Camino Norte. Dag 15: Santillana del Mar – Playa de Oyambre

Tysdag 18. august

40293 steg

27 km

Eg har i allefall i dag oppdaga at eg ikkje skal reise til dette området i august, når «alle» spanjolar m.fl. har ferie. 

Ingen plass å oppdrive som hadde ei ledig seng i Comillas eller området rundt. 

Har i alle fall fått banka inn i knollen kva «fullt» er på spansk, «completo». 

Til slutt fekk vi rom på apartamentos Villa Sofia i Oyambre. Hotellet ligg i eit naturpark- område. For ei lette!

Så dette ser ut til å bli ei utfordring framover, resten av august, truleg. 

Veit ikkje kor mange telefonar eg har teke i dag. Brukte ein del tid på dette, så kom ikkje fram hit før halv fire. 

Eg må bruke ein del tid i kveld på å sjekke seng på ulike plassar i løypa framover. 

Eg er så glad for at eg valde å gå til Santillana del Mar i går, så eg fekk oppleve å sjå den plassen. 

Nydeleg middag fekk vi på alberguet, som altså er eit nonnekloster. 11 € for tre rettars middag er ikkje verst.

Middag på klosteret,

Fekk selskap på rommet av ei ung kinesisk jente, dette var hennar første camino. 

Frukost kl 7, og så var det berre å gå. 

Fantastisk flott etappe i dag. Eg trekker tilbake det eg skreiv om Cantabria i går, truleg var det fordi det var omgivnadane til ein stor by vi gjekk gjennom då. 

I dag har det vore idyllar vi har passert, vegen leia oss gjennom mange små, koselege byar. 

Temperaturen har vore ideell, starta ca på 20, og 26 grader då vi kom til Comillas. 

I morgon går eg til Colombres, ca 24 km. Der er det eit herberge med 130 sengar, så det tek eg sjansen på går bra😊

Eg nærmar meg ein ny region, Asturia. Der har eg aldri vore, det blir spennande.

No middag, snart, så arbeid med booking nokre stadar. 

¡Hasta mañana!

…………………

Camino Norte. Dag 14: Santander – Santillana del Mar

Måndag 17. august 

49405 steg

34,5 km

Massi serverte pasta frå Italia til middag på herberget i går. Han har bore den med seg i sekken (ikke rart den veg 15 kg.)

Vi spedde på med olje og tomatsaus, og litt salte pølser. 

Det var kjempehyggeleg. 

Så las eg i går at Santillana del Mar var ein av dei vakrast byane i Cantabria, og begynte å leike med tanken at eg kanskje skulle gå dit i dag……i staden for Duález. 

Etter å ha stått opp 5.30, og klar til å gå ein halvtime etter, så blei eg glad når Massi ønska å gå i lag med meg, så då var valet lett; å klare å gå like langt som han hadde plan om, til Santillana del Mar. Han sende den tyngste delen av sekken med transport, og bar med seg ca den vekta eg har i min sekk.

Frukost etter to timers gange, nokre stadar er det vanskeleg å finne ein bar som er open om morgonen. 

Dagens etappe har vore litt kjedeleg, om eg kan seie det, lite å sjå, hardt for beina med berre asfalt, og det slår meg at regionen Cantabria verkar mykje meir fattigsleg enn Baskerland. 

Sitron 🍋

Men perfekt temperatur for gåing, ca 23-24 grader, og overskya. Fare for regn, som aldri kom. Heldige igjen🙏🏻

No er vi framme på herberget «Albergue el Convento» her i Santillana. Det er eit stort kloster med hage, stor og god plass. 

Golva inne i klosteret er slik dei var.

Eg har fått meg eit tomannsrom i damefløyen, kryssar fingrane for at eg får ha rommet for meg sjølv. 

Ikkje heilt flatt, dette golvet😊

Middag kl 20 her på klosteret. 11 € for trerettars middag. 

Og frukost i morgon kl 7. 

Kan ein ha det betre🤔

Santillana del Mar er ein gammal middelalderby, kalla «byen med tre løgner»: der er ingen Saint (Santa) her, den er heller ikkje flat (llana) og den ligg ikkje ved havet (mar). Gatestreinane er godt bevart. Sidan juli 2013 har den blitt rekna som ein av dei vakreste byane i Spania. 

Den står på UNESCO si verdsarvliste. 

