Cañaveral – Riolobos

Dag 19, etappe 17. 19,8 km. Steg: 33571

Det er laurdag, og helg. Det kan gå litt i surr i dette «prosjektet» mitt, kva dag det er. Kvar dag lever sitt eige liv, og det er enkle ting som har fokus: Tidleg opp, stelle seg bittelitt, gjere gnagsår klar for nye påkjenningar, ete frukost (oftast, viss noko er ope), pakke sekk, gå, gå, gå….. komme fram, finne stad å sove, vaske klede,…… Så slik går no dagane😅

Nok ein fin dag har dette vore. Vekt av gneldrande bikkjer før 6. Kjøleg ved start, blei varmare etter kvart, men med ein svalande vind deler av tida.

Eg har gått gjennom furuskog, carob-skog, beitemark og utmark. Gjennom ørten grindar. Alt på nydeleg underlag.

Ikkje mykje ville dyr å sjå på min veg, sikkert for langt på dag for det. Men hadde gleda av å helse på ein skvetten harepus. Kyr og sauer, derimot, er det mykje av.

Ein kan ikkje vere redd for kyr når ein skal gå ein Camino.

Opplevde første såkalla «turnoff». Det betyr at ein må ta av frå Caminoen for å gå til ein by der det finst overnatting. 4 km måtte eg gå etter turnoff for å komme hit til Riolobos.

Her bur eg på Camping Las Catalinas, enkeltrom til 20€. VELDIG hyggeleg vertskap❤️

Camping Las Catalinas.

I morgon står Carcaboso på planen, 20km.

Gammal kyrkje i Riolobos, med tak og tårn fullt av storkereir.