Zamora.

Dag 30: Kviledag. Steg: 12009.

Kjøleg, frisk luft, det har regna i natt også. Varmt etter kvart, oppe i 29 grader i dag. Litt kjøleg vind frå nord.

Alberguet eg budde på, var verkeleg bra. To veldig hyggelege hospitaleras, to kvinner, jobbar som frivillege. Laga ein nydeleg frukost.

Når vi kjem fram til eit Albergue etter ein lang dag på vegen, står klevask for tur. Slik også i går, tørkesnorene var fulle. Så kom det eit regnskyll – utan at nokon av oss oppdaga det. Då hadde desse to damene samla inn alle kleda, og i tillegg hengt det opp på tørkestativ inne. Snakk om omsorg🤗Ein må alltid vere ute av herberget innan kl 8, og sidan eg no skulle fortsette å vere her, var det berre å sette seg ned på ein open bar og ta ein café con leche og vente på at byen skal vakne til liv.

Hadde sagt «ha det» til koreanarane før, i Cubo, men møtte dei att her. No var det nok endeleg, dei drog vidare, og får eit forsprang på to dagar. Trist, Jian var verkeleg ein veldig hyggeleg og morosam fyr. Ein opplever ofte fine møte på Caminoen og får vener for livet🍀

Zamora ligg på 652 moh, nær grensa til Portugal. Her er «haugevis» med kyrkjer, og med dei endå fleire storkefamiliar. Kyrkjetårn og tak er fulle av storkereir. Zamora var eitt av dei viktigaste kristne sentera på den tid, der av alle kyrkjene. Byen ligg ved elva Douro/Duero, og eg ankom byen over den fine romerske brua, la Puente de Piedra. Gamlebyen har ein mur rundt, bygd på 8-900talet for å forsvare seg.

Eg har luffa rundt i dag, sett på livet, teke buss t/r til Decatlon, 1€ kvar veg….. vore på postkontoret og sendt heim alt eg skal klare meg utan i sekken, ete menú del día som middag.

I morgon ventar eg Sunniva hit. Stas!

God morgon🌅
Deler av muren.