Asturianos – Requejo

Dag 37, etappe 32. 26,8 km, steg: 38077

Eg er i Requejo, og det er mindre enn 1/4 att. Eg gler meg over det, å kunne sjå at målet er nært.

Flott tur i dag. Første del til Puebla de Sanabria var gjennom eikeskog. Stopp undervegs i Palacios for ein frukost.

Har nok regna i natt.
Gamlebyen av Sanabria

Etter Sanabria var det mykje asfalt. Dårleg merking og vedlikehald av Caminoen gjorde til at eg blei leda ut på bilvegen. Hardt for beina….

Lang distanse på asfalt….😩

Men siste del var på nytt gjennom eikeskog, med nydeleg underlag.

Ei kyrkje midt ute i huttiheita.
Her har det gått folk i århundrer…..

Ankomst Requejo kl 13. Fin gammal, liten pueblo, som ligg på 1000moh. Albergue municipal med seng til 5€, er veldig basic. Men greitt for ei natt.

Middag på «Tu Casa», til 9€, med ein veldig hyggeleg eigar. Folk er veldig vennlege overalt, for det neste.

I morgon skal eg opp på Caminoens høgaste punkt, 1363 moh. før eg kjem til Lubián. Gler meg til den etappen😊

2 kommentarar på “Asturianos – Requejo

  1. Hei! So vart det soo mykje åleine- gåing?😩 Og når eg ser kva terreng du vandrar i.. hadde eg frykta slangar, firfirsler…😂
    Du er beintøff, og eg håpar at dei kommande dagane kan bli lettare.. og at de kan vere to..
    Stå på, lukke til, klem.😍

    • Det går heilt fint😊 Ikkje redd for slanger eller firfisler. Men synst det er OK å vere i lag med nokon gjennom skog.
      I dag har eg gått i lag med mine koreanske vener. Blir kok slik i morgon også🙏🏻 Nydeleg ver her no, endeleg.
      Takk for koseleg melding, Anny. Klem til deg også❤️

Kommenter innlegget