finst ikkje noko ein kan ta i mot det. Eg undrar meg – i den samanhengen – med alle dei kloke menneska som finst på denne jord, kvifor dei ikkje har klart å finne fram til ei vaksine mot denne dritten. Der er 4 ulike dengue-sortar. Når du har fått ein av dei, er det berre denne sorten du er «vaksinert» i mot. Det bør no vel kunne gå an å utvikle vaksiner mot desse vel?

Eller er ikkje dette interessant nok forskning?

I dag – ny dag og nye mulegheiter. Eg skal begynne på språkskulen, og gler meg over det 🙂

Berre vere «student» – det er rein luksus, det 🙂

Kva meir kan ein ynskje seg?

Det som ikkje var «dengue».…..var det likevel……. :(

Føler seg litt «lost» når ein blir sjuk i utlendigheit. Og eg som omtrent aldri er sjuk!

Denne plakaten heng på alle skulane her, info om denguefeber.

Denne plakaten heng på alle skulane her, info om denguefeber.

Det kom som kasta på meg på tysdag, lurte på om eg hadde reagert å varmen, det var frykteleg varmt her då – og er det fortsatt. Har no feber på fjerde dagen, men i dag litt mindre enn i går, så då seier legen at eg kan berre ta det med ro. Eg får stole på han 🙂

Som den store katastrofetenkjaren som eg er, så frykta eg at eg hadde fått dengue-feber, som det ikkje finst vaksine mot, og vi brukar myggmiddel for å halde unna denne frykta myggen. Blodprøvetaking onsdag – avdekka at eg ikkje hadde dengue…….., men så tok eg ny prøve i dag, og den syner at eg har denguefeber likevel! Så katastrofetenkjaren i meg fekk rett – for ein gongs skuld….

Nye runder med tålmod, og fortsette å ta alt med ro, halde senga og slappe av. Merkeleg kor lett det har vore å få dagane til å gå likevel…… 🙂 Drikke masse og ete godt, – eg får prøve på det, sjølv om matlysta er dårleg 🙂

Eksamen i kroppsøving…..

Her i Costa Rica har elevane eksamen i alle fag på kvart trinn. Dei må bestå eksamen for å bli flytta opp til neste trinn. Viss dei stryk første gangen, så får dei ein ny sjanse i februar. Slik også i kroppsøving. På ein av dei skulane eg ha vore, så hadde eksamenen ein verdi på 30 %. I tillegg får dei praktiske oppgåver, som å lage noko sportsrelatert i t.d. plastilina. Dette har verdi 10 %. Dei resterande prosentane er deltaking i timane.

Eksamen var som følgjer – på 6.klassetrinn:

Tøyingsøvingar.

Tøyingsøvingar.

1. 1 minutt med tøyeøvingar + 1 min med rask løping på staden.

2. 1 minutt med hopp på staden +10 situps

3. 1 minutt med jogging på staden +10 pushups

4. 1 minutt med fri rørsle, som dei bestemmer sjølve.

Tidsramma varierer litt –  alt etter nivå/trinn.

Jogging på staden...

Jogging på staden…

Situps.

Situps.

Pushups.

Pushups.

Fri rørsle.

Fri rørsle.

4 og 4 hadde eksamen i «slengen», og dei andre må sitte og sjå på, også dei som er ferdige.

Alle som har gym, skal bruke T-skjorte der det står "kroppsøving" - og så namnet på skulen.

Alle som har gym, skal bruke T-skjorte der det står «kroppsøving» – og så namnet på skulen.

Det er lett å sjå kva elevar som skal ha kroppsøving kvar dag, for dei har spesiell T-skjorte der det står «Educación física» (= kroppsøving) bakpå. Viss dei ikkje har på seg kroppsøvingsuniforma, så fekk dei ikkje ta eksamenen.

Kvaliteten på gjennomføringa var no så som så, og dei fleste jentene var mest opptekne av håret sitt……. Eg spurte nokre om det var lett, og det synst dei. Så det er tydelegvis ikkje noko avskrekkande, og dei er vane med at slik er det…..

Eg må seie at eg er veldig fornøgd med at ungane i Norge får leike bekymringslaust – utan tanke på karakterar i kroppsøving – før dei startar på Ungdomsskulen. Og at vi ikkje har eit system der dei må kvalifisere seg for å komme opp på neste nivå, og risikere å måtte gå eit år om att.

Dei som ikkje var i aksjon, måtte pent vente.

Dei som ikkje var i aksjon, måtte pent vente.

Glade gutar som er fredig med eksamen. Han t.v. var verkeleg flink.

Glade gutar som er ferdig med eksamen. Han t.v. var verkeleg flink.

Parque Nacional Manuel Antonio.

