Salamanca – Calzado de Valdunciel

Dag 27, etappe 24. 16,4km. Steg: 27177

Åleine på vegen igjen. Nydeleg ver, 14 grader då eg starta kl 7.10. Varmare etter kvart.

On the road again…..

Klarte å innbille meg at eg hadde gått feil undervegs, fordi vegen stemte ikkje med GPS for Caminoen. Gjekk ca 1 km tilbake for å sjekke pilene, men fann at eg hadde gått rett i høve dei. Stansa ein mann på traktor og spurte for sikkerheits skuld. Jau, eg var på rett veg🙏🏻 Fullstendig bortkasta, men slik er det når teknologien spelar oss eit puss.

Landskap med store åkrar med kveite og solsikkeplanter så langt auget rekk i dag. Masse blomster langs vegen må vel bety lukkelege humler og bier🤔

Framme i Calzado

Framme i denne lille landsbyen kl 12. Nesten alt stengt. Søndagar er noko herk her nede, spesielt på små stadar. Vanskeleg å få tak i mat. Passerte to små landsbyar undervegs, men ikkje mogeleg å få seg kaffi på ein søndag, nei ☕️

Bestemte meg for eit lite Albergue municipal, 7€ for ei seng. Her møtte eg att mine to koreanske vener, som også hadde teke «fri» ein ekstra dag i Salamanca. Hyggeleg🌸

Fekk gleda av å bli meir kjent med Jian, pensjonert arkitekt frå Sør-Korea. Eg har sove på same Albergue som han og reisekameraten, og har sett at han kvar ettermiddag sit og skriv i ei bok. No fekk eg sjå den, eg blei mållaus. Reine kunstverket! Og han er verkeleg ein kunstnar. Eg fekk sjå alle bileta han har teikna opp gjennom åra, fantastisk flink og kreativt. Og han gjer det berre for seg sjølv. Ville ikkje høyre snakk om å ha utstilling.

Jian
Ei side i reiseboka, teikning av hans «reisefølge», ryggsekken.
Teikning av hans son.

I morgon ventar Cubo de Tierra del Vino, 20,2km.