Camino Norte. Dag 7: Olabe/Mendata – Larrabetzu

Måndag 10. august

24,3 km 

…… steg? 

Veldig hyggeleg kveld i går, med nydeleg middag på herberget, laga av «el hospitalero». 

10 € for tre rettars med vin til, og til hovudrett fekk vi storfekjakar. 😋

Kjekt å ete middag med mange rundt bordet, og mange språk var i sving. Og tenk at vi kunne gløyme å ta bilete!

Solnedgang fekk eg også med meg, som regel har eg lagt meg ved solnedgang. 

Vi oppdaga at herberget i Larrabetzu, målet for i dag, berre har 11 plassar, så eg tenkte eg fekk stå tidleg opp og komme meg avgarde. 

Lita romersk bru, på veg til Gernika, eg elskar desse bruene!

Starta gå kl 6.30. Frukosten var ein time etter, så den ville eg heller ta i Gernika, 7,8 km unna på vegen. 

Fin gåtemperatur. Framme i Gernika viste temperaturen 19 grader, perfekt. 

Gernika i sikte.

Fann murmaleriet til Pablo Picasso, ein reproduksjon av hans berømt maleri «Guernika», som er å finne i museet Reina Sofia i Madrid. Maleriet blei målt i 1937, under borgarkrigen, og måler 7,8×3,5m, og er ei skildring av bombinga av byen Gernika 26.april 1937, i gryotta når folk låg og sov. 

Praktisk tala heile byen blei jamna med jorda, og mellom 250 og 1600 menneske blei drept. 

Hitler og nazi-Tyskland stod for bombinga, med 24 bombefly, på oppdrag frå Franco. 

Hitler hadde nokre bomber han skulle sjekke, om dei var gode nok, til dei kommande aksjonane han planla i Europa…… 

Maleriet var ein protest mot Franco, og med fare for at det ville blei øydelagt, blei det ført ut av landet, m.a var det lenge i USA. 

Etter at Spania igjen blei eit demokrati, etter Francos død i 1975, blei biletet omsider ført tilbake til Spania, i 1981. 

Grunnen til at Franco valde Gernika, var at den baskiske motstanden var veldig sterk. Og med å bombe denne viktige byen, trudde dei at dei ville øydeleggje moralen til fienden. 

Gernika hadde vore den åndelige hovudstaden, og var symbolet på baskisk fridom og sjølvstyre. 

Men dei klarte aldri å knuse den motstanden, og fortsatt er den sterk. Mange baskarar ynskjer fortsatt fridom frå Spania, eg har allereie gått forbi mange slagord på vegen denne veka. 

Treet i Gernika, eit eiketre, er sjølve nasjonalsymbolet for baskarane, som i gamle dagar heldt ting i skuggen av tre.

Det gamle treet, der stammen står bevart innebygd, er blitt erstatta av nye, første gang i 1860. 

Eg har teke lite bilete i dag, måtte slå av tlf for å ha litt batteri att til eg kom fram. 

Heller ikkje har eg fått telt skritt. 

Eitt eller anna hadde sviktar under lading i går. 

Slik kan ein stygg mur bli fin.

Eg gjekk veldig fort i dag. Var framme i Larrabetzu 12.30. 

No installert på herberget, som ikkje er blindt dei beste eg har budd på. 

I morgon Bilbao, 18 km. 

Vil nok bruke 5 timar på den turen, ein del stigning siste halvdel. 

Det er meldt veldig varmt. 

Fleire glimt:

Larrabetzu

Camino Norte. Dag 6: Markina Xemein – Olabe/Mendata

Søndag 9.august 

28928 steg

17,8 km

NYDELEG å gå berre nærare 18 km i dag! 

Fantastisk dag på vegen! Akkurat passe med opp og ned, i høve gårsdagen, og perfekt temperatur for vandring, truleg ca 24 grader. 

Kjende på camino-kjensla i dag❤️

Fin morgon ut frå Markina

God natt på klosteret, var utslitt i går etter dårleg natt førut og lang og varm vandring, utan nok mat i magen.  Så ingen problem å sovne i 21-tida😊

Møtte på “onkelen og nevøen” frå Pasajes San Juan, dei som regna ute i hengekøye utanfor herberget der. 

Gøy å sjå kor han ungdommen elska å vere på Caminoen. 

Her har alle dei same problema; såre bein og gnagsår og blemmer. 

Det er slike enkle (?) problem livet dreier seg om her på Caminoen. 