Parque Nacional Manuel AntonioParque Nacional Manuel Antonio ligg litt sør for Quepos, i Manuel Antonio på Stillehavskysten, Costa RIca. Parken blei oppretta i 1972, og er med sine 16,24 km² landets minste nasjonalpark. I 2011, blei Manuel Antonio rangert blant dei 12 vakraste  nasjonalparkane av businessmagasinet Forbes. Det er ein «tropisk fuktig skog», som det heiter, og den er omkransa av vakre strender, og mange holmar og skjer i havet utanfor.

Omkransa av vakre strender.

Omkransa av vakre strender.

Hit reiste eg i lag med Sabine, 23. – 27.oktober. Nokre dagar fri, fordi skulane var stengde pga ein kongress. Vi hadde høyrt at det skulle vere veldig vakkert her i Manuel Antonio også, som m.a. er kjent for det rike dyrelivet i parken. Her er så mange vakre stadar i Costa Rica, at det kan vere vanskeleg å velje – når ein ikkje har all verdens med tid på seg.

Her hadde vi tre dagar (utanom reisedagane = 6 timar med buss). Vi slappa av på stranda med soling og bading…….håplaust å symje, for også her var det surfebølger, og som vanleg kom – også her – regnet på ettermiddagen.

Ei kald øl smakte godt i varmen, i godt selskap :)

Ei kald øl smakte godt i varmen, i godt selskap 🙂

Vi såg også kval, som hoppa eit stykke utanfor stranda, stilig!

Trolsk solnedgang.

Trolsk solnedgang.

Firfisla i lampa :)

Firfisla i lampa 🙂

Siste dagen vandra vi rundt i nasjonalparken – med innleigd guide med kikkert, som viste oss alle dei rare dyra han såg. Han hadde eit utruleg blikk, visste kva han såg etter.

Hadde håpa å sjå slangar og papegøye, men dei glimra med sitt fråvær. Men brøleape, vaskebjørn, dovendyr, kvitansikts-ape, diverse øgler og iguanar fekk vi sjå, m.m.  Veldig artig å oppleve dei tame vaskebjørnane, og kvitansiktsapane. Dei var utruleg sjarmerande 🙂

Ei slags øgle, trur eg.....

Ei slags øgle, trur eg…..

Vandring i lag med eit spansk par, pluss guiden t.h.

Vandring i lag med eit spansk par, pluss guiden t.h.

Flott at Costa Rica tek vare på skogane, både dei tropiske fuktige skogane, og regn- og tåkeskogane sine – med å gjere dei til nasjonalparkar, og slik verne om naturen frå inngrep! Det skulle fleire land også gjere!

Tilbake i Liberia med mange fine bilete på netthinna som flotte minne 🙂

Las Gemelas = tvillingjentene.

Las Gemelas = tvillingjentene.

Brøle-ape.

Brøle-ape.

Skog og strand.

Skog og strand.

Vaskebjørn.

Vaskebjørn.

Manuel AntonioP1030141

Tre utan bark.

Tre utan bark.

P1030155

P1030146

Fascinerande flotte tre.

Fascinerande flotte tre.

Sjarmerande kvitansikts-ape.

Sjarmerande kvitansikts-ape.

Iguan

Iguan

Vakre blomster.

Vakre blomster.

Parque Nacional Manuel Antonio2

 

 

Stranda i Manuel Antonio.

Stranda i Manuel Antonio.

Kvitansikts-ape.

Kvitansikts-ape.

P1030247

Río Celeste – eit paradis på jord.

Inne i nasjonalparken, på veg til Rio Celeste.

Inne i nasjonalparken, på veg til Rio Celeste.

Her i Costa Rica seiest det at då Gud fullførde å måle himmelen blå, vaska han målepenslane i Río Celeste. Den himmelblå elva (= rio celeste), fossen og lagunene i denne nasjonalparken, er blant dei mest spektakulære naturfenomena i Costa Rica. I går, sundag 20.oktober var eg – saman med Sabine – til denne elva i Parque Nacional Volcán Tenorio. Vi leigde sjåfør/guide, Ofi, og reiste av garde tidleg om morgonen.

Inne i ein regnskog, for første gang i mitt liv :)

Inne i ein regnskog, for første gang i mitt liv 🙂

Eg hadde store forventningar, fordi eg hadde høyrt at dette var verkeleg eit paradis på jord. Og eg gleda meg til å vere i ein regnskog for første gang i mitt liv. Og det var verkeleg verdt turen!

P1020911Det var spennande å gå gjennom regnskog, fuktig luft, og sjå alle dei høge, «rare» trea, og alle røtene, og lianane som hang ned frå – eller mellom trea. Og så stille, stille…. unntatt litt fuglelydar og eitt og anna apebrøl…… Etter å ha gått ca ein km, så kom vi til fossen, første høgdepunkt! Fantastisk  å komme ned trappene og sjå det turkise vatnet mellom trea! Magisk flott! Her berre måtte vi knipse bilete i eitt. Det var berre så utruleg vakkert med det turkisblå vatnet! Vidare oppover elva kom vi til ei blå lagune. Forbode å bade her, men akk – så fristande! Også denne heilt magisk flott!