Vel 4000 innbyggjarar, mange jobbar i turistnæringa, m.a overnattingsstadar. 

Mange turistar her. 

Imponerande å gå rundt her, og sjå kor fint dei har teke vare på bygningar og gatesteinane. 

I morgon ventar Comillas. 

Vel 22 km. 

………………………………

Santillana del Mar:

Drikkekjelde
Vaskeriet
Koselege, små butikkar
Utkanten av byen.

Camino Norte. Dag 13: Güemes – Santander

Søndag 16.august

15798 steg

13,2 km

Sein middag i går, altfor seint å etemiddag kl 21.

Men det var eit veldig hyggeleg måltid, sosialt og kjekt. 

Difor blei det veldig seint før gårsdagens rapport blei lagt ut. Fullt av gjøremål som blei prioritert foran det, beklagar ❤️

Men håplaust å få sove etterpå. Og attpå til var der ein italienar på rommet som snorka heile natta gjennom. Han advarte oss førut, tilbydde øyreproppar, men det er ikkje hjelp i for meg, for dei dett berre ut😩 

Eg sov kanskje tre timar i natt…..

Frukost på herberget kl 7, før vi gjekk avgarde, 7.30. 

Veldig spesielt herberge, og nydeleg konstruert heile området. Eit minne for livet å vere der.

Regn i dag. Måtte fram med regnbuksa, og regnponchoen, for første gang på denne turen. 

Vi hadde ca 11 km å gå før båten over til Santander gjekk frå Somo kl 9. 

Vi mora oss med «ro….ro….ro…» på båten over, så dette norske varemerket frå VM er noko som heile verda har merka seg. Problemet er at sør-europearane har problem med å seie den norske o’ en😊

Vi gjekk fort, i regnet – yr.  

Flatt og kjedeleg veg, på asfalt. 

Men kort etappe, det var rett og slett litt nydeleg. 

Fare for villsvin🫣

Mat i Santander, ein bra stor by med ca 176000 innbyggjarar.

Så måtte vi seie adjø til Pablo, som skulle avslutte Caminoen. 

Det har vore ei glede å gå i lag med han; sosial, hjelpsam, snakkar med alle, og snill.

Her er mange kjekke ungdomar som går, ofte åleine. 

Eg bur på herberget «Albergue de peregrinos Santos Mártires» her i Santander.

Det opna kl 13. Her er det klaustrofobisk, trangt, og ein nedtur i høve gårsdagen. 

Massi, frå Italia, og eg var dei første som fekk seng, og sidan har det berre blitt fylt opp meir etter kvart. Heldigvis kom den snorkande italieneren først no, og havna på eit anna rom enn meg🙏🏻

Ein liten svipptur innom katedralen, før den stengte. Fin katedral. Og fin anlegg rundt.

La Catedral.

I kveld pastamiddag på herberget, med Massi som kokk, han har dragsa på pastapakkar frå Italia, ville gjerne lette sekken🤣

Herleg med ei slik kort etappe, slepp klesvasken i dag. 

I morgon Duález, 30 km. 

Huff, det blir litt langt. 

Håpar å sleppe unna regnet. 

Camino Norte. Dag 12: Laredo – Güemes

Lørdag 15.august

42386 steg

27,9 km. 

I går kveld hadde vi skikkeleg torever, lyn og torden, som skralla i veggane på klosteret. Og styrtregn. 

Det var fiesta i byen, så masse bråk, og liv og røre til langt på natt. 

Men nokre timar søvn blei det no. Eg hadde “kjøpt” meg eit enkeltrom. 

Lang etappe låg foran oss i dag. 

For å komme oss til Santoña, måtte vi i båt, og første båt gjekk kl 9. 

5 km å gå til båten, så vi starta kvart på 8. 

Hadde avtale med ein italienar, Massi, å gå i lag med han til båten. 

Massi, meg, Pablo på båten.

Frukost i Santoña, det var perfekt. 

Eg var mentalt innstilt på lang vandring i dag. Var også førebudd på regn, men det slapp vi unna, snakk om flaks! 

Stor variasjon i dagens etappe, frå kysten til innover på bondelandet. 

Passerte 3 fantastiske strender, den i Laredo, og to på andre sida av båtturen. 