Men kan vere alvorleg nok. Eg prøver å unngå blemmer, men eg får alltid nokre, same søren kva eg gjer…. 

Frukost var inkludert i dei 15€ det kosta å bu der, og det var fantastisk å få litt mat før start. 

Ein god start på dagen, med andre ord👍🏻

Her er mange som går, men veldig få som skal gå heile vegen. Så mange av dei eg treff på no, kjem ikkje til å vere dei som eg møter to veker framover på vegen. Det er jo litt spennande. Kven møter eg der? 

I dag på vegen har eg prata med eit par eg såg på herberget i Markina. Eg spurte dei kva språk dei snakka på, dei var bak meg. Koreansk var språket. Han var frå Sør-Korea og ho frå Frankrike, og dei budde ilag i Paris. Veldig hyggeleg ungt par❤️

Så trefte eg på ein amerikanar, som slo følge med meg til ein liten by, der vi sette oss ned, og han spanderte kaffi og spansk tortilla på meg. Slik er det ofte, heilt annleis enn slik vi er vane med i Norge. Og eg blir jo litt slik at eg kjenner på at eg skuldar han noko, typisk! 

Eg får gjere “ein annan mann ei beine då” ved eit høve👍🏻

Han melde pass i nokre tøffe motbakkar, og vi sa “buen Camino” til kvarandre. 

Alltid hyggeleg å møte folk som ein kjem i prat med. Det kan vere vere slitsamt også; å kommunisere på eit anna språk, men oftast er det berre hyggeleg, og lærerikt. 

Nokre signaliserer med kroppsspråk t.d. veldig tydeleg at dei går åleine og ønskjer lite kontakt. Andre er veldig ekstroverte, så her er alle slags typar menneske. 

Eg trur eg er ein plass midt i mellom. Det må vere folk eg kjenner god kjemi med om eg skal orke å gå lenge saman med dei. 

Det er fordelen med å gå åleine, å kunne gjere det valet👍🏻 

I dag har eg gått mesteparten på fantastiske stiar. Lite asfalt. 

Mange trapper ned, som gjorde nedstigninga mykje lettare.
Vern mot fuglar?

Har passert mange koselege, små landsbyar, og mange flotte og velstelte hus og gardar. 

Vi er på “bondelandet”, med masse beitande dyr. 

Ein gammal låve

Eg ankom Olabe/Mendata 12.45. 

Herberget, Albergue Andiketxe, opnar ikkje før 15. 

Det er privat, altså kan ein booke seng på førehand. Med 20 sengar torde eg ikkje anna enn å ta kontakt og få reservert ei seng. 

Eg bad om ei køyseng nederst, men det var ikkje vanleg å kunne reservere det, utan ein spesiell grunn. Eg svarte at eg var 70 år og likte dårleg den øverste senga. 

Det tykte han var ein veldig god grunn, så då har eg fått ei seng nederst, takk og lov😊

Det er regn i lufta. Det har skya over, og det bles litt, kanskje kjem det regn, Yr melder fare for det kl 17🤔 Og det lurer litt torden i det fjerne.

Fin temp likevel. 

Dette er ein knøttliten plass, så heldigvis serverer dei middag på herberget. 

Men frukosten i morgon må eg ta i Guernika, for på herberget har dei ikkje frukost før 7.30, og det kan eg ikkje vente på. 

I morgon skal eg gå til Larrabetzu, ca 21,5 km. 

Fare for litt regn på føremiddagen, men med temperaturar på 23-24, så er det overkommeleg. 

Utsikta frå der eg bur i natt🩷
I 2024, i beg av august i Valencia, var fiken modne. Her er det nok litt seinare. Mitt spørsmål er: blir dei modne i løpet av mine 5 veker på vegen🤔😋
Baskisk er eit språk som ikkje liknar noko anna. Kven skulle kunne gjette at dette betyr toalett?

Camino Norte. Dag 5: Deba – Markina Xemein 

Laurdag 8.august

41636 steg

23,3 km

Skjermbilete frå Gronze.com

I dag har det verkeleg vore tungt. Det er laurdag, ingen restaurant som opna tidleg, og undervegs var det ingen plassar å få servering. 

Eg hadde sikra meg med litt mat, men sikkert ikkje nok. 

Var skikkeleg sliten når eg kom fram, og dei siste km var lange som år🫣

Farvel til Deba
Soloppgangen, sola kom ikkje med.

