Valdesalor – Casar de Cáceres. Under 3/4 att.

Dag 17, etappe 15. 23,2 km. Steg: 38490

Nok ein flott dag, med sol og varme. Fin vandring på godt underlag, også i dag. Fantastiske vidder så langt auget rekk. Hadde selskap av mine tyske vener til Cáceres. 11 km i godt selskap går fort. No var deira reise slutt i denne omgang, tilbake til jobb i Tyskland. Og eg er no åleine på vegen att. Slik er det.

Takk for hyggeleg selskap i 2 dagar🙏🏻

Gjekk vidare til Casar de Cáceres kl 12, gjennom gamlebyen av Cáceres. Rota litt for å finne vegen, dårleg merking. Truleg fordi bydelen er historisk, den blei bygd av romarane i første århundre f. Kr, står på UNESCO si verdsarvliste. Så då er det vel slik at den ikkje kan «skjemmast» med gule piler?

Etter kvart var sola begynt å varme skikkeleg, så det blei ein varm tur til målet. Litt stigning i dag, over eit høgdedrag. Framme i halv 4-tida, midt i siestaen, booka inn på Albergue de Peregrinos, 6€ for ei seng. Meget enkel standard.

I morgon ventar Cañaveral, eller kanskje Grimaldo.

Vidare mot Casar de Cáceres
Velkommen til Casar de Cáceres

6 kommentarar på “Valdesalor – Casar de Cáceres. Under 3/4 att.

  1. Gode Kari! No prøvar eg med å skrive på Kommentar.. i staden for « svar-pil»!😂😂
    Eg nyyt å lese om turane dine i varmen.. her var det – 0,5 gr. idag tidleg!
    Godt å høyre at gnagsåra har gjeve tapt..!
    Kjekt at du også har turkameratar undervegs.😊God tur vidare!,💕

      • Hei igjen! Har hatt nokre «aktive dagar» på mld og mobil i høve Jubile’et vårt v. Skei skule. Var i lag ,12 av 25 elevar som feira 50 års – jub.Eineståande!👏💕
        Difor har det vorte lite skriving her!
        Ah, du skreiv verkeleg om SLANGE ?? og firfirsle, og all slags skapningar.. Du er beintøff, Godt at du no har fått selskap… håpar at det fortset!😊😊
        So må du stå deg godt vidare, klem.🥰

      • Har selskap (ein tyskar) to dagar til, i alle fall. Lørdag kjem eg til Salamanca, to netter der. Då er tyskaren vidare. Eg møter Sunniva i Zamora neste torsdag.

Legg att svar til Anny Flatjord Avbryt svar