Vakker morgon, med landemerka til Mota bak oss då vi gjekk ut av byen i gryotta.
Eg slo saman to etapper i dag. Ikkje fordi eg hadde så innmari lyst til å gå langt, men fordi det var meldt masse regn onsdag, då planen var lang etappe til Benavente. Tenkte det var betre å ta den etappa i morgon.
Men veret skiftar fort her, også meldingane, så ein veit jo aldri. Kanskje kjem regnet i morgon i staden for🫣
Men det har gått greitt å gå så langt i dag. Isabella tok ei anna rute til San Pedro de Latarce, som var første stopp, for lunsj. Ho var nysgjerrig på ei rute i appen Mapy.cz.
Eg har gått hardt i dag, mellom 5 og 6 km i timen. Eg kom fram til San Pedro ein time før henne. Ho hadde teke nokre avstikkarar. Ho tok ei drosje resten av vegen.
Kvar og ein lagar sin eigen Camino. Nokre får bagasjen frakta. Andre tek buss eller drosje. Andre går kvar km. Her er alle variantar. Eg har som mål å gå kvar km, sjølv om eg blei transportert ca 20 km då leggen var på det verste.
Kom fram til Villalpando etter 3,5 time, kvart over 4.
Grei vandring. Har hatt fokus på å komme meg fram, klare å gå så langt.
No ventar dusj, tøying og føtene høgt, på eit herberge vi er glade for berre er for nokre timar ei natt. Her er store forskjellar.
Eg skal gå 29 km i morgon til Benavente. Mykje av vegen går parallelt med bilvegen, så ikkje så spennande etappe. Men slik er det, stor variasjon. Isabella tek bussen.
Sekken min og eg❤️Plaza Mayor. Der er alltid ein Plaza Mayor.
Vi er på veg nordover, Tordesillas ligg nordvest for Madrid. Vi har 7 etappar att til Astorga.
I dag var det meldt regn, og det kom etter ein god time på vegen.
Då passa der supergodt å komme fram til byen Rueda etter 12 km. Vi stoppa ved ein kombinert bodega og restaurant. Fantastisk koseleg plass med eit personale som elska jobben sin, verka det som.
Eg gjekk ut att for å ta vekk gjørme på skoa, men – nei, det var ikkje nødvendig, og ein av dei tilsette kom ut og leia meg innatt.
Vi følte oss veldig velkomne, og alle var så interesserte i å høyre om pilgrimsvandringa vår.
Vi åt brunsj her, og vi fekk servert litt kvitvin frå bodegaen.
Dette vart verkeleg ei hyggeleg oppleving.
Vi ringte herberge-verten herifrå og sa at vi var på veg. Vi skulle møte han på Plaza Mayor når vi kom til Tordesillas.
Rueda var ein koseleg liten by.
Festpynta by.
Då vi starta oppatt, begynte det å blåse og regne igjen, men heldigvis fekk yr og storm rett, det slutta igjen etter kort tid. Og etter kvart skein der opp, og blei skikkeleg varmt.
Vi kom fram til Tordesillas i halv 3-tida, etter å ha sett byen “der framme” lenge.
Entra byen over ei fin bru frå middelalderen – over elva DouroEndeleg framme, Plaza Mayor.
Koseleg by, og fantastisk hyggelege og hjelpsame folk, mellom anna verten på herberget, Antonio. Han ordna det slik at vi fekk oss middag, sjølv om vi var for seint ute, eigentleg.
I dag er det Fiesta Nacional her i Spania. Det er ikkje så mykje vi merkar til det, anna enn at det har vore uvanleg mykje folk ute, i gatene og på varar, der dei har kosa seg med god mat og drikke.
Herberget her er det flottaste vi har vore på. Det var tidlegare ein bodega her, på slutten av 1800-talet. Så stod huset til forfalls, og blei restaurert og bygd om til herberge for tre år sidan. Tverrbjelkane i taket er originale. Her har dei alt, m.a vaskemaskin og tørketrommel, fullt utstyrt kjøkken. Og det er reint, og med dekke for pute og madrass. Ingen sjølvfølge!
