San Pedro de Rozados – Salamanca – og halvveges.

Dag 25, etappe 23. 23,6 km. Steg: 38495.

Endeleg framme i SalamancađŸ‘đŸ» No skal eg visst vere omlag halvveges. Det er godt Ă„ tenke pĂ„. Dette er ein hard camino, eg er godt sliten i beina. I morgon har eg kviledag, og den skal nytast i opne tĂ„-sandalar😅 Dette var staden der eg skulle mĂžte Sunniva den 15.juni. Men eg hadde planlagt for god tid, sĂ„ no skal eg mĂžte henne i Zamora i staden for.

OgsĂ„ pĂ„ dagens etappe hadde eg selskap av tyske Georg. Skikkeleg surt og kaldt, kald vind. Etappen blei unnagjort utan Ă„ ha ete frukost. Avtalen med eigar av baren i San Pedro var at dei skulle opne kl 7.30. Men der kom ingen! Skikkeleg ergerlig! Ein liten muffins og ein halv banan var det vi gjekk pĂ„, til vi fekk kvar vĂ„r yoghurt av vĂ„re koreanske caminovener i Morille. EnerginivĂ„et var ikkje sĂŠrleg hĂžgt, men kom seg litt etter ein pause med ny bananđŸ‘đŸ»

Ankom Salamanca litt over 13. Verkeleg flott by, trur eg vil tilbake hit pÄ ferie ein gong. Dagens meny pÄ restaurant gjorde susen pÄ energinivÄet.

Takk for godt turfĂžlge til Georg, som vandrar vidare i morgon. Vi har berre snakka spansk pĂ„ vegen, sĂ„ det har vore god trening ogsĂ„ sprĂ„klegđŸ‘đŸ» Gler meg til kviledagen her i morgon, fĂžr eg igjen er Ă„leine pĂ„ vegen vidare pĂ„ sĂžndag🌾

Farvel til veldig vennlege koreanske caminovener.
Salamanca laaaaaangt der framme.
Salamanca.
Framme. Den romerske brua, som leiar fram til gamlebyen, med Katedralen.
Slitne bein pĂ„ rett vegđŸ‘đŸ»
Foran katedralen.
Ved inngangen til Plaza Mayor.

3 kommentarar pĂ„ “San Pedro de Rozados – Salamanca – og halvveges.

  1. Har lese gjennom nokre dagsrapportar, og ikkje minst sett pÄ alle dei flotte bilda. For ein tur dette mÄ vere! Og sÄ mykje folk du mÞter, som du garantert aldri hadde mÞtt elles. Lukke til, og god tur vidare. Eg er ikkje i tvil om at du kjem til Ä klare siste halvpart ogsÄ.

    • Takk, TuridđŸ™đŸ» HĂ„par ogsĂ„ det. Men kjenner eitt eller anna pĂ„ framsida av eine leggen. HĂ„par det blir betre etter to kviledagar. Ja, det har nok noko med korleis ein bur pĂ„ ein slik tur. Blir kjent med mange😊

    • Tusen takk, Turid. HĂ„par verkeleg eg klarar resten ogsĂ„. HĂ„par Ă„ vere ferdig med blemmer, men mĂ„ passe pĂ„ heile tida, og forebygge. No kjĂžpt is for leggen. HĂ„par den ikkje fĂžrer til problem.
      Kjekt du les bloggen❀

Kommenter innlegget