Camino Norte. Dag 10: Pobeña – Islares

Torsdag 13.august

37983 steg

22,3 km

Eg fekk sjå solformørkinga i går. Fekk låne nokre briller, det var utruleg å sjå. Såg ikkje når den var full, ein liten skalk gjensto. Men så stilig! 

Framme i Islares i dag 14.30. Starta å gå 6.20. 

Farvel til Pobeña og den fine stranda der.

Eg bestemte meg i går for å gå litt lenger er Castro Urdiales, for å korte inn på morgondagen, som låg an til over 30 km. Eg valde Islares, 8,6 km lenger. Prøvde booke seng, men blei for sein, så det blei hotellseng i natt, med god plass, ingen kø i dusjen, kvite handklede, det eg i “dette livet” kallar luksus. 

Med unntak av ca 5 km langs ein sterkt trafikkert veg, med smal vegskulder, så har det vore ei fantastisk etappe i dag, og heilt nydeleg å vere nede ved kysten igjen.

Flott temp for å gå. Sjølv om sola etter kvart kom opp, var det likevel overkommeleg pga brisen frå havet. 

Og – eg har gått inn i ein ny region, Cantabria. 

Etter kort tid på vegen, i dag tidleg, blei eg tatt igjen av tre ungdommar, spanjolar. Og dei slo følge med meg nokre km. To var studentar frå Baskerland. Artig at så mange unge får smaken på denne vandreforma. Eg tok eit stopp for å booke hotell, og ungdomen gjekk vidare. 

Frukost undervegs i dag, etter 6 km, i Mioño. Der sat ein av dei tre ungdomane, Pablo. Han hadde valt ein annan veg, og skulle også overnatte i Islares. Så då slo vi følgje vidare. 

Mange av dei som budde på herberget i Pobeña, møtte vi att på vegen i dag. Det blir litt slik, som ei “familie” på tur. Hyggeleg. 

Vi hadde ein liten stopp i Castro Urdiales, og besøk på borga der, før vidare til Islares.

Borga heiter Castillo de Santa Ana. Borga ligg på ei klippe ved sjøen, blei bygd i middelalderen for å beskytte havna og byen. Plasseringa deler borga med ei stor og berømt gotisk kyrkje frå 1200-talet, Santa María de la Asunción. 

Kyrkja

Det er veldig fint å gå langs kystlina her. Klipper og små strender, og vakkert landskap med gardar, beitande dyr, og små byar. 

Og alle luktene på vegen, av skog og urter. 

I morgon går eg til Laredo, 21,9 km. 

Slik har turen vore i dag, i bilete:

6 km langs sterk trafikkert veg. Men det gjekk fint.
Islares

5 kommentarar på “Camino Norte. Dag 10: Pobeña – Islares

  1. Lyshåra, krøllete fiine Kari!🥰🌞Sola har gjort ein god jobb både på hud og hår, ingen tippar deg til 70 år..

    So kjekt at du fekk med deg solformørkinga.. her stengde skyer og skodde.😩Men vi Har faktisk hatt to gode dagar no!

    Artig med ungdomar som går desse « rutene», og at de har selskap.❤️Og Alt du kan av historier rundt bygningar og byar!

    Ynskjer deg framleis god tur.. skadefritt!

    Klem.🥰

  2. Hei Kari, kjekt å lese bloggen din, og sjå på alle dei fine bileta😊. Det må vere herlig å vandre i vakre landskap og møte ulike typar folk. Eg skulle gjerne vore med deg og gått, vere i ei «boble» av opplevingar, og stenge ute resten av verda🌞. Her har vi starta på jobb igjen, med møter og mas, og véret er typisk vestland med regn og skodde🤒. Finvéret kjem med elevane på mandag, typisk….Eg får drøyme meg vekk ved å lese bloggen din og sjå på bileta. God tur vidare🥰

    • Tusen takk, Eli, så kjekt at du “reiser” med meg🙏🏻

      Ja, eg trur du er typen som ville like dette, og eg trur vi hadde vore god match på vegen👍🏻😊

      • Eg gløymde visst å signere kommentaren over, men du såg at det var meg😊. Trur vi hadde gått fint i lag på ein slik tur, ja. Faktisk har vi fått ein ny kollega på jobben, vikar for Martine, som nettopp har gått caminoen åleine frå Vigo og opp. Ho fortalte i dag at ho elska det, det å gå åleine og tenke over livet, sleppe å ta mange valg, ikkje noko stress anna enn å berre gå. Eg fortalte ho om deg og at du gjekk den ruta i fjor ( og lenger). Eg trur eg må prøve det snart😊😉. Klem frå Eli

Kommenter innlegget