Pilgrimspass. Utanfor herberget. Antonio og Isabella.
Ei natt her skulle han ha 5€ for. Vi gav han 10. Eg tenkjer på andre plassar vi har budd og betalt 5€ for, som ikkje var verdt dét ein gong. For å bu på slike herberge, må ein ha pilgrimspass.
Tordesillas var ein viktig by for 5-600 år sidan. Det var t.d. her at Spania og Portugal signerte avtalen i 1494, om korleis dei erobra områda i Sør-Amerika skulle fordelast dei i mellom. Dei blei einige om å dele dei i to, og Portugal fekk det som i dag er Brasil, medan Spania tok resten.
År 1494
Ikkje akkurat ei historie å vere stolt av, meiner no eg.
I morgon går vi vidare til Mota del Marqués. 24,7km.
Fleire glimt, mellom anna eit- tre par av veggmåleria her.
Fantastisk morgon, med frukost på ein serveringsstad langs vegen, etter eit par km.
Vakker romersk bru og ark, på vegen ut av byen.
Flatt landskap i 700m høgde, etappen minte meg om etappane i Castilla La Mancha, med eviglange vidder og lite variasjon.
To kaffi- og matstopp undervegs, siste i San Vincente del Palacio.
Siste 8-9 km parallelt med motorvegen inn til Medina del Campo.
Ein sort magnolia.
Då fekk eg regnet på meg, når 2 km att.
Kom fram til Medina litt før 5.
Lang etappe, er rett og slett sliten. Hovudet er fullt av bomull, kjennest det ut som, etter dårleg søvn førre natt.
Innlosjering på alberguet her, eit tidlegare kloster.
Kvar sitt rom. Med handklede👏🏻 og sengetøy!
Herberget t.h.
Her i Medina må vi bestemme oss for om vi skal ta Camino Levante til Benavente eller Sureste (dei går litt saman, nokre stadar). Vi har hamna på Sureste, der er lengda på etappane mest sympatiske i høve såre bein.
Så i morgon ventar Tordesillas, 24 km. Og det er meldt regn.
8 grader ved start kl 6.40. Mørkt, avhengig av hovudlykt når ein startar så tidleg.
Stjerneklar, vakker morgon.
Ut frå Gotarrendura, 6.40.
Det har vore kjøleg haustver i heile dag, men sola varma godt etter kvart. Ingen regn i dag heller, lurer på om vi har flaks, eller om det kjem veltande innover oss frå Galicia snart, hjelp!
Vakkert kjedeleg landskap.
Vi har bevega oss ute i “huttiheita” i dag. Ikkje mykje liv og røre, mange av ungdomane flyttar ut, og dei eldre blir att, slik som i Norge. Dei to første stadane vi kom innom i morgontimane, hadde ingen bar open før kl 10. Men til slutt fekk vi oss kaffi og frukost i Tiñosillos.
Fram til Tiñosillos gjekk vi gjennom flatt landskap med hausta åkrar, så langt auget rakk.
Frukost her👍🏻😆
Etter denne byen gjekk vi gjennom furuskog. Heilt fantastisk å gå her, på sti med fin sand. Kilometer etter kilometer, rett og slett nydeleg!
Nesten alle trea var utstyrt med “bøtter” for utvinning av kvae.
Km på km gjennom furuskogenOppsamling av kvae
Ankom Arévalo halv tre, ein halv time før vi hadde kalkulert.
Bur på Albergue donativo, og vi har fått selskap av ein irsk syklist, som kjem motsatt veg, frå Santiago til Valencia.
Inngangen til herbergetGolvet i gangen
Heldigvis er det to rom på herberget😉. I har begynt å bli bortskjemde med å vere åleine på overnattingsstadane.
I morgon er det 34,4 km til Medina del Campo.
Det går vel bra, det også👍🏻
Fleire glimt:
Vi er i Castilla y León, og storkereir på kyrkjene. Dronning Isabela og Isabella😊Berre veggen att.
