Dag 26: Kviledag. Steg: 22716
I dag har eg stort sett gått i rusletempo, men likevel teke ein del steg.
Eg har teke føre meg nokre av sjåverdigheitene som står på «must do»-lista: Den nye og den gamle katedralen, Bispepalasset, Plaza Mayor, den romerske brua (igjen), frosken på Universitetsveggen og Biblioteket med skjellveggen (conchas). I tillegg har eg sett på livet og teke det bra med ro…..
Plaza Mayor har no ei utstilling av portrett av personar knytt til poeten og dramaturgen Federico Garcia Lorca i høve 125 år etter hans fødsel. Utstillinga er ein hyllest til han.

Den nye og gamle Katedralen. Vanlegvis er det berre ein katedral i ein by. Men her har dei bygd ein ny i tilknytning til den gamle, slik at dei framstår som ein. Mektige bygg.





Rama Salamanca (frosken i Salamanca) på Universitetsfasaden, er ein ornamentalsk detalj, som har blitt eit ikon for byen. Det skal visst bety lukke for den som oppdagar den først i ei gruppe. Frosken sit på ein hovudskalle. Eg tippar at dette var ein kreativ spøk av den som stod for konstruksjon i si tid🤔😀 Universitetet er det eldste i Spania, frå 1218, men fasaden er frå 1500-talet.

Biblioteket er kjent for sin fasadevegg full av skjell, kjennemerket til Caminoane.

Og eg har opplevd herleg gatemusikk med cubanske rytmer.
Andre glimt:


I morgon ventar Calzada de Valdunciel, 16,4 km. Eg deler opp to lange etappar til Zamora, og brukar 4 dagar på det strekket. Beina likar nok det👍🏻
Ja, Salamanca var flott. Jeg kommer tilbake dit når jeg skal gå siste halvdelen til Santiago 😊. Jeg svarte deg på spørsmålet ditt, men er usikker på om det har nådd fram. Jeg valgte høyre veivalg og overnattet i Pedrocilla, en veldig trivelig landsby på en høyde. Og herberget hadde egen svært kjælen huskatt som hoppet opp i sengene på natta. Siste mila inn til Salamanca var dryg. Så jo katedralspirene på veldig lang avstand. Gleder meg til å følge deg videre 😊👍👣👣👣
Jo, såg svaret ditt, men etter at eg allereie hadde bestemt for den andre vegen😀
No er eg i Cube, lurer på å gå direkte til Zamora i morgon. Må sjå det an med ver og mat. Håplause opningstider for både supermarked og mogelegheit for ein matbit om morgonen, her ute i periferien😅