Søndag 9.august
28928 steg
17,8 km
NYDELEG å gå berre nærare 18 km i dag!
Fantastisk dag på vegen! Akkurat passe med opp og ned, i høve gårsdagen, og perfekt temperatur for vandring, truleg ca 24 grader.
Kjende på camino-kjensla i dag❤️

God natt på klosteret, var utslitt i går etter dårleg natt førut og lang og varm vandring, utan nok mat i magen. Så ingen problem å sovne i 21-tida😊
Møtte på “onkelen og nevøen” frå Pasajes San Juan, dei som regna ute i hengekøye utanfor herberget der.
Gøy å sjå kor han ungdommen elska å vere på Caminoen.
Her har alle dei same problema; såre bein og gnagsår og blemmer.
Det er slike enkle (?) problem livet dreier seg om her på Caminoen.
Men kan vere alvorleg nok. Eg prøver å unngå blemmer, men eg får alltid nokre, same søren kva eg gjer….
Frukost var inkludert i dei 15€ det kosta å bu der, og det var fantastisk å få litt mat før start.
Ein god start på dagen, med andre ord👍🏻
Her er mange som går, men veldig få som skal gå heile vegen. Så mange av dei eg treff på no, kjem ikkje til å vere dei som eg møter to veker framover på vegen. Det er jo litt spennande. Kven møter eg der?




I dag på vegen har eg prata med eit par eg såg på herberget i Markina. Eg spurte dei kva språk dei snakka på, dei var bak meg. Koreansk var språket. Han var frå Sør-Korea og ho frå Frankrike, og dei budde ilag i Paris. Veldig hyggeleg ungt par❤️
Så trefte eg på ein amerikanar, som slo følge med meg til ein liten by, der vi sette oss ned, og han spanderte kaffi og spansk tortilla på meg. Slik er det ofte, heilt annleis enn slik vi er vane med i Norge. Og eg blir jo litt slik at eg kjenner på at eg skuldar han noko, typisk!
Eg får gjere “ein annan mann ei beine då” ved eit høve👍🏻
Han melde pass i nokre tøffe motbakkar, og vi sa “buen Camino” til kvarandre.
Alltid hyggeleg å møte folk som ein kjem i prat med. Det kan vere vere slitsamt også; å kommunisere på eit anna språk, men oftast er det berre hyggeleg, og lærerikt.
Nokre signaliserer med kroppsspråk t.d. veldig tydeleg at dei går åleine og ønskjer lite kontakt. Andre er veldig ekstroverte, så her er alle slags typar menneske.
Eg trur eg er ein plass midt i mellom. Det må vere folk eg kjenner god kjemi med om eg skal orke å gå lenge saman med dei.
Det er fordelen med å gå åleine, å kunne gjere det valet👍🏻
I dag har eg gått mesteparten på fantastiske stiar. Lite asfalt.


Har passert mange koselege, små landsbyar, og mange flotte og velstelte hus og gardar.
Vi er på “bondelandet”, med masse beitande dyr.



Eg ankom Olabe/Mendata 12.45.
Herberget, Albergue Andiketxe, opnar ikkje før 15.
Det er privat, altså kan ein booke seng på førehand. Med 20 sengar torde eg ikkje anna enn å ta kontakt og få reservert ei seng.
Eg bad om ei køyseng nederst, men det var ikkje vanleg å kunne reservere det, utan ein spesiell grunn. Eg svarte at eg var 70 år og likte dårleg den øverste senga.
Det tykte han var ein veldig god grunn, så då har eg fått ei seng nederst, takk og lov😊
Det er regn i lufta. Det har skya over, og det bles litt, kanskje kjem det regn, Yr melder fare for det kl 17🤔 Og det lurer litt torden i det fjerne.
Fin temp likevel.
Dette er ein knøttliten plass, så heldigvis serverer dei middag på herberget.
Men frukosten i morgon må eg ta i Guernika, for på herberget har dei ikkje frukost før 7.30, og det kan eg ikkje vente på.
I morgon skal eg gå til Larrabetzu, ca 21,5 km.
Fare for litt regn på føremiddagen, men med temperaturar på 23-24, så er det overkommeleg.


You must be logged in to post a comment.