Begynte å gå kl 6.15, og var framme kvart på 14. Lang dag på vegen…🥵

Eg stod opp halv 6, etter ei fæl natt på jernbanestasjonen, med tog som stansa og starta på eine sida, og bylarmen på den andre sida. Og ein bilalarm som hylte regelmessig gjennom heile natta. 

Ganske mørkt då eg begynte å gå, men eg visste at ei gruppe med ungdommar var bak meg, så følte eg meg trygg. 

Det har vore å gå opp, opp, opp, ned, ned, og opp igjen gjennom heile etappa. I tillegg til at det etter kvart blei skikkeleg varmt, så vart dette ein slitsam dag. 

Mykje busker og kratt langs vegen, som tok mykje utsikt. Og med mykje oppover, så går eg og stirer meir ned i bakken. 

Men landskapet er vakkert grønt og frodig.

Mellom anna slik har vegen vore i dag, her er alle slags variantar.

I dag hadde eg selskap på vegen siste halvdel. Ein ungdom eg blei kjent med på herberget i Pasajes San Juan, Moritz, frå Frankfurt, dukka plutseleg opp på ein liten pauseplass. Han slo følge med meg, og det var veldig hyggeleg. 

22 år og fysioterapeut. Han hadde lurt på kva han skulle gjere siste ferieveka si, og ein kamerat tipsa han om å gå Camino. 

Han hadde hatt det heilt fantastisk, ei skjellsettande oppleving for han, og han kom til å fortsette på Camino Norte neste år. 

Han hadde si siste etappe i dag, før fly tilbake frå Bilbao i morgon. Han spelar gitar i eit band som heiter “Birds can’t fly”, som håpar på suksess. Artig🤩

No er eg installert på eit herberge, som er eit munkekloster, fortsatt aktivt. 

Albergue de Peregrinos Convento de Carmen. Her er det ingen køysengar, heldigvis. 

Dei serverer frukost frå kl 6.30, berre det er gull verdt. 

Klevask, tørke kle, ut og ete, lese, handle litt til morgondagen, er daglege rutiner her på vegen etter framkomst, og slik går no dagane 🤩

I morgon ventar Olabe, ca 17,8 km. Meir enn nok i denne varmen. 

Dette er på veg til Guernika, og vidare til Bilbao. Vi går innover i Baskerland nett no, før vi skal utsatt på kysten etter Bilbao.

PS: No er det skikkeleg tordenver ute, og regn, som er spådd i ettermiddag. Det dundrar skikkeleg i veggane på klosteret.

Fleire glimt:

Camino Norte. Dag 4: Zarautz – Deba

Fredag 7.august

36421 skritt

21 km

Opp kl 6, men jammen blei den 6.45 før start. Alt styret med å prøve å unngå blemmer og gnagsår tek si tid😩 

22 grader

Farvel til Zarautz

Nydeleg soloppgang litt over 7. 

Gjekk langs strandpromenaden 3-4 km til Getaria, og hadde frukost der. 

Det er eit problem når ein står tidleg opp, å finne ein kafeteria eller bar som er open då. Ingen i Zarautz, men det gjekk fint å ete i Getaria. 

Frukost her.
Fasade med flagg og slagord. Eg spurte ein mann kva banneret betydde: Opp med Getaria!

To gangar har eg, i mine eigne tankar, prestert å gå feil i dag. Begge gangane var det ein gammal mann (ikkje same mannen😊) som stoppa meg og fekk meg på rett kjøl igjen. Eg blir så glad og rørt kvar gong. 

Det er flott landskap her i nord, fint å gå og sjå alle grøne marker, grøne og friske vinstokkar, friske og grøne maisplanter. Her er det meir regn enn i sør, klima er litt likt Norge. 

Flotte bondegardar, beitande sauer og kyr, hestar og esel, er dyra eg har sett i dag. 

Og to flashback- opplevingar med hund, ein der ein bordercollie passa på ein saueflokk. Same slags hund som beit med i ankelen i -24.

Ein annan episode var med ein mann med laus hund, og hunden gjødde på meg og verka så aggressiv. Eg blei rasande, og banka gåstaven i asfalten. “Han bit ikkje”, sa eigaren! Kven søren kan vite det??? 

Vegen i dag har vore opp og ned, opp og ned……. Tre stjerner i “vanskegrad” på Gronze.com. 

I morgon er det visst fire stjerner. 

