Camino Norte 2026

Måndag 3.august

(Frå Gronze.com)

No er eg endeleg i Irún, grensebyen mot Frankrike, inst i Biskayabukta. Turen har gått som smurt heilt til Biarritz i Frankrike. Her måtte eg diverre igjen konstatere at mange franskmenn har vanskeleg for å yte service viss ein ikkje snakkar fransk! Så det enda med drosje i staden for buss til togstasjonen. Så viste det seg at toget til Irún gjekk berre til Hendaye, den franske grensebyen. Og ho som selde meg billett dit, sa ingenting om at det gjekk tog vidare til Irún, på andre sida av stasjonen. Det blei oppdaga med flaks. 

Men no er eg her, gradestokken viste 26 grader då eg kom fram. 

Eg bur på enkel standard 2 stjerner, midt i byståket, på Bar Pensión Bidasoa. 

Her frå Irún startar eg altså Camino Norte langs nordkysten av Spania i morgon, tysdag 4.august. Eg har allereie funne vegen ut av byen. 

Retning Donostia.

Caminoen er omlag 825 km, og eg planlegg å bruke ca 5 veker på turen. 

Eg har verkeleg tenkt å ta det roleg, og nyte det vakre landskapet eg skal gå gjennom. 

Omlag 18000 høgdemeter, fordelt på ca 40 etappar, eller meir. Kanskje deler eg fleire etappar i to. Kjem litt an på korleis beina er, og om eg finn plass å overnatte. Dette er høgsesong i Spania, og prisane er høgare enn elles om året. 

Men satsar på at dette går bra, for på dei fleste plassane er det kommunale herberge, som ikkje tillèt booking på førehand. Det er eit gode!, verkeleg!

Den nordlege vegen langs kystlina av Spania er ei av dei eldste og mest historiske pilgrimsrutene til Santiago. Denne ruta går gjennom regionane Baskerland, Cantabria og Astrurias, før den svingar sørvest-over inn i Galicia. 

Denne ruta blei hovudvegen i middelalderen då maurarane okkuperte store deler av Spania, frå 711-1492, og den franske ruta blei for farleg. Denne ruta blei då spesielt populær, og pilgrimar frå heile Europa reiste ofte med båt til kystbyane i nord, og fortsatte til fots til Santiago. 

Vegen følgjer mykje av den gamle romerske vegen Via Agrippa, og er rekna som ei av dei mest fysisk krevjande rutene fordi det er så kupert terreng. 

Ruta passerer gjennom byane San Sebastián, Guernica, Bilbao, Santander og Gijón. 

I tillegg kjem eg til å gå innom den gamle byen Oviedo. Dette er ein gammal by, seiest å vere grunnlagt i 761, men arkeologane har funne spor etter busetnad allereie frå år 100. Byen er kjent for den heilage katedralen, San Salvador, og er sluttpunktet for Camino del Salvador (fjell-veg, 6 etappar frå León), der målet var å besøke denne katedralen med alle sine heilage relikvier. 

Etter fullført Camino del Salvador, gjekk pilegrimane vidare til Santiago på Camino Primitivo. 

Dette er ruter som eg planlegg å gå – kanskje neste år…..

I morgon går eg i retning San Sebastián, men stoppar i Pasajes de San Juan, der er det herberge. 

16,9 km. 

Det er “langt nok” første dagen😊

(Skjermbilete Gronze.com)

Kommenter innlegget