Dag 41, etappe 36. 26,6 km. Steg: 39007. Søndag 25.juni.
For ein dag! Forlot Alberguet kl 7. Nydeleg ver, gode Caminovener på vegen, låg an til å bli ei perfekt etappe. Fortsatt er vi i fjella søraust i Galicia. Og i dag har det vore ei slik ned og opp- etappe.


Etter 6 km passerte vi As Eiras, og der venta litt av ei overrasking: dekka opp i ein koseleg krok i vegkanten, med kaker, kaffi, nøtter, honning, juice,…. Dette var verkeleg «the chocolate of the day». Utruleg kjekt, og rørande omsorgsfullt av dei som gjer dette som honnør til pilgrimar. Gratis, men dei tek mot gåver for å kunne halde fram med dette. Vi gav raust.



Vidare på vegen – kaffi og tostada i Laza, før vegen vidare til Albergueria.
Skikkeleg stigning opp frå ca 450 moh til over 900.
Nydeleg natur, men skikkeleg varmt på slutten.
Ankom Albergueria på ettermiddagen. Koseleg fjellandsby. Her bur 17 fastbuande. Ein bar som blir styrt av den same personen som driv herberget her: Albergue El Rincón del Peregrino. Kjent for sine skjell som folk har hengt opp sidan 2004. Litt weird, men får trøyste meg med at det er mange gode ønsker formidla på desse skjella😊 Så vil tru eg vil sove godt.
I morgon Xunqueira, 21,7 km.







Du opplever virkelig mye på din vandring og treffer gilde medvandrere. Jeg skulle gjerne reist nedover med det samme og fullført Via de la Plata. Gleder meg til Galicia. Gikk gjennom Galicia på Camino Frances i 2009 og ser av bildene dine at jeg har mye å glede meg til. Her ved Arendal kommer det etterlengta regnværet, 15 mm siste timen. Buen camino! 😊👣👣👣
Tusen takk🙏🏻 Berre tre etappar att, det er nesten vemodig. Det har vore ei oppleving av dei sjeldne. Du kan glede deg😊 Og spesielt til Galicia. Eg også hugsar Galicia frå C.Frances, i 2011, men trur det er endå betre her no. M.a merkinga. Og herberga. Xunta herberga er jamt over veldig fine.
Lukke til med regnver! Vi pleier vere vel forsynte med det på Vestlandet😂