Casar de Cáceres – Cañaveral

Dag 18, etappe 16. 33 km. Steg: 49978

I dag kjenner eg meg letta og glad for at denne etappen er unnagjort. 3,3 mil i variert terreng. Dei lange etappane må ein berre ta, fordi der ikkje finst overnattingsplassar i mellom. Og denne etappen har eg grua meg litt til, så herleg å vere framme i Cañaveral. Siste mila var veldig lang. Tordenver og litt regn i ryggen, jaga meg framover på slutten.

Starta i overskya ver, herleg temp, dvs kjøleg, trudde det ville komme regn. Så klarna det opp og blei ein varm dag.

Møtte på nokre galne hundekvelpar, som knurra og verka aggressive. Vart litt stressa då! Nydeleg å gå, i flotte omgivnadar.

Måtte gå 5km på bilveg, som var veldig trøyttande. Over to høge og veldig lange bruer, der høydeskrekken fekk bryne seg😩 Deretter var det vandring i terreng igjen.

Men – alt i alt ei flott etappe med masse variasjon. Også i dag i fotefara til romarane. Alle som passerer, t.d på sykkel, eller i bil, helsar ein «Buen Camino». Til og med eit tog som passerte, fløyta på meg. Det var hyggeleg oppmuntring for ein sliten kropp😅

Booka enkeltrom på Albergue Cañaveral i dag tidleg. 25 € for eit rom. Lurer på om det er pilgrimspris🤔

I morgon ventar Riolobos, 19,8 km.

Her var eg ikkje høg i hatten, trur det var ein 6-7 hundar.
Når det er grønt og gult på merkesteinen, betyr det at det er tidlegare romersk veg.
Cañaveral i sikte, så nært og likevel så langt i frå….