Dag 42, etappe 37. 21,7 km, steg: 30261
Vakna til skodde i dag, og overskya det meste av dagen sjølv om meldingane var sol. Men deileg vandrever.



Vi var 4 på vegen, ein galisier, dei to sør- koreanarane og meg, og vi hadde stor nytte av kunnskapen til vår nye ven frå Galicia.
Eit særmerke med Galicia er alle hórreos, små hus som har blitt, og framleis blir, brukt til å lagre/oppbevare korn og mat i løpet av vinteren. Dei er typiske her, desse små husa. Veggane har sprinkler, som sørger for god ventilasjon. Nokre slike «hus» har ein kors på taket. Kvifor? Kanskje for å sørge for velsigning av grøda? Liknar litt på våre stabbur, og står på ein slags pælar for å hindre mus å komme inn (slik våre stabbur gjorde).



Vi har også sett mange gamle «vaskestasjonar», som var viktige møteplasser for kvinnene – å komme saman, vaske klede, og utveksle siste nytt av diverse sladder😊

Frukostpause undervegs i Vilar de Barrio. Slike kjekke avbrekk gjer til at etappen verkar kortare.
Flott natur, nedstigning frå Albergueria, gjennom veldig gammal eikeskog på siste del.
Vi merkar at vi er i Galicia. Dei syner stor omsorg for pilgrimane. Dei har benkar undervegs, mange vannpostar med frisk, kaldt vatn, og merkinga er fantastisk.
I tillegg har dei offentlege Alberguer av ypperste klasse, til berre 8€ for ei seng.
Jian og Jaeik inviterte på «middag» på kvelden. Triveleg selskap. Dette måtte berre bli «the chocolate of the day»👍🏻

I morgon, Ourense, 22,1 km.








Kjære Kari!❤️Kan eg starte med å seie at vi har hatt soo nydeleg veir.. at vi har vore mykje på støylen, m. overnatting, og dermed langt frå Ipad!😂
Så: So nyydeleg lyst langt og fint hår du har fått desse vekene.. og Knallbrun !🤗😍Eg gledar meg ilag med deg over lange distansar, gode vener.. og ei skue over landskap og bygningar som ein knapt kan forstå!
Ha godt mot vidare, klem.❤️
Tusen takk, Anny🙏🏻 Kjekt at de har hatt fint ver, unner dokke kvar solstråle.
Nei, brun har eg no ikkje blitt. Men det er underordna. Men gode vener for livet har eg fått. Det er noko med måten dette fungerer på, som gjer at ein møter mange ulike, og vi blir som ei familie på vegen😊 Veldig kjekt🍀