Camino Norte. Dag 16: Playa de Oyambre – Colombres 

Onsdag 19.august

33939 steg

23 km

Flott dag på vegen i dag. Overskya heile dagen, perfekte temperaturar, starta ca på 20, var 26 då vi passerte ein by undervegs.

Hadde frukost på hotellet, med egg og ferskpressa appelsinjuice, m.a. Eg går lenge på ein god frukost. 

Dagens etappe blei litt kortare, fordi vi gjekk 4 km ekstra i går. 

Massi kan ikkje engelsk, vi kommuniserer på spansk. God trening👍🏻
Mange surfarar her.

Den har vore full av flotte landskap. Her er det så grønt og frodig. Flotte gardar der kyrne beiter ute, og ser ut til å nyte gode dagar. 

Og fine strender, ideelle for surfing. 

Her er mange turistar som ferierer, hovudsakleg spanjolar, som truleg flyktar frå varmen lenger sør. 

Campingturisme er populært her, store og fulle campingplasser. 

Pust og pes opp her.

Etappen har hatt fleire motbakkar, så vi har skikkeleg løyst svetten i dag.

Då vi kom til Unquera, 1,8 km frå Colombres, møtte vi ein eldre mann, som vi kjende att frå Caminoen, som steig ut av ei drosje. Hadde nok ikkje gidda å gå i dag. Men han kom stigande inn på herberget som om han hadde jobba hardt. Og då hadde han berre gått siste par km til herberget her. 

Då eg kom fram til herberget, stod der fleire sekkar med postmerke på, transportert dit. Og vi har gått forbi fleire i dag, med berre små dagstur-sekkar. 

Ein forholdsvis ung pilegrim som sat der, då eg kom, var ganske forbanna då han oppdaga dette, for – dei «konkurrerer» om dei same sengane på herberga. 

Med gårsdagen friskt i minne, så må eg seie at det ergrar meg også. 

Ein spanjol eg snakka med her i dag, sa han måtte reise heim til Santander og sove der i natt, faren hadde måtta hente han, for bussane  var fulle. 

I dag tok han buss tilbake til Comillas, for å starte igjen. Slik skal det ikkje vere. 

Han sa det same som det eg uttrykte i går, at det tek vekk gleda med å gå og gjere ein camino, viss ein skal berre drive med å stresse for å finne ein stad å bu dei neste etappane. 

I dag har vi gått inn i Asturias, etter byen Unquera, brua der vi kryssa elva Deva. 

Vi er i Asturia
Slik kan også Caminoen sjå ut, nydeleg veg oppover til Colombres.

Ankom Colombres kl 13. Byen ligg 110 moh, og har vel 1300 innbyggjarar. 

Koseleg, lite by. 

Colombres

Massi har gått vidare til neste by, La Franca. Møter han nok på vegen att i løpet av morgondagen.

I morgon går eg til Llanes. 22.9 km.

Eg har fått meg seng på eit herberge der👍🏻 Startar tidleg, så eg kjem tidleg fram.

Det er meldt regn ☔️🫣

………………..

Ein liten, søt kanin i vegkanten.
Fare for pilegrimar🤣
Kapell «Carmen»

Kommenter innlegget