Søndag 16.august
15798 steg
13,2 km
Sein middag i går, altfor seint å etemiddag kl 21.
Men det var eit veldig hyggeleg måltid, sosialt og kjekt.
Difor blei det veldig seint før gårsdagens rapport blei lagt ut. Fullt av gjøremål som blei prioritert foran det, beklagar ❤️
Men håplaust å få sove etterpå. Og attpå til var der ein italienar på rommet som snorka heile natta gjennom. Han advarte oss førut, tilbydde øyreproppar, men det er ikkje hjelp i for meg, for dei dett berre ut😩
Eg sov kanskje tre timar i natt…..
Frukost på herberget kl 7, før vi gjekk avgarde, 7.30.
Veldig spesielt herberge, og nydeleg konstruert heile området. Eit minne for livet å vere der.
Regn i dag. Måtte fram med regnbuksa, og regnponchoen, for første gang på denne turen.


Vi hadde ca 11 km å gå før båten over til Santander gjekk frå Somo kl 9.
Vi mora oss med «ro….ro….ro…» på båten over, så dette norske varemerket frå VM er noko som heile verda har merka seg. Problemet er at sør-europearane har problem med å seie den norske o’ en😊
Vi gjekk fort, i regnet – yr.
Flatt og kjedeleg veg, på asfalt.
Men kort etappe, det var rett og slett litt nydeleg.



Mat i Santander, ein bra stor by med ca 176000 innbyggjarar.
Så måtte vi seie adjø til Pablo, som skulle avslutte Caminoen.
Det har vore ei glede å gå i lag med han; sosial, hjelpsam, snakkar med alle, og snill.
Her er mange kjekke ungdomar som går, ofte åleine.
Eg bur på herberget «Albergue de peregrinos Santos Mártires» her i Santander.
Det opna kl 13. Her er det klaustrofobisk, trangt, og ein nedtur i høve gårsdagen.
Massi, frå Italia, og eg var dei første som fekk seng, og sidan har det berre blitt fylt opp meir etter kvart. Heldigvis kom den snorkande italieneren først no, og havna på eit anna rom enn meg🙏🏻
Ein liten svipptur innom katedralen, før den stengte. Fin katedral. Og fin anlegg rundt.




I kveld pastamiddag på herberget, med Massi som kokk, han har dragsa på pastapakkar frå Italia, ville gjerne lette sekken🤣
Herleg med ei slik kort etappe, slepp klesvasken i dag.
I morgon Duález, 30 km.
Huff, det blir litt langt.
Håpar å sleppe unna regnet.
Kjære Kari!🥰So kjekt det er å sjå fine bilete av DEG!👏🩷Fint å få gå ilag med nokon .. og dele» kamera».
Og forr ein gjeng rundt middagsbordet i går kveld!
Uff, ja, du får investere i snorkeplaster…(Kjetil brukar)😂om du skulle treffe på nye søvnforstyrrande typar!
Du skriv: Det er 11km å gå til båten.. eg tenkjer: som å gå herifrå til Skei!😂Har Aldri gjort det!😩
Du er beintøff, Kari, og eg gledar meg over at det går so fint, lukke til vidare, klem 🥰
Takk, Anny🙏🏻❤️ Ja, eg tenkjer ofte, når det er t.d 5 km att, at dette er å gå frå Førde til Erdalen🤩