Camino Norte. Dag 36: Lavacolla – Santiago de Compostela

Tysdag 8.september 

14590 steg

10, 580 km

I made it!!!! 

Takk til alle som har følgt meg på turen, det har verkeleg vore ein energi-boost🙏🏻💪🏻❤️

Yessss❤️❤️❤️

Etter 2 timar rask gange var eg framme i Santiago. 

Begynte å gå kl 7, i mørkna, og var framme 9. 

Fin morgon i aust, men truande skyer, det var meldt regn.

Herleg å vere der så tidleg, då var det lite folk på katedralplassen. 

828 km frå Irún til Santiago, ein Camino eg har tenkt på lenge at eg ville gjere, og no har eg gjort det! 

35 etappar brukte eg, og ein “kviledag” i Oviedo.

Eg er litt stolt av meg sjølv, eg må innrømme det! Det har jammen vore ein krevjande veg. Eg har fått køyrt meg opp nokre lange motbakkar, m.a.

Så kjenner eg meg veldig heldig som kan gjennomføre dette i ein alder av 70 år. 

Det er ikkje sjølvsagt, og – for meg gjeld det å halde på så lenge eg klarar. Det er mitt fokus og mål. 

Men eg synst sjølv det er bra når eg, etter å ha “komt i siget”, kan halde ein snittfart på over 5 km i timen. 

Starten på dagen i dag, var mildt sagt forferdeleg. 

Sovesalen på Albergue Lavacolla var halvfull, god blanding av damer og menn, men mest menn. 

Og 2-3 som snorka HEILE natta gjennom. Eg vakna kl 2.30, og etter det var det klin umogeleg å sove. Ei ung jente var bort og røska i dei eit par gongar, men så var det på’ an igjen. 

Eigentleg burde slike folk skjøne at eit enkeltrom på eit hostal hadde vore tingen! 

Så var det eit par menn (ein ung og ein eldre) som stod opp kl 5, for å gjere seg klare til å gå kl 6. Eg såg då dei ankom i går, utan ryggsekk og berre ei vassflaske å bære på. Dei begynte å styre og pakke, og gjere klar ryggsekken til forsending, trakka ut og inn! 

Dei hadde nok ikkje fått med seg den uskrivne regelen som gjeld, at ein skal bære ut sekk og alt, og gjere unna pakking utanfor dormitoriet. Forlate sovesalen lydlaust, er regelen. 

Med så mange irritasjonsmoment, kunne ein berre gløyme å få sove, så det var mange av damene som himla med auga på badet i dag tidleg😀

Og, dei to som starta kl 6 med vassflaskene sine, tok vi, som starta ein time etterpå, att før vi var framme  i Santiago. 

Eg har no fått min fjerde Compostela. 

Og ho som gav meg den, sa eg hadde god grunn til å vere stolt over meg sjølv. 

No skal eg berre nyte å vere i denne fine byen. 

Regnet som eg ville sleppe unna i dag tidleg, kom ikkje før i 13-tida. 

Eg var på 12-messa i katedralen, og måtte bruke paraplyen eg har bore på sidan Oviedo, då eg kom ut. 

Eg bur i natt på San Martín de Pinario, eit kloster dei har gjort om til pilgrimshotell. Berre ei natt dei hadde ledig, diverre. 

Klosteret, nederste del er no hotell.

I morgon skal eg bu på “The Last Stamp”, før eg reiser tidleg med fly tilbake til Norge og Bergen. 

Gler meg til å komme heim❤️

PS: Så langt i dag har det kome 2100 pilgrimar til Santiago.

…………..

Santiago

Takk for turen❤️❤️❤️

Kommenter innlegget