Botos – Bandeira

Dag 46, etappe 41, 23km. Steg: 34406.

Nærmar oss mål!

Vakker dag, men veldig kaldt dei første timane. Kald vind, men klart og fint.

Nydeleg landskap, og flott underlag, det meste. Gjennom skog, og over ei gammal bru, frå 950 e.Kr. Brua har “overlevd” både jordskjelv og krigar, den var viktig for samferdsla i Galicia.

Hadde planlagt frukost undervegs ganske kjapt, men når barane ikkje opnar før kl 9, må vi berre gå vidare. Fann til slutt ein som var open.

Ankomst Albergue i Bandeira kl 13. Flott kjøken, m.a., men utan noko utstyr! Dette fordi vi skal heller gå ut og ete middag, i staden for å lage middag sjølv…….

I morgon ventar Deseiro. Nest siste etappe👍🏻

Galicia er hortensia! Overalt 😊
Xunta Albergue.

4 kommentarar på “Botos – Bandeira

  1. Hei igjen, Kari!💕Tenk at no i skrivande stund, er du i gong med nest siste etappe!
    Heilt fantastisk… og eit eventyr du har hatt, men ser sjølvsagt fram til mål!🤗 Lukke til vidare,klem.❤️

      • Tøffe, uthaldande, gode Kari!❤️Gratulerer med seieren, well done!
        Betre reiseskildring enn du har laga, KAN IKKJE UTARBEIDAST!
        Soo interressant å følgje med, og eg unner deg Vitnemålet!✌️👏👏
        Ha god tur heim,vaarm klem.❤️❤️

Kommenter innlegget