Carcaboso – Arco de Cáparra – Hostal de Asturias/Cáparra

Dag 21, etappe 19. Steg: 41337. 30 km

For ein flott dag! Tidleg opp, frukost på bar kl 6.30. Fekk sjå soloppgangen👍🏻

Kjøleg temperatur, nesten overskya det meste av føremiddagen, og føttene fungerer. Herleg å kjenne at ein kan berre gå og gå…

Sekken er blitt lettare etter at eg har kvitta meg med (eller sendt heim) det eg ikkje treng. No tippar eg at den er 8kg, pluss vassflaska.

Min gode ven, sekken❤️

Via de la Plata, betyr «Sølvruta», og dei meiner at denne ruta var romarane sin transportveg av sølv.

I dag møtte vi el Arco, som er ein boge frå denne tida, ein boge/ei ark med 4 ansikt, som ruva som eit spøkelse i det som var ein romersk by. No er berre steinrestar att av husa. Diverre var området avstengt då vi var der (måndag).

Nydeleg terreng å vandre i, variert, og lite asfalt heldigvis. Selskap på vegen i dag. Faktisk mange på dame etappe, heile 8 personar.

Ville dyr? Ingenting anna enn firfisler og ein slange, som skvatt til foran beina mine.

Lang etappe i dag. Hadde planlagt å gå til Oliva de Plasencia, men der var ingen ledig overnattingsstad. Då blei Hostal Asturias i Cáparra eit godt alternativ.

I morgon ventar nok ei lang etappe: Calzada de Béjar, 33,2 km.