Playa de Berria
Playa de Trengandin

Har gått i lag med Pablo, han har siste dag i morgon, før han tek flyet til Sevilla måndag. Hyggeleg når ein ungdom på 25 vil gå i lag med meg, som kunne ha vore bestemora.

Romersk bru

Vi har gått fort i dag. 

Beina fungerer, bank i bordet, og eg er begynt å komme inn i det. Det kjennest herleg. 

Vi ankom Albergue La Cabaña del Abuelo Peuto kl 15.30. 

Ein fantastisk plass, ikkje rart den er vidgjeten på denne Caminoen. Vakker plass, reint og fint, hyggelege folk, og mange små krokar å sette seg ned. 

Eg bur på eit rom der dei har plassert oss gamblingane🤣

Her skal eg sove💤😴

Føredrag 1 time før middag, med presten, Ernesto Bustio, som grunnla dette herberget. Litt i meste laget med ein heil time, trøytte og svoltne som vi var. Men denne mannen gjorde ei lang reise som endra livet hans, han kalla det “Livets universitet”, og då han kom heim att, starta han herberget.

Middag etterpå, med heile gjengen. Fantastisk hyggeleg🩷

Vi er 65 pilegrimar her i natt, frå 18 ulike nasjonar. Flest italienarar. 

I morgon – søndag, kort etappe, ca 15 km, til Santander. Start etter frukost kl 7.

Eg er ferdig med meir enn fjerdeparten av Caminoen. 

Andre bilete frå vegen:

Ein mann i hagen her, ropte at vi måtte ta frukt. Nydeleg frukt som var ei blanding av plomme og nektarin, pluot(?)

Camino Norte. Dag 11: Islares – Laredo

Fredag 14.august

34780 steg

Ca 22 km

Etter ei god natt søvn i kvite laken, på 2 stjerners hotell, starta eg å gå kvart på 7. Hadde avtalt møtestad kl 7 med Pablo. 

Herleg å starte dagen med å vite at vi gjorde unna 8 km av etappen i går. 

Farvel til Islares

Planen var å ete frukost i Rioseco, etter 6 km. Men sjølvsagt var den ikkje open då vi kom litt over 8. 

Alternativet var å gå 1 km ut av Caminoen for å finne ein open bar, same distanse tilbake. Nei takk, då tek eg heller ein energibar som eg har i sekken til nødstilfelle. 

Så vi stoppa på ein mur i vegkanten, og hadde ein fin frukost der🤩

I dag har det vore éin skikkeleg hard og lang motbakke, og eit par mindre. 

Men stor variasjon i type veg og i landskap. Mange dyr å sjå, spesielt er her mange hestar. Trur dette er eit område for hesteavl. 

Min compañero på vegen eit par-tre dagar, Pablo, frå Extremadura/Sevilla

God temp for vandring i morgentimane, men etter kvart blei det varmare. Men då vi nærma oss kysten att, fekk vi ein herleg vind som gjorde underverk. 

Utruleg mange vakre stadar vi har gått forbi, og mange gamle kyrkjer. Skal ikkje store plassen til for at dei har ei kyrkje her i Spania.

I Hazas fann vi ein restaurant, endeleg ein kaffi! Og tortilla española, som eg aldri blir lei av. 

Hazas

Fantastisk utsikt på toppen over Laredo. 

Laredo med stranda La Salvé

Vi bur på herberget Recidencia Casa de la Trinidad, som ligg i klosteret San Francisco. Det ligg i gamlebyen av Laredo, veldig koseleg område. 

Her har eg “kjøpt” enkeltrom. 

Kyrkja i klosteret

Prisane her på Camino Norte er mykje høgare enn eg har opplevd på Caminoane lenger sør. 

Der kunne eg faktisk ha dagar der eg brukte berre 20 € dagen. 

Her er alt dyrare; herberga, t.d. og “Menú del día” (middag tidleg på dagen) kostar her mellom 18 og 20 €, eller meir, mot 12-15 lenger sør.   

Så på denne turen tenkjer eg at eg skal vere nøgd om eg klarar å halde meg på 50 € dagen. 

Spanjolane et middag i 21-tida. Det er håplaust for meg, så eg gjer mykje for å rekke den dagens meny-middagen, som dei sluttar å servere i halv fire – fire tida. 

I morgon skal vi gå til Güemes, ca 28 km. Vi må starte morgondagen med å gå stranda på langs, og deretter ta båt over til Santoña, før vi kjem oss vidare.