Det er verst for beina, til no har det gått bra, men eg har klart å få mi første blemme, trass tiltaka. 

Eg er håplaus, men van med det. Det går nok bra denne gangen også. 

Varierande type sti i dag, alt frå smal sti gjennom busker og kratt, til gammal, steinlagt veg, til betongveg og asfalt. 

Det røyner på beina, før ein ven seg til det. 

Fleire mogelege stadar å stoppe i dag. Eg hadde eit kafé von leche-stopp i Zumaia. Der var det fest, det var visst ein baskisk fest fordi det var første fredag i august. Her hadde dei musikk, og boder der dei selde alt mogeleg, både etande og anna. Og alle som deltok var kledde i vakre drakter. Tilsvarande bunadane heime, nesten. 

Det var eit kjekt avbrekk. 

Zumaia
Zumaia
Fiesta
Dokker i baskiske drakter

Var framme i Deba i kvart over 13-tida. Måtte på turistinfoen for å få tildelt seng på herberget. 8 € for ei seng. 

Her er 56 plassar og tippar det nærmar seg fullt, så her er mange som går. 

Eg ser mange går utan bagasje, som får den frakta. Mange bookar også overnatting på hotell el. likn. 

Det er ulike motiv for å gå, like mange motiv som der er pilgrimar. 

Men ein tapar litt av “sjela” til Caminoen viss ein ikkje overnattar på herberga der ein møter alle dei andre, der ein må dele rom med fleire og vente i kø på dusj og klevask. Også det å bere med seg det du treng er ein del av den opprinnelege «pakken” å gå ein Camino. 

Herberget, Albergue Geltoki, er i 2. og 3.etasje på jernbanestasjonsbygningen.

Sambu; herberge og jernbanestasjon.

Mange variantar herberge, det er jo litt artig og spennande. 

I morgon går eg til Markina-Xemein, vel 23 km. 

🌟🌟🌟🌟🌟

Fleire bilete frå dagens etappe:

Ankomst Deba
Både baskisk og spansk på merkestokkane.
Zumaia
Protest på marked i Deba mot handelsblokaden av Cuba. Baskarane torer å seie ifrå! !

Camino Norte. Dag 3: San Sebastián – Zarautz

Torsdag 6.august -26

32635 skritt

17,5 km (fratrekt det eg gjorde unna i går, med å gå gjennom heile byen til hostalet) 

Dagens dyst. Eg starta heilt vest i byen.

Stod opp 6.30, etter ei natt med lite søvn. Kan ikkje skulde på desse kjekke ungdomane, dei stiltra seg inn etter kvart som dei kom. Ei seng stod tom, trudde ingen ville komme der. Men kl 01 dukka det opp ei asiatisk kvinne, som ikkje gjorde noko forsøk på å vere stille, og slo på lys, … i det heile tatt veldig forstyrrande og ganske irriterande 😔

Slik er det av og til! 

Åt frukost på hostalet, og eg fekk ikkje betale🙏🏻

Farvel til San Sebastián
Ut frå San Sebastián
“Independencia”, fortsatt er det mange baskarar som ønskjer uavhengigheit frå Spania, sjølv om det er ein avslutta kamp.

23 grader, og fin vandring i dag, tredje dagen på Caminoen, ofte den dagen evt blemmer dukkar opp. Men eg har klart å unngå det, heldigvis, så langt. 

Vegen har vore veldig variert, mykje opp og ned, og gjennom skog og utmark, gjennom bondeland, og på ein del asfalt. 

Bustadhusa her minner meg litt om Sveits, med synleg treverk på fasaden. 
Og ein liten rødstrupe som eg klarte å “fange” før den flaug

Vi gjekk gjennom byen Orio, ein veldig fin og koseleg gammal by, som låg nede ved elva Oria. 

Dette var einaste stad med mulegheit for å sette seg ned ein stad,

Vel, det er ikkje heilt sant, undervegs dukka det opp ein hyggeleg stad der ein mann ønska velkommen og bydde på juice og kaffi, og mat om ein ønska det. Alt donativo, ein betalte det ein ville gi. Så trur alle var rause, sjølv om eg mistenkjer at juicen var kjøpt på butikken. 

Morsomt med slike stadar, men samtidig så er det litt merkeleg. 

Har no etterpå fått vite at dette var eit herberge og restaurant “The yellow Deli” driven av ei religiøs gruppe med opphav i USA på 1970-talet; “The twelve tribes”, som er sjølvstyrte religiøse samfunn, viss eg har forstått det rett.

