Camino Norte. Dag 3: San Sebastián – Zarautz

Torsdag 6.august -26

32635 skritt

17,5 km (fratrekt det eg gjorde unna i går, med å gå gjennom heile byen til hostalet) 

Dagens dyst. Eg starta heilt vest i byen.

Stod opp 6.30, etter ei natt med lite søvn. Kan ikkje skulde på desse kjekke ungdomane, dei stiltra seg inn etter kvart som dei kom. Ei seng stod tom, trudde ingen ville komme der. Men kl 01 dukka det opp ei asiatisk kvinne, som ikkje gjorde noko forsøk på å vere stille, og slo på lys, … i det heile tatt veldig forstyrrande og ganske irriterande 😔

Slik er det av og til! 

Åt frukost på hostalet, og eg fekk ikkje betale🙏🏻

Farvel til San Sebastián
Ut frå San Sebastián
“Independencia”, fortsatt er det mange baskarar som ønskjer uavhengigheit frå Spania, sjølv om det er ein avslutta kamp.

23 grader, og fin vandring i dag, tredje dagen på Caminoen, ofte den dagen evt blemmer dukkar opp. Men eg har klart å unngå det, heldigvis, så langt. 

Vegen har vore veldig variert, mykje opp og ned, og gjennom skog og utmark, gjennom bondeland, og på ein del asfalt. 

Bustadhusa her minner meg litt om Sveits, med synleg treverk på fasaden. 
Og ein liten rødstrupe som eg klarte å “fange” før den flaug

Vi gjekk gjennom byen Orio, ein veldig fin og koseleg gammal by, som låg nede ved elva Oria. 

Dette var einaste stad med mulegheit for å sette seg ned ein stad,

Vel, det er ikkje heilt sant, undervegs dukka det opp ein hyggeleg stad der ein mann ønska velkommen og bydde på juice og kaffi, og mat om ein ønska det. Alt donativo, ein betalte det ein ville gi. Så trur alle var rause, sjølv om eg mistenkjer at juicen var kjøpt på butikken. 

Morsomt med slike stadar, men samtidig så er det litt merkeleg. 

Har no etterpå fått vite at dette var eit herberge og restaurant “The yellow Deli” driven av ei religiøs gruppe med opphav i USA på 1970-talet; “The twelve tribes”, som er sjølvstyrte religiøse samfunn, viss eg har forstått det rett.

Ankom Zarautz i 13-tida. 

25 grader.

Mange folk på vegen i dag. Blei kjent med ein inder som bur i London, vi støtte på kvarandre fleire gongar på vegen, og vi kom til Zarautz samtidig. Så då slo vi oss likegodt ned på ein restaurant vi passerte, og åt “Menú del día”. Tre rettar til 18€. 

Fantastisk mat, beste Menú del dia eg har ete på mine turar. Alt var tilberedt så fint, og alt smakte veldig godt. 

No er eg installert på eit rom med 11 andre, på Zarautz Surf House, i lag med ungdommen som er her for å surfe. 

Koseleg liten by, med flott strand. 

Lite mulegheit for klesvask dei to siste dagane. Set mi lit til at eg får vaska i Deba, dit vegen går i morgon. 

Ca 21 km. 

Eg skal stå opp tidleg, og få med meg soloppgangen. 

¡Hasta mañana! 

Getaria i sikte, skal innom der i morgon.
Zarautz
Golf bane er det også i Zarautz, ikkje berre surfing.

Kommenter innlegget