Vi skal overnatte på Albergue La Cabaña del Abuelo Peuto, som visstnok er å rekne som eit legendarisk landemerke på kystvegen. 100 sengeplassar, så ingen stress. 

Camino Norte. Dag 10: Pobeña – Islares

Torsdag 13.august

37983 steg

22,3 km

Eg fekk sjå solformørkinga i går. Fekk låne nokre briller, det var utruleg å sjå. Såg ikkje når den var full, ein liten skalk gjensto. Men så stilig! 

Framme i Islares i dag 14.30. Starta å gå 6.20. 

Farvel til Pobeña og den fine stranda der.

Eg bestemte meg i går for å gå litt lenger er Castro Urdiales, for å korte inn på morgondagen, som låg an til over 30 km. Eg valde Islares, 8,6 km lenger. Prøvde booke seng, men blei for sein, så det blei hotellseng i natt, med god plass, ingen kø i dusjen, kvite handklede, det eg i “dette livet” kallar luksus. 

Med unntak av ca 5 km langs ein sterkt trafikkert veg, med smal vegskulder, så har det vore ei fantastisk etappe i dag, og heilt nydeleg å vere nede ved kysten igjen.

Flott temp for å gå. Sjølv om sola etter kvart kom opp, var det likevel overkommeleg pga brisen frå havet. 

Og – eg har gått inn i ein ny region, Cantabria. 

Etter kort tid på vegen, i dag tidleg, blei eg tatt igjen av tre ungdommar, spanjolar. Og dei slo følge med meg nokre km. To var studentar frå Baskerland. Artig at så mange unge får smaken på denne vandreforma. Eg tok eit stopp for å booke hotell, og ungdomen gjekk vidare. 

Frukost undervegs i dag, etter 6 km, i Mioño. Der sat ein av dei tre ungdomane, Pablo. Han hadde valt ein annan veg, og skulle også overnatte i Islares. Så då slo vi følgje vidare. 

Mange av dei som budde på herberget i Pobeña, møtte vi att på vegen i dag. Det blir litt slik, som ei “familie” på tur. Hyggeleg. 

Vi hadde ein liten stopp i Castro Urdiales, og besøk på borga der, før vidare til Islares.

Borga heiter Castillo de Santa Ana. Borga ligg på ei klippe ved sjøen, blei bygd i middelalderen for å beskytte havna og byen. Plasseringa deler borga med ei stor og berømt gotisk kyrkje frå 1200-talet, Santa María de la Asunción. 

Kyrkja

Det er veldig fint å gå langs kystlina her. Klipper og små strender, og vakkert landskap med gardar, beitande dyr, og små byar. 

Og alle luktene på vegen, av skog og urter. 

I morgon går eg til Laredo, 21,9 km. 

Slik har turen vore i dag, i bilete:

6 km langs sterk trafikkert veg. Men det gjekk fint.
Islares

Camino Norte. Dag 9: Bilbao – Pobeña

Onsdag 12.august

42101 steg

24,6 km

Dette har vore den verste etappen så langt, alle km på asfalt. 

Eg stod opp tidleg, starta å gå kl 6, og det var allereie 24 grader. Kl 8 var det 26, og i løpet av dagen truleg over 30. 

Varmt, og hardt for beina. 

Tidleg morgon i Bilbao
Kunstnar Dora Salazar
Passerte Guggenheimmuseet på vegen ut av byen.

Eg valde å gå langs elva til Getxo, trudde det ville vere fint. Men der var vegarbeid og industri størstedelen av vegen, ikkje akkurat vakkert. 

Det var seigt å komme seg gjennom og ut av Bilbao.

Så presterte eg å oversjå siste brua over elva, Nervión, etter Bilbao, slik at eg måtte heilt til endes for å komme over, i Getxo. 

Og der var jo ingen bru, eg presterte å gå altfor langt i forsøket å finne den «brua» som det stod på kartet, skulle vere der 🤩

Eg visste med andre ord, ikkje at verdens eldste hengande bru var her! Den står faktisk på UNESCO si verdsarvliste. Den blir gjerne kalla Biskaya-brua. Opna i 1893, og den forbinder Portugalete og Getxo. 

Biskaya-brua

Så eg kom meg over elva til Portugalete til slutt, og kunne halde fram å gå. 