Frukost på herberget, Isabella laga scrambled eggs og kaffi. Heldige meg❤️
Kl 06.45 starta vi, med lykt. Etter omlag ein time var det lyst.
Ankom Cardeñosa etter halve distansen, kaffi og spansk tortilla der på ein bar.
Banksy her, i Cardeñosa?🤔
I dag har det vore vindfullt å gå. Men heldigvis ikkje regn.
Nydeleg etappe, med fine stiar, slik eg hugsar dei frå Castilla y León i fjor.
Stor variasjon i landskap, og så har vi støtt på kyr undervegs. Meir dyr her enn i Castilla la Mancha.
Ankom Gotarrendura halv 2.
931 moh, 167 innbygg.
Ein gudsforlatt plass – om eg kan seie noko slikt i dette gamet. Men utruleg hyggelege og hjelpsame folk.
Her bles vanvittig, trur det må vere stiv kuling. Isabella prøvde henge opp si fyre Patagonia-jakke. Og plutseleg var den vekk! Ut på leiting, eg ut på jordet, inga jakke.
Kanskje hadde den blåst over taket bort til naboen? Vi tok eit sykkelstativ, og kven skulle tru at høgdepysa meg torde klatre opp – i badesko, og kikke ned i patioen til naboen. Der var jakka! No er det berre å håpe at naboen kjem heim i løpet av ettermiddagen🤞🏻😆
Sykkelstativet var fin stige👍🏻😆
Middag her på den einaste baren, kl 16. Ho som møtte oss på baren då vi kom og gav oss nøklar til herberget, har laga nydeleg mat til oss. Ho heiter Maribo, og kjem frå Venezuela.
Fine folk❤️ Og på baren møtte vi naboen, som jobba der. Så då var jakka berga🙏🏻
Her er ingen butikk, eller matbutikk. Men etter 3,7 km i morgon kjem vi til ein plass der vi kan ete frukost. Vi skal klare ein bra distanse i morgon då💪🏻 Då går vi til Arévalo. Ca 28 km.
PS:
I går fekk eg melding frå Anunciación, kvinna som inviterte meg på kaffi på veg til El Toboso. Ho skulle gå Camino frå Sarria til Santiago. I går var ho framme:
Har grunda på det sjølv, mellom anna når eg vandrar, og har min daglege meditasjon på vegen.
Kvifor synst eg at dette er givande?
Kvifor gir dette meg slik glede, sjølv om mange dagar er reine nedturen?
Kvifor valde eg å gå Camino Levante, som er rekna som den hardaste Caminoen? Ikkje fordi den er meir fysisk krevjande enn andre, sjølv om den er lang, men fordi den er så einsam. Du kan risikere å gå åleine heilt til Zamora, 800 km.
Ein må eigentleg vere litt sprø for å gi seg i kast med denne, seier Isabella (som eg har vandra i lag med sidan Toledo) og eg til kvarandre. Og vi meiner begge at vi er litt sprø😅
Ein må ikkje vere redd for å vere åleine, og ein må trivast med det, trivast i eige selskap på vegen og når ein kjem fram. Ete alle måltid ute åleine også.
Eg har gjort det så ofte at eg er ikkje redd for det.
Eg kjenner også på takksemd for at eg er fri og frank til å gjere dette, no når eg er pensjonist. Tenk å vere så heldig at eg kan dra i veg når eg sjølv vil, og ikkje ha ein jobb eg må skunde meg tilbake til.
Min australske camino-venn, Hugh, frå Via de la Plata i fjor, kalla det å gå ein Camino – ein «mindwash»….. Det kjenner eg på er ei god beskriving. Ein tømmer hovudet, går i eigne tankar, det er ein slags kontemplasjon. Dette er både eit religiøst og eit filosofisk uttrykk.
Eg er glad i å gå, og det må ein vere. Eg synst ikkje at det er kjedeleg, t.d. Å GÅ ein Camino er ein fantastisk måte å sjå landet på.
Eg går no gjennom ein del av Spania som eg aldri har vore i før. Alt innland mellom Madrid og Sierra Nevada, og aust for Via de la Plata, har eg aldri besøkt før.