Ankom Zarautz i 13-tida. 

25 grader.

Mange folk på vegen i dag. Blei kjent med ein inder som bur i London, vi støtte på kvarandre fleire gongar på vegen, og vi kom til Zarautz samtidig. Så då slo vi oss likegodt ned på ein restaurant vi passerte, og åt “Menú del día”. Tre rettar til 18€. 

Fantastisk mat, beste Menú del dia eg har ete på mine turar. Alt var tilberedt så fint, og alt smakte veldig godt. 

No er eg installert på eit rom med 11 andre, på Zarautz Surf House, i lag med ungdommen som er her for å surfe. 

Koseleg liten by, med flott strand. 

Lite mulegheit for klesvask dei to siste dagane. Set mi lit til at eg får vaska i Deba, dit vegen går i morgon. 

Ca 21 km. 

Eg skal stå opp tidleg, og få med meg soloppgangen. 

¡Hasta mañana! 

Getaria i sikte, skal innom der i morgon.
Zarautz
Golf bane er det også i Zarautz, ikkje berre surfing.

Camino Norte. Dag 2: Pasajes San Juan – San Sebastián 

Onsdag 5.august -26.

12 km 

21310 skritt

Veldig OK herberge i San Juan. Det er donativo, som betyr at ein betalar “etter evne”, vanlegvis betyr det 10€. Men eg har også opplevd å ha betalt mindre, og knapt å ha lyst å betale noko; standard og reinslegheit varierer masse. 

Men dette var veldig bra, vertinna hadde verkeleg kustus på ting. 

Alberguet var i enden av kyrkja, høgt oppe – etter ørten trappetrinn, så vi tok morgonstellet til korsang frå kyrkja vegg i vegg, i dag. 

Herberget i kyrkja øverst til høgre.

Det hadde regna i natt. 

Utanfor herberget stod det ein mann og ein ung gut og styra, då eg drog. Det var ein onkel og ein nevø som gjekk saman. Eit “prosjekt” dei starta for 6 år sidan, heimafrå i Bordeaux, å gå eit stykke kvart år, til dei nådde Santiago. I år var målet Bilbao. 

Dei sov i hengekøye, og blei overraska av kraftig regn, stakkars🫣😔 

Eg har aldri somla så lenge om morgonen på mine vandringar som eg gjorde i dag. Sidan det var kort veg, og eg hadde sikra meg seng for natta, var det berre å ta livet med ro. 

Herleg! 

Kjapp båttur over, båten gjekk i eitt. 1,95€.

Etter ein frukost nede i byen, tok eg båten over bukta, og begynte å gå. Langs promenaden i starten, men så kom stigninga frå 0 moh til ca 200 moh i form av trappetrinn. Minte meg om trappene opp til Ulriken i Bergen. 

Flott utsikt, men mykje tilgrodd av tre som tek utsikten, nett som i Norge. 

Det var heilt nydeleg å gå i dag. Hadde pause frå regnet heile vegen. Eg gjekk i rusletempo, og nytte stillheita rundt meg. 

Eg mintest eit intervju eg høyrde på radioen før eg drog, med ein erfaren vandrar, og ho kalla å gå Camino for ein “avrusning” av støy. 

Og det er slik det er, lære seg å nyte stilla. 

No er det ikkje alltid ein går gjennom slikt landskap som i dag, ofte er det bilveg, og bystøy, og andre vandrarar på vegen som lagar støy. 

Ville hortensia, er det muleg?
Nærmar meg San Sebastián
San Sebastián, med surfestranda, som ligg lengst aust av strendene i byen.

Eigentleg var dette ei kort etappe på knappe 8 km, men det har vore ein lang veg gjennom byen. Måtte innom turistkontoret for å få kart til å finne der eg skal bu. Plutseleg fungerte ikkje Google Maps og GPS….tenk så avhengige vi er blitt av dette! 

Tenkjer på den tida då vi fann fram med papirkartet, kor enkelt alt er blitt, men også så sårbart. 

Har kjøpt meg eit par billege gåstavar på Decathlón, må jo sette dei att når eg er framme. Får dei ikkje gjennom i sikkerheitskontrollen, sidan eg reiser med kun handbagasje. 