Dagens etappe har gått gjennom område med store motorvegar, så det var berre på slutten at det begynte å bli fint, då nærma eg meg kysten igjen. 

Stor trafikk
Dette er også ein del av Caminoen.

Eit problem på Caminoen, er at det absolutt ikkje er nok herberge. 

Og nokre herberge har berre 11 sengar, eller, 14, 16, og det er altfor lite når det er så mange som går. 

Eg har i alle fall lært at august er ein dårleg månad viss du vil søke fred og ro her, alle har ferie då. 

Havet i sikte👏🏻
Flott strand her i Pobeña, mange nyttar høvet å bade.

40 plassar har dette herberget i Pobeña, og vi kjem så tidleg som vi klarar, for å sikre oss ei seng. No er det fullt. Fleire teltar på plenen utanfor.

Først til mølla! 

Og det er stressande. Eg kjende veldig på det i dag, og det gjer noko med gleda å gå. 

Eg håpar det endrar seg etter Santander, at mange då har reist heim. 

I morgon hadde eg tenkt å gå ei kort etappe til Castro Urdiales. Men kanskje går eg litt lenger viss eg finn stad å bu, for å korte ned på neste etappe som er over 30 km…. 

Vi får sjå. 

No er eg i allefall berre innmari glad for å kunne sitte i ro, og la føtene kvile 🤣

PS: Solformørkinga, er i kveld. 😊 Eg har ikkje fått tak i briller, men håpar at eg får låne med nokon.

Det er total solformørking.

Fleire glimt frå vegen i dag:

Camino Norte. Dag 8: Larrabetzu – Bilbao

20405 steg

Ca 14 km. 

I følgje diverse kjelder, skulle etappen i dag vere 18 km, men det er umogeleg å tru. Eg starta å gå kl 7, og var framme kl 10. 

Døra til herberget var open, så eg gjekk inn, og ein hyggeleg hospitalero let meg sette sekken inn i resepsjonen. 

Så kunne eg, fri og frank, rusle rundt i byen, med såre føtter…..

Har brukt ei formue på apotek i dag, til slikt som kan hjelpe på blemmer. Eg har fått to stk; ikkje søren om eg klarar å unngå dei, men eg har gjort framgang med førebygging🤩

Vandringa hit var lett. På fortau dei første tre km til Lezama, deretter meir fortau/asfalt heilt til stigninga som kom før Bilbao, gjennom skog med grussti. 

Eg likte denne, på vegen❤️
Og denne var framfor kyrkja.

På utsiktsbiletet eg tok frå vegen før eg ankom, ser vi Guggenheim museet til høgre, og vi ser stadionet til Atlético de Bilbao, som spelar i Primera División her i Spania. Det spesielle med denne baskiske klubben er tradisjonen å berre bruke spelarar som er fødde eller utdanna som fotballspelarar i Baskerland. 

Stolte folk, også her 👍 

Bilbao

Oddvar og eg var her i Bilbao i 2019, og såg ein del av byen då, med diverse sjåverdigheiter. Men eg tykte likevel det var fint å rusle rundt Guggenheimmuseet på nytt. Det er eit fint område. 

Den ni meter høge edderkopp-skulpturen i bronse, stål og marmor er min favoritt. Den heiter Maman, og er laga av kunstnaren Louise Bourgeois, og den er en hyllest til mora til kunstnaren, som var veverske. 

Hunden med blomster på andre sida av museet var også eit must for meg denne gongen også. Det er ein terrier som heiter Puppy, er laga av kunstnaren Jeff Koons. 

37000 levande blomster har gått med, og den er ca 13 m høg. 

På veg tilbake til herberget, møtte eg på eit ungt par som eg har møtt på vegen og på herberga dei siste etappane. Pauline frå Frankrike og Hosub frå Sør Korea, som bur i lag i Paris. Dei avslutta vandringa her i Bilbao, tilbake til jobb. Slik er det med dei fleste ungdomane som går, dei har kanskje berre ei veke eller to. 

Kjempehyggeleg å møte dei att og få tatt farvel. 

Varmt i Bilbao i dag. Det var skya medan eg gjekk, og va 24 grader ved ankomst. Men då klarna det opp, og det vart – og er – minst 30 grader. Varmt nok, vil eg seie 😃

Herberget her er nytt og moderne, ferdig renovert i juni i år. 

