Cáparra – Calzada de Béjar

Dag 22, etappe 20. 33,2km. Steg: 49511

For ein nydeleg dag! Starta kl 6, mørkt, nesten full måne, men på ned. Sola på veg til å gå opp. Kjøleg, flott å gå. Lang etappe foran oss, også i dag selskap på vegen, elles hadde eg ikkje tort å starte så tidleg. Såg ein liten slange midt i vegbana, den var mykje mindre enn den i går, sikkert ein annan sort. Kompanjongen er Georg frå Tyskland. Vi snakkar berre spansk, så god repetisjon for meg.

Gjekk til Aldeanueva på Via Verde, ein veg dei har laga til i ein tidlegare togtrase, så vegen var smoothe, utan ups and downs.

Frukost i Aldeanueva, etter 2,5t, deretter vidare til Baños de Montemayor, kjent for sitt romerske bad. Lunsj her.

Veldig koseleg liten småby.

Høgdepunktet var vegen derfrå til Calzada de Béjar. Nydeleg natur. Vi gjekk i skog, frodig og grønt, grønt, grønt…

Passerte eit herberge/kafé midt ute i skogen, driven av ein tyskar. Vi stoppa og kjøpte cola. 5 nasjonar var vi rundt bordet. Artig oppleving.

I dag har vi forlete Extremadura, og gått inn i eit nytt «fylke» – Castilla y León. Vi har passert det høgdedraget som skil desse to fylka, så det har vore ein del stigning i dag.

Siste stigninga var opp til Alberguet, den var hard etter 3 mil i beina😊 Koseleg vertskap på herberget. Byen her er knøtliten, bur berre 50 personar her, ungdomen har flytta ut….. Ei kjend problemstilling også i Distrikts-Norge.

Fall pladask for dette motivet❤️
Alberguet