Regnet møtte meg igjen i San Sebastián, og eg kjøpte paraply 🤪 Sist eg gjekk i Spania, møtte eg ein spanjol som brukte paraply. Når det er lette byger, er det mykje styr med regnbukse og poncho. Viss det regnar i morgon, tek eg den med. Elles let eg den være att til nytte for andre.

Eg er i Baskerland, og for dei som ikkje har vore der, anbefalar eg verkeleg denne regionen. Baskarane er stolte folk, veldig hyggelege, og her er det så utruleg reint overalt. Dei set si ære i å halde byane reine, her er veldig sjeldan noko boss å sjå! 

Og så er det tapas-tradisjonen deira; pinchos. Ein går inn på ein bar og bestiller den/dei ein vil ha. Og alle barar og restaurantar har ulike variantar. 

I natt har eg ha ei seng på eit 6-mannsrom, på Cats San Sebastián, 69 € for ei seng, og hostalet er fullbooka. Sprø pris, men i høgsesongen går det visst an. Og må ein ha ein plass å sove, så tek ein det ein får. 

Her skal eg sove i natt😴💤

Så langt deler eg rommet med fire mannfolk, unge karar frå England, Østerrike og Sveits. Og alle er høflege og pratsomme. Dei er jo her for ferie og moro, så er nok ikkje van med ein pilgrim som legg seg tidleg og står opp tidleg. Eg får vere så stille som mogeleg i morgon tidleg🤞🏻Det spørst om dei er like stille når dei kjem “heim” frå liv på byn 🤔😊

Eg overlever vel det også🫣

I morgon går turen vidare til Zarautz, 22,1 km. 

Også der har eg booka seng. 

Når det ikkje finst kommunale herberge, så må ein finne andre stadar, og det er høgsesong og fullbooka overalt.   

Concha-stranda i San Sebastián. Concha (kamskjell) er symbolet for Caminoane i Spania.

Utsikta frå hostalet.

Camino Norte. Dag 1: Irún – Pasajes de San Juan

Tysdag 4.august -26

16,9 km. 

29000 steg

Kom meg avgarde etter enkel frukost på hostalet, i 7.15-tida. 

Synst det er supert å starte tidleg, sjølv om dette eigentleg er seint. Komme seg tidleg fram og sikre seg ei seng for natta.

Fin morgon, 23 grader, og overskya under det meste av dagens vandring. 

Ut av Irún

Det har vore mange pilgrimar på vegen, mange ungdommar. Så her er det ikkje som på Camino Levante med veker utan selskap på vegen.

Eg blei kjent med to jenter frå Madrid, Blanca og Jara, fordi vi stadig støtte på kvarandre. 

Dei skulle gå til Bilbao. 

Her er dei i fint driv oppover, dei var unge og spreke:

Det har vore ei litt krevjande etappe, først stigning opp Santuario de Guadalupe. 

Eg hadde to alternativ vidare, og eg – og dei fleste andre, valde ei hardare rute som var opp i 545 moh, fordi vi her gjekk på ein fjellkam, Jaizkibel-ryggen, med fantastisk utsikt over havet, og mot byen Hondarribia. 

Nydeleg tur, over fjellbeiter med kyr, sauer og hestar, og med masse bjørnebærbusker med modne bær langs vegen. 

Godt å sjå fleire som støttar palestinarane sin kamp!

Dette var også eit område populært for spanjolar som tydelegvis brukte området som turdestinasjon med camping med familien. 

Utfordrande nedatt frå fjellet; tørt og glatt på berg og steinar. 

Gjekk gjennom byen Lezo når eg var komt ned til Pasaia-bukta, og då var eg nesten framme i målet for dagens etappe, Pasajes de San Juan, rundt kl 12. 

Kjapp lunsj i Lezo. Hyggeleg vertskap.
Lezo
Pasajes de San Juan

Bur på herberget her, albuerge Santa Ana, som ikkje opna før kl 16. 

Det var frustrerande, for vi var fleire som kom kl 12. 

Ei snill, spansk dame tilbydde seg å ha tilsyn, så det gjekk an å gå ned til byen og få seg mat. 

14 sengar er det her🤔🫣 

Heldigvis var det ei dyktig, frivillig dame som kom kl 16, som hadde organisert rettferdig tildeling av sengar før. 7 pilgrimar fekk ikkje plass, men dei fekk hjelp av henne til å finne ein annan stad å bu. 

Det er eit merkeleg liv å gå Camino, og leve enkelt, bu på herberge på sovesalar med mange. Vaske kle i kaldt vatn ute, dusje i kø, osv. Men det er likt for alle, og dei fleste er veldig hyggelege folk som det er lett å komme i kontakt med. 