Luksus❤️

I morgon skal eg gå til Pobeña, ca 25 km. 

Håpar eg rekk fram i tide så eg får plass på herberget der. 

PS: Her er meldt total solformørkelse i Spania i morgon kl 19.30. Kan føre til at det er vanskeleg å finne ein stad å sove🫣

Fleire glimt:

Camino Norte. Dag 7: Olabe/Mendata – Larrabetzu

Måndag 10. august

24,3 km 

…… steg? 

Veldig hyggeleg kveld i går, med nydeleg middag på herberget, laga av «el hospitalero». 

10 € for tre rettars med vin til, og til hovudrett fekk vi storfekjakar. 😋

Kjekt å ete middag med mange rundt bordet, og mange språk var i sving. Og tenk at vi kunne gløyme å ta bilete!

Solnedgang fekk eg også med meg, som regel har eg lagt meg ved solnedgang. 

Vi oppdaga at herberget i Larrabetzu, målet for i dag, berre har 11 plassar, så eg tenkte eg fekk stå tidleg opp og komme meg avgarde. 

Lita romersk bru, på veg til Gernika, eg elskar desse bruene!

Starta gå kl 6.30. Frukosten var ein time etter, så den ville eg heller ta i Gernika, 7,8 km unna på vegen. 

Fin gåtemperatur. Framme i Gernika viste temperaturen 19 grader, perfekt. 

Gernika i sikte.

Fann murmaleriet til Pablo Picasso, ein reproduksjon av hans berømt maleri «Guernika», som er å finne i museet Reina Sofia i Madrid. Maleriet blei målt i 1937, under borgarkrigen, og måler 7,8×3,5m, og er ei skildring av bombinga av byen Gernika 26.april 1937, i gryotta når folk låg og sov. 

Praktisk tala heile byen blei jamna med jorda, og mellom 250 og 1600 menneske blei drept. 

Hitler og nazi-Tyskland stod for bombinga, med 24 bombefly, på oppdrag frå Franco. 

Hitler hadde nokre bomber han skulle sjekke, om dei var gode nok, til dei kommande aksjonane han planla i Europa…… 

Maleriet var ein protest mot Franco, og med fare for at det ville blei øydelagt, blei det ført ut av landet, m.a var det lenge i USA. 

Etter at Spania igjen blei eit demokrati, etter Francos død i 1975, blei biletet omsider ført tilbake til Spania, i 1981. 

Grunnen til at Franco valde Gernika, var at den baskiske motstanden var veldig sterk. Og med å bombe denne viktige byen, trudde dei at dei ville øydeleggje moralen til fienden. 

Gernika hadde vore den åndelige hovudstaden, og var symbolet på baskisk fridom og sjølvstyre. 

Men dei klarte aldri å knuse den motstanden, og fortsatt er den sterk. Mange baskarar ynskjer fortsatt fridom frå Spania, eg har allereie gått forbi mange slagord på vegen denne veka. 

Treet i Gernika, eit eiketre, er sjølve nasjonalsymbolet for baskarane, som i gamle dagar heldt ting i skuggen av tre.

Det gamle treet, der stammen står bevart innebygd, er blitt erstatta av nye, første gang i 1860. 

Eg har teke lite bilete i dag, måtte slå av tlf for å ha litt batteri att til eg kom fram. 

Heller ikkje har eg fått telt skritt. 

Eitt eller anna hadde svikta under lading i går. 

Slik kan ein stygg mur bli fin.

Eg gjekk veldig fort i dag. Var framme i Larrabetzu 12.30. 

No installert på herberget, som ikkje er blindt dei beste eg har budd på. 

I morgon Bilbao, 18 km. 

Vil nok bruke 5 timar på den turen, ein del stigning siste halvdel. 

Det er meldt veldig varmt. 

Fleire glimt:

Larrabetzu

Camino Norte. Dag 6: Markina Xemein – Olabe/Mendata

Søndag 9.august 

28928 steg

17,8 km

NYDELEG å gå berre nærare 18 km i dag! 

Fantastisk dag på vegen! Akkurat passe med opp og ned, i høve gårsdagen, og perfekt temperatur for vandring, truleg ca 24 grader. 

