Valdesalor – Casar de Cáceres. Under 3/4 att.

Dag 17, etappe 15. 23,2 km. Steg: 38490

Nok ein flott dag, med sol og varme. Fin vandring på godt underlag, også i dag. Fantastiske vidder så langt auget rekk. Hadde selskap av mine tyske vener til Cáceres. 11 km i godt selskap går fort. No var deira reise slutt i denne omgang, tilbake til jobb i Tyskland. Og eg er no åleine på vegen att. Slik er det.

Takk for hyggeleg selskap i 2 dagar🙏🏻

Gjekk vidare til Casar de Cáceres kl 12, gjennom gamlebyen av Cáceres. Rota litt for å finne vegen, dårleg merking. Truleg fordi bydelen er historisk, den blei bygd av romarane i første århundre f. Kr, står på UNESCO si verdsarvliste. Så då er det vel slik at den ikkje kan «skjemmast» med gule piler?

Etter kvart var sola begynt å varme skikkeleg, så det blei ein varm tur til målet. Litt stigning i dag, over eit høgdedrag. Framme i halv 4-tida, midt i siestaen, booka inn på Albergue de Peregrinos, 6€ for ei seng. Meget enkel standard.

I morgon ventar Cañaveral, eller kanskje Grimaldo.

Vidare mot Casar de Cáceres
Velkommen til Casar de Cáceres