Eg kjenner meg alltid litt fortapt i starten, før ein kjem inn i det, og det blir ein naturleg ting. 

Slik blir det vel denne gangen også. 

Foten har oppført seg fint i dag, men så hadde eg tre innleggshælar, så unngikk strekk på sena. 

Og jobb nr 2 er å unngå gnagsår, der har eg etter kvart god erfaring🤪

I morgon er det superkort etappe på ca 7 km, til San Sebastián, der eg har booka ei seng i eit dormitorium for 6. 

Eg er i turistsona, stive prisar her, samanlikna med det eg har opplevd på andre stadar.  

I San Sebastián skal eg oppsøke decathlon og kjøpe gåstaver. Trur det vil avlaste foten, og så vil det vere eit våpen mot lause hundar🫣

¡Hasta pronto! 

Nokre fleire glimt frå dagen:

Smart innretning som hindra dyr å få gjennom.

Camino Norte 2026

Måndag 3.august

(Frå Gronze.com)

No er eg endeleg i Irún, grensebyen mot Frankrike, inst i Biskayabukta. Turen har gått som smurt heilt til Biarritz i Frankrike. Her måtte eg diverre igjen konstatere at mange franskmenn har vanskeleg for å yte service viss ein ikkje snakkar fransk! Så det enda med drosje i staden for buss til togstasjonen. Så viste det seg at toget til Irún gjekk berre til Hendaye, den franske grensebyen. Og ho som selde meg billett dit, sa ingenting om at det gjekk tog vidare til Irún, på andre sida av stasjonen. Det blei oppdaga med flaks. 

Men no er eg her, gradestokken viste 26 grader då eg kom fram. 

Eg bur på enkel standard 2 stjerner, midt i byståket, på Bar Pensión Bidasoa. 

Her frå Irún startar eg altså Camino Norte langs nordkysten av Spania i morgon, tysdag 4.august. Eg har allereie funne vegen ut av byen. 

Retning Donostia.

Caminoen er omlag 825 km, og eg planlegg å bruke ca 5 veker på turen. 

Eg har verkeleg tenkt å ta det roleg, og nyte det vakre landskapet eg skal gå gjennom. 

Omlag 18000 høgdemeter, fordelt på ca 40 etappar, eller meir. Kanskje deler eg fleire etappar i to. Kjem litt an på korleis beina er, og om eg finn plass å overnatte. Dette er høgsesong i Spania, og prisane er høgare enn elles om året. 

Men satsar på at dette går bra, for på dei fleste plassane er det kommunale herberge, som ikkje tillèt booking på førehand. Det er eit gode!, verkeleg!

Den nordlege vegen langs kystlina av Spania er ei av dei eldste og mest historiske pilgrimsrutene til Santiago. Denne ruta går gjennom regionane Baskerland, Cantabria og Astrurias, før den svingar sørvest-over inn i Galicia. 

Denne ruta blei hovudvegen i middelalderen då maurarane okkuperte store deler av Spania, frå 711-1492, og den franske ruta blei for farleg. Denne ruta blei då spesielt populær, og pilgrimar frå heile Europa reiste ofte med båt til kystbyane i nord, og fortsatte til fots til Santiago. 

Vegen følgjer mykje av den gamle romerske vegen Via Agrippa, og er rekna som ei av dei mest fysisk krevjande rutene fordi det er så kupert terreng. 

Ruta passerer gjennom byane San Sebastián, Guernica, Bilbao, Santander og Gijón. 

I tillegg kjem eg til å gå innom den gamle byen Oviedo. Dette er ein gammal by, seiest å vere grunnlagt i 761, men arkeologane har funne spor etter busetnad allereie frå år 100. Byen er kjent for den heilage katedralen, San Salvador, og er sluttpunktet for Camino del Salvador (fjell-veg, 6 etappar frå León), der målet var å besøke denne katedralen med alle sine heilage relikvier. 

Etter fullført Camino del Salvador, gjekk pilegrimane vidare til Santiago på Camino Primitivo. 

Dette er ruter som eg planlegg å gå – kanskje neste år…..

I morgon går eg i retning San Sebastián, men stoppar i Pasajes de San Juan, der er det herberge. 

16,9 km. 

Det er “langt nok” første dagen😊

(Skjermbilete Gronze.com)