Kjende på camino-kjensla i dag❤️

Fin morgon ut frå Markina

God natt på klosteret, var utslitt i går etter dårleg natt førut og lang og varm vandring, utan nok mat i magen.  Så ingen problem å sovne i 21-tida😊

Møtte på “onkelen og nevøen” frå Pasajes San Juan, dei som regna ute i hengekøye utanfor herberget der. 

Gøy å sjå kor han ungdommen elska å vere på Caminoen. 

Her har alle dei same problema; såre bein og gnagsår og blemmer. 

Det er slike enkle (?) problem livet dreier seg om her på Caminoen. 

Men kan vere alvorleg nok. Eg prøver å unngå blemmer, men eg får alltid nokre, same søren kva eg gjer…. 

Frukost var inkludert i dei 15€ det kosta å bu der, og det var fantastisk å få litt mat før start. 

Ein god start på dagen, med andre ord👍🏻

Her er mange som går, men veldig få som skal gå heile vegen. Så mange av dei eg treff på no, kjem ikkje til å vere dei som eg møter to veker framover på vegen. Det er jo litt spennande. Kven møter eg der? 

I dag på vegen har eg prata med eit par eg såg på herberget i Markina. Eg spurte dei kva språk dei snakka på, dei var bak meg. Koreansk var språket. Han var frå Sør-Korea og ho frå Frankrike, og dei budde ilag i Paris. Veldig hyggeleg ungt par❤️

Så trefte eg på ein amerikanar, som slo følge med meg til ein liten by, der vi sette oss ned, og han spanderte kaffi og spansk tortilla på meg. Slik er det ofte, heilt annleis enn slik vi er vane med i Norge. Og eg blir jo litt slik at eg kjenner på at eg skuldar han noko, typisk! 

Eg får gjere “ein annan mann ei beine då” ved eit høve👍🏻

Han melde pass i nokre tøffe motbakkar, og vi sa “buen Camino” til kvarandre. 

Alltid hyggeleg å møte folk som ein kjem i prat med. Det kan vere vere slitsamt også; å kommunisere på eit anna språk, men oftast er det berre hyggeleg, og lærerikt. 

Nokre signaliserer med kroppsspråk t.d. veldig tydeleg at dei går åleine og ønskjer lite kontakt. Andre er veldig ekstroverte, så her er alle slags typar menneske. 

Eg trur eg er ein plass midt i mellom. Det må vere folk eg kjenner god kjemi med om eg skal orke å gå lenge saman med dei. 

Det er fordelen med å gå åleine, å kunne gjere det valet👍🏻 

I dag har eg gått mesteparten på fantastiske stiar. Lite asfalt. 

Mange trapper ned, som gjorde nedstigninga mykje lettare.
Vern mot fuglar?

Har passert mange koselege, små landsbyar, og mange flotte og velstelte hus og gardar. 

Vi er på “bondelandet”, med masse beitande dyr. 

Ein gammal låve

Eg ankom Olabe/Mendata 12.45. 

Herberget, Albergue Andiketxe, opnar ikkje før 15. 

Det er privat, altså kan ein booke seng på førehand. Med 20 sengar torde eg ikkje anna enn å ta kontakt og få reservert ei seng. 

Eg bad om ei køyseng nederst, men det var ikkje vanleg å kunne reservere det, utan ein spesiell grunn. Eg svarte at eg var 70 år og likte dårleg den øverste senga. 

Det tykte han var ein veldig god grunn, så då har eg fått ei seng nederst, takk og lov😊

Det er regn i lufta. Det har skya over, og det bles litt, kanskje kjem det regn, Yr melder fare for det kl 17🤔 Og det lurer litt torden i det fjerne.

Fin temp likevel. 

Dette er ein knøttliten plass, så heldigvis serverer dei middag på herberget. 

Men frukosten i morgon må eg ta i Guernika, for på herberget har dei ikkje frukost før 7.30, og det kan eg ikkje vente på. 

I morgon skal eg gå til Larrabetzu, ca 21,5 km. 

Fare for litt regn på føremiddagen, men med temperaturar på 23-24, så er det overkommeleg. 

Utsikta frå der eg bur i natt🩷
I 2024, i beg av august i Valencia, var fiken modne. Her er det nok litt seinare. Mitt spørsmål er: blir dei modne i løpet av mine 5 veker på vegen🤔😋
Baskisk er eit språk som ikkje liknar noko anna. Kven skulle kunne gjette at dette betyr toalett?