Fossen - magisk flott :)

Fossen – magisk flott 🙂

Vidare gjekk vi opp langs elva til dess vi kom til det punktet der dette fargeskiftet skjer: To elvar som møtest, og vi ser ei linje i elva, og etter denne linja – blir vatnet turkis.Der er ulike teoriar om kva det er som gjer dette, men – viss eg forsto dei rett – så har dei har kome til at det er ein kombinasjon av mineral, m.a. kopar og acid (+ andre) og krystallar i grunnen – som i lag med sollyset gir denne fargen. Når det ikkje er sol, er det ikkje same fargen, og dersom ein tek vatnet opp i eit glas, er det som blå mjølk, visst nok…….

P1020923Det var magisk å vere der! Vakre blomar såg vi, og nokre få dyr: ei vakker og fargerik øgle/firfisleliknande – Central american whiptail, ein cappuccino-ape (kvit-ansiktsape), ein diger maur, og ein blue morpho-sommarfugl.P1020928

På heimvegen, stansa vi og åt sukkerrør, dvs vi togg på det og saug ut safta, og spytta ut treverket…… Nydeleg  🙂

Ofi var sjølvlærd fuglekjennar, det var tydelegvis han store hobby, og han visste kvar vi kunne finne tucán-fuglar. Og vi fann dei – ein heil flokk. Utruleg flotte! Eit kjennemerke for Costa Rica. Vi såg òg ein flokk med apar, Mantled howler monkey, eit stykke unna, som Ofi «brølte» til – og dei svara!

Det var berre eit eventyr av ein tur!

Paradis på jord :)

Paradis på jord 🙂

P1020945

Mot vulkan Tenorio.

Mot vulkan Tenorio.

Stooooore blad....

Stooooore blad….

Den blå lagune.

Den blå lagune.

Sabine, ved den blå lagune.

Sabine, ved den blå lagune.

Turkisblått.....

Turkisblått…..

P1020966

Magisk :)

Magisk 🙂

P1020978

P1020971

Forsøk på nærbilete.

Forsøk på nærbilete.

P1020992P1020993

Her skiftar elva farge.

Her skiftar elva farge.

Og her er vatnet blitt turkis.

Og her er vatnet blitt turkis.

Kjempemaur

Kjempemaur

P1030001

Vakre blomar.

Vakre blomar.

Ved plassen der elva skifter til turkis farge.

Ved plassen der elva skifter til turkis farge.

Å gå over ei slik bru, er ikkje min favoritt :)

Å gå over ei slik bru, er ikkje min favoritt 🙂

Her kom det opp vulkansk gass, intens svovellukt, varmt vatn,

Her kom det opp vulkansk gass, intens svovellukt, varmt vatn,

Enorme røter.

Enorme røter.

Røter.

Røter.

Denne karen skar ut vakre motiv og laga ting av frukta jicaro.

Denne karen skar ut vakre motiv og laga ting av frukta jicaro.

Blekksprut-blomst.

Blekksprut-blomst.

Her "stal" vi sukkerrør.

Her «stal» vi sukkerrør.

Sukkerrør. Tygge og spytte ut :)

Sukkerrør. Tygge og spytte ut 🙂

Ofi kuttar opp til oss.

Ofi kuttar opp til oss.

Hengande fuglereir.

Hengande fuglereir.

Tucan

Tucan

Tucan

Tucan

Central american whiptail

Central american whiptail

Nydeleg laurdag i Tamarindo :)

Sabine.

Sabine.

I dag har Sabine og eg vore i Tamarindo. Tamarindo er ein veldig fin og populær turistplass med ca 500 innbyggjarar, på Stillehavskysten. Drog frå Liberia i 8-tida, det tok 2 timar med buss

Playa Tamarindo.

Playa Tamarindo.

på meir eller mindre humpete vegar, og «tresmak» i baken ved framkomst. Men kva gjer ein ikkje for å komme fram til ein fin plass?

Litt skya og disig, men ein behageleg bris på standa gjorde til at det ikkje blei kvelande varmt. Og solfaktor mellom 15 og 30…… Best av alt var at der var senger vi kunne leige, så vi slapp den der sanden……… 🙂

P1020831Lesing, bading……..berre lata oss! Fantastisk vatn, men umogeleg å symje. Store bølgjer – som surfarane hadde glede av. Eit eldorado for dei, og det krydde av dei, på alle ferdigheitsnivå.

Dagen blei avslutta med kaldt lokalt øl, og nachos med kylling, tomatar og guacamole på ein restaurant ved stranda, før vi tok til på humpeturen heim att….. Og då kom regnet der. I Liberia hadde det regna nesten heile dagen, i følgje Hellen, så vi gjorde eit lukkeleg val med å dra på tur 🙂

I morgon går turen til Río Celeste i Parque Nacionál Volcán Tenorio. Gler meg til det, for det skal visst vere veldig vakkert der.

P1020849

Eldorado for surfarar.

Eldorado for surfarar.