Så er det ei enorm glede å møte på alle dei vennlege spanjolane (i alle fall dei fleste) som eg møter overalt. Dei er høflege, helser på alle når dei kjem inn på ein bar, t.d. Når ein møter folk på gata, helsar dei fleste “Buenos días” eller Buenas tardes” eller berre “Hola”!
Å gå gir meg god mosjon, eg blir i god form av det, og eg stenger ikkje verda ute med å gå med øyreproppar som kan forstyrre meg, eller hindre meg i å høyre alle lydane rundt meg.
På Caminoen er ingen dagar like. Dvs – der var nokre som likna veldig på kvarandre på dei evige slettene i Castilla La Mancha😆
Kvar dag lever sitt eige liv. Eg går gjennom nye trakter, kjem til nye stadar. Eg skal finne eit herberge å “bu på”, eg skal kvile, tøye slitne musklar og ledd, ete, sove. Så kjem ein ny dag, og nye soloppgangar. Dag etter dag er det slik.
Paulo Coelho seier det slik:
«Ingen dag er den andre lik. Hver morgendag bringer sitt eget mirakel, sitt magiske øyeblikk, da gamle verdener forgår, og nye stjerner skapes» (Ved elven Piedra satt jeg og gråt»)
Så, kva er det som driv meg?
Først og fremst er dette ei utfordring som triggar meg – å gå tvers over Spania. Det gir meg meistringskjensle kvar dag å klare ei etappe, og kvar dag komme nærare målet. Eg synst jo det ville vere litt kult å klare det, og komme fram til Santiago. Men først må eg gjere vegen dit…
Når først tanken var blitt sådd å gå Camino Levante, så kjende eg på at dette skulle eg berre gjere.
Eg er ei rastlaus sjel, klarar ikkje vere i ro, med mindre eg har prosjekt som eg jobbar med.
Å vandre her nede, men også elles, gir meg enorm ro i sjela. Ein kjem inn i ein slags modus, og det kjenner eg på er veldig bra for meg.
Det er sjølve vandringa som er det beste med det heile, å gjere “sin eigen Camino”.
Å komme fram, er veldig stort, og veldig, veldig emosjonelt. Men det er dagane undervegs eg hugsar best, og har med meg kvar dag etterpå.
Det er ikkje lett å vere i ro når ein har mykje å gjere.
Har vore på Decathlon (tok buss…) og kjøpt meir ullklede. Det er kaldt her oppe i fjella, og når vi kjem til Galicia kan vi vente oss allslags ver i slutten av månaden. Til og med snø.
Eg har vore på postkontoret og sendt heim klede eg ikkje treng meir her.
Og eg har vore hos lege (tok buss…) og fått resept på betennelsesdempande medisin. Eg endar vel opp med å bli ekspert på både taping og behandling av denne skiten, skulle klart meg fint utan🤔
Så eg har ikkje fått sjå allverda av denne fine byen.
Mange koseleg butikkvindauge her. Kaffi på baren Santa Teresa.Santa Teresa de Ávila, byen sin helgen.
Bymuren rundt gamlebyen er frå Middelalderen. Den er over 2,5 km lang rundt, har 87 tårn og 9 portar. Den har 2500 taggar, og muren her er den best bevarte av sitt slag i verda.
Det er Spania sin nasjonaldag, Día de la Hispanidad, 12.oktober. Dagen blir også kalla Columbus-dagen, til minne om at Christoffer Columbus gikk i land på Bahamasøyene 12.oktober 1492.
Dette er generelt ein skulefri dag for ungane, men elles inga feiring blant folk. Offisiell feiring er ei militærparade i Madrid med kongen til stades. Her i byen såg vi stridsvogner oppstilt ved muren i dag, kanskje skal dei ha ei slags markering her også?
Såg det var spennande for barna å komme opp på desse monstera, ikkje særleg kjekt å sjå, tykte eg.
Det har bore kaldt her, 13 grader, men litt vind i tillegg, 16 grader midt på dag. Overskya. Det er meldt regn i Spania heile veka, då det er spennande dagar vêrmessig.
Starta dagen med litt hurtigfrukost på herberget. Ingen bar open på ein måndag…
Tidleg opp, å gjere seg klar med all taping på leggen/leggane tek si tid😊
I dag var det meldt regn, vi valde å gå bilvegen. Å gå i gjørme var lite freistande.
Vi gjekk oppover, og høgaste punkt på dagens etappe var omlag 1400 moh.
Haustfargar i fjellet, og beitande kyr og hestar såg vi undervegs.
Det gjekk i grunnen greitt å gå på bilvegen. Bilane køyrde forsiktig, ingen kvit midtstripe på denne vegen.
6-7 km før vi var framme, kom regnet, og det til gangs. Regnet rann frå regnponchoen og ned i skoa, så blei ganske så våt, ja🌧️
Då vi endeleg ankom Ávila, ca 1200 moh, var det 13,5 grader, og vi var iskalde. Men slik er det i dette gamet; vi må ta det som kjem.
Då vi gjekk inn i byen, var det nesten ein time meir med gåing for å komme til herberget, som ligg rett utanfor bymuren mot vest.
Til gjengjeld er det eit veldig bra herberge👍🏻
Registrering og stempling av pilgrimspasset.
Klevask (vaskemaskin her) og mat, har vore ettermiddagens syssel her (som vanleg), pluss å tørke sko.
Kviledag i morgon, eller kort etappe? Det er det vi har grunda på i ettermiddag. Isabella treng kviledag pga smerter under føtene, og eg….. treng det jo, eg og👍🏻 Herberge-verten sa vi kunne vere både to og tre netter meir, om vi hadde behov for det, fordi det er så få pilgrimar no.
Vi har landa på kviledag begge to, og går for det. Så får det stå si prøve i høve vêr og vêrmeldingar dei neste dagane🤞🏻
Fleire glimt frå dagens etappe:
Endeleg letta det opp. Gamlebyen i Ávila er oppringa av desse flotte murane. Mange koselege plazaer. Ein av portane til gamlebyen. Frå aust.Katedralen. Plaza Mayor.
Vi er bra høgt til fjells, vi har i dag gått frå 750 moh til 1050, men undervegs har vi vore oppe i omlag 1250 moh.
Begynte etappen med ein time, nesten, bratt stigning. Herleg å kjenne at eg måtte ta i litt.
Cebreros bak oss.
Så har det vore litt variert, før vi hadde ei ny oppstigning, og nedover att til San Bartolomé de Pinares.
Det har vore ei flott etappe, totalt ulikt i går. Vi har vandra gjennom flokkar med beitande kyr, men lurer på kva dei finn å ete, då tørt og lite grønt som er att no på hausten. Vi var litt utrygge på kor kjekke desse kyrne var, men det gjekk fint👍🏻 Men baksida med å gå gjennom beiteland, er alle kyraruer…..
Her veks tre og vekstar langt over den norske tregrensa.
Av og på med kle i dag, kjøleg på toppen.
På vegen i dag var det mange tre som var skada etter skogbrann.
San Bartolomé de Pinares. Fantastiske steinformasjonar på vegen ned.
Vi ankom San Bartolomé kl 14, og fekk nærast sjokk då vi kom til Alberguet, og der var ein annan pilgrim😂 Ein spanjol som går motsett veg, mot Valencia. Han har vore på vegen i fem månader.
I morgon er planen å gå til Ávila, ca 25 km. Ei tøff etappe, og det er meldt regn heile føremiddagen. Det ser eg føre meg blir ein tøff kombinasjon- opp i nesten 1500 meter, med regn og kyraruer……🤔 Kanskje vi må ta ein del av etappen på bilvegen for å unngå problemet. Vi får sove på det her på herberget 😊
Og foten? Stadig betre, men vil nok tigge/kjøpe is nokre dagar til. Tapa den andre foten også, for sikkerheits skuld. Han murrar litt, men eg ber han teie seg💪🏻
Fleire glimt:
Distansen til Santiago må vere feil….🤔Drikkekar til dyra. Øverste del veldig gammal.
You must be